onsdag 22. september 2010

Is og fromasj kaka

Da våkna auga og dei som kjenne meg, har kansje sett i beskrivelsen i margen oppe til venstre på bloggen, at eg har skifta ut alder frå 25 til 26 år. Dette skjedde sist lørdag. Her er den gode bursdagsfrukosten eg fekk hos bestemor, nykokt egg, meierienes juce, godt pålegg og godt brød og sjokolade (laga av 1 l h-melk, 1 plata dronningsjokolade, litt smør og litt salt).Mobilen er lett tilgjengelig, tusen takk for smsar, telefonar og gratulasjonar på facebook. På søndagen hadde me trippelselskap, dvs, me feira meg, mamma og søster mi. Her komme oppskrifta på to enkle og gode kaker. I tillegg til dette hadde me fyrstekaka, og bestemor hadde laga firkløverkaka som eg kosa meg med på lørdagen. Fromasj kaka
Kok opp 2 pakkar gele i 7 dl vatn. Avkjøl det før du røre inn ein kartong stivpiska fløyte og 1/2 l yoghurt.
Ha det oppi ei form, med plastfolie. La fromasjen stå kaldt til den er stiv.


Daim iskaka
Stivpisk 4 eggekviter, løft inn 200 gr sukker og 250 gr hakka madlar.
Steik det i ei kakeform som er smurt og har bakepapir i botn og er 26 cm i 40 min.
Fyll:
5 dl piska fløyte med litt sukker oppi
eggeplommer med litt sukker oppi, piska til tjukk eggedosis
200 gr hakka daim sjokolade
Sett kaka i frysen

Ha ei fin helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar