I helga har eg vore på Hovden på familietreff, dvs søskena til pappa leige eit hus på Hovden, og så komme ein der ei helg kvar haust. På lørdags kvelden skulle me feira ein 50 års dag. Eg og søster mi blei ansvarlige for deseren, og her er den:Bærpai
Passa godt som deser til lammalår.
Og her oppskrifta til 6 stk i store stive muffinsformer
1,5 dl mjøl
1,5 dl havregryn
1 dl sukker
1 dl solsikkefrø
150 gr smør
Bland samen alle ingrediensane (tips, ta ut smøret slik at det er mjukt når du starte)
Fordel halvparten av deigen i formene, steik i 5 min på 225 gr
Bland
5 dl bær (me brukte blåbær og rips)
2 ss sukker
2ss potetmjøl (eg hadde ikkje oppi potetmjøl, og då blei dei renande, så neste gong blir det med potetmjøl)
Fordel blandinga oppi formene, ha litt karamellsaus oppi formene før du fordele resten av deigen oppå bæra.
Steik midt i ovnen 20 minutt på samme temperatur
Serveres temperert saman med is.
Og til lammalåret hadde eg plukka tyttebær som er mosa og blanda inn litt sukker.
Søndagen var det nydlig vær og me var ute å gjekk tur og eg fekk plukka med meg litt tyttebær, som no er i frysen og ventar på å bli tatt fram når eg skal servera "sose"middag
Og desse brownie muffinsane laga eg i går:
Og desse brownie muffinsane laga eg i går:
100 gr kokesjokolade
50 gr smør
2 egg
1,75 dl sukker
1,25 dl mjøl
Smelt smøret og sjokoladen, og avkjøl litt
Visp saman egg og sukker
Tilsett mjølet og smør og sjokoladeblandingen til slutt
Steik på 180 gr i 20 min.
Takk for oppskrifter! Muffins og småpai er morsomt å bake å kjekt å ha! Disse må jeg lagre:)
SvarSlettTakk for hyggelig kommentar hos meg, også! Det er første gang jeg prøver å tørke epler, har dem i stekeovnen på svak varme over tid....Jeg skal lage et innlegg om det:)
Smil fra Torunn