tirsdag 17. januar 2012

Jakke i retrostil

Her er mitt siste strikkeprosjekt. Starta litt før jul og ferdig no, så har funne ut det er overkommelig å strikka til voksne og:) Jakka ser ganske rar ut, og spenninga var stor når eg tok den på første gong. Og eg blei veldig skuffa. Knappane stod å sprikte :( Kunne vore ein størrelse større og tettare knappar. Men kom heldigvis på ideen, å ha ein trykk knapp mellom kvar knapp. Då går det, viss ein legge litt godvilje til og strekke litt i jakka når ein tar den på.
Jakka er strikka i dobbel viking babyull.
Knappane var noken restar av ein eldre årgang dei hadde på garnbutikken som eg syns passa godt til. Om eg skal sei det sjøl, eg syns den blei fin:) og mjuk og god å ha på, spesielt at den dekke heile nakken.

2 kommentarer:

  1. Hei - syns at jakka ble kjempefin - flott farge og sikkert den deiligeste og myke kvalitet. Jeg strikket så mye klesplagg tidligere, men har ikke tålmodighet lenger dessverre - det blir bare mindre prosjekt nå. Men - jeg har nå hvert fall fullført et skjerf - offwhite alpakka - deilig og mykt!

    God kveld til deg:)

    SvarSlett
  2. Hei!
    Mor di gjekk inn på bloggen din og der såg eg bileta av den nye jakka di. Den var skikkeleg fin!

    God natt!

    Pappa

    SvarSlett