mandag 30. januar 2012

Pixiehua

Eg har fleire gongar bledd forbi denne hua i oppskriftspermen min. Og sidan eg skal i to års dag neste lørdag og hadde to nøster "hverdags" fra Du store alpakka passa det fint å prøve ut oppskrifta. Eg hadde litt startvanskar, men fekk god hjelp frå damene på strikkekafeen.
Eg har funne oppskrifta på bloggen til tante T www.trikoter.no. Men syns oppskrifta var litt vanskelig å forstå, så her komme min forklaring:

Størrelse 2 år
Legg opp med dobbel trå på fire pinnar (22 masker) på kvar pinne nr 3.5. Strikk to rette og to vrange 3 cm. Strikk så to rette som før, men strikk dei vrange maskene samen (da blir det to rette og ei vrang for at halsen ikke skal bli for slakk). Strikk ca 3 cm (til under haka). Legg opp igjenn de maskene du har du felte inn. Fell seks masker foran for ansiktet (to rette, to vrange, to rette). Strikk fram og tilbake:
1 pinne: 4 rette *2 rette, 2 vrange*, 4 rette
2 pinne: 4 vrange *2 rette, 2 vrange*, 4 vrange
3 pinne: 4 rette *2 rette, 2 vrange*, 4 rette
4 pinne: 6 rette *2 rette, 2 vrange*, 6 rette
5 pinne: 6 vrange *2 rette, 2 vrange*, 6 vrange
6 pinne: 6 rette *2 rette, 2 vrange*, 6 rette
7 pinne: 8 rette osv....

Forsett sånn med å stikke med to masker meir kvar 3 pinne til det ikkje er fleire masker å ta av. Stikk samen i toppen.

Eg trur dette skal bli ei god hua og praktisk med hals. Kansje eg skal prøva å laga ei i voksen størrelse og ein gong.

1 kommentar:

  1. Hei.

    Hua blei fin, den. Veldig praktisk å sleppa å knytta og at den luner nedover halsen.
    Blir nok masseproduksjon av den, eller. . . . .

    SvarSlett