onsdag 16. juni 2010

Oppdatering 2010 produksjon

Årets produksjon er i full gong. Eg hadde ein "fest tråa" aksjon i helga. Eg er ferdig med dei største sokkane (str 45 og 44), mangle noken damesokkar og så til ungane. Var ferdig med alle 5.9 i fjord, kan greia det i år og viss eg ikkje finne noken store nye prosjekt, men like best å ta sokkar innimellom andre ting. For øyeblikket sitte eg å vente på å bli tante (søster mi har termin i slutten av juli) for når babyen er komt, skal eg strikka noko til babyen. Men inntill det skjer blir det nok litt meir sokkar og noko i bomulstrå (har ganske masse liggande)
Når eg starta å strikka sokkar brukte eg ragge garn frå Sparkjøp, no har eg gått over til sportsragg frå Viking, ein trå eg vil anbefala. Men så prøve eg ut litt anna innimellom. Som desse sokkane i sisu. Det blir første og siste gong. Sokken blei fin, når den omsider blei ferdig. Dette er ein sokk som er 15 cm i foten, men det er like mange omgongar på bråtet som på ein str 42. Konklusjonen er; eg har ikkje tolmodighet til å strikka med så tynn trå.
Tidligare har eg og søster mi fordelt sokkeproduksjonen mellom oss, hu har strikka i tynn trå og eg i litt tjukkare. Håpe denne arbeidsdelinga kan opprettholdast, ellers må familien vår skaffe seg sokkar i tynn trå på anna måte.



1 kommentar:

  1. hehe, eg tar hintet! holde på med lappeteppe i restegarn, kanskje da blir sokkar når eg blir leie av å festa trådar der! :) fine du har strikka iallefall! karen oline helser til oslotanten sin og glede seg te neste gong hu får treffa deg og rota te nøstene ;) me snakkast!

    SvarSlett