mandag 30. januar 2012

Øvresaga

Eg har gløymt å fortella kor fin julegave eg fekk hos min kjære; medlemsskap i turistforreningen, ski, skisko, stavar, "turbok, kopp og bestikk" og lakenpose. Og i helga gjekk turen til Øvresaga hytte i østmarka, ca 3 mil t/rt fra Losby. Lørdagen gjekk det veldig fint å gå, men var ikkje så kjekt med masse gnagsår på både hender og føtter på søndagen. Me skulle ta ei lettare løype tilbake, men den var vanskeligare, og når det er lite snø, måtte krypa under tre som var velta, smal løype og ein ikkje får bremsa, er det ikkje så lett å gå på ski (iallefall for meg ikkje er så god), så det var ein periode på turen humøret mitt var på minus 10. Men det blei stadig bedre når me kom på vatn og det var lettare å gå. Ca 80% av turen var å gå over vatn:)
Når me kom fram laga me meksikansk gryterett på gassovnen.
Og etter at hytta var blitt varm var det berre å setta seg ned i godstolen og kosa seg med strikketøy og yatzy speling. Da ser veldig lyst ut på bildet, men det er blitzen for det var ikkje innlagt strøm og vatn, så det var stearinlys og hodelykter som lyste opp.
Alt i alt ein fin tur, og er stolt over å ha greid å gå så langt og at det gjekk greit med 6 kg på ryggen med min nakke:)
Men me har gjort oss noken erfaringar, så neste gong blir det berre preparerte løyper:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar