fredag 9. september 2016

Pesto og taco snurra

I går laga eg pesto og taco snurra. Det blei god kveldsmat, lunsj i dag og noken til å ha i frysen. 

Til 32 stk trenge du:
125 gr smør
3 dl vatn
3 dl melk
50 gr tørrgjær
1 ts salt
1/2 dl sukker
500 gr grovbakst
500 gr kveitemjøl

0,5 glass pesto
0,5 glass tacosaus
200 gram kokt skinke

Bland alt det tørre. Smelt smør, ha oppi veske og varm opp til 37 grader. Tilsett veska oppi det tørre og elt deigen godt. 

Hev deigen i ca 1 time

Del deigen i to og kjevl ut. Smør 0,5 glass pesto utover, og strø ca 100 gram opphakke kokt skinke utover. Rull sammen, og skjær 2 cm tjukke skiver og legg utover bakebrett. Taco snurrane lages på samme måte, men i stedenfor pesto smørre du 0,5 glass taco saus utover.  

Etterhev i ca 30 minutt. 

Steik snurrane på 220 grader i ca 12 minutt. Avkjøl på rist. 

Ha ei fin helg:)

søndag 21. august 2016

Barnedåp invitasjonar

 I dag har me sendt ut invitasjonar til dåp. Malen til dette søte kjole kortet fant eg her
Papiret er restar frå invitasjonane me laga til bryllupet vårt. Det lille strikkbandet er kjøpt på TGR. 

Ha ei fin veka :)

tirsdag 2. august 2016

Nytt familiemedlem

 Vårt nye familiemedlem kom til verden for tre veke sidan. 
 Mannen i huset har tatt over matlaginga for ein periode og det er lite energi til å vera kreativ. 
Men me er takknemlige for å ha fått ei frisk og fin jente. 

søndag 10. juli 2016

Bringebærdrøm (gluten og laktosefri)

Enkel og god dessert, som passar godt å servera no på sommaren. 

Til 4-6 porsjonar trenge du:
1 pose bringebær (400 gram) frå frysedisken
1 kartong laktosefri krem fløyte
1 pakke pikekyss (100 gram)

Ta opp bringebæra ca 1 time før servering
Pisk fløyten til krem
Ha pikekyssa oppi ein brødpose og knus dei

Resultatet blir best om du blandar samen dei tre ingrediensane rett før servering. 

mandag 4. juli 2016

Hylleblomstsaft

 No blomstrar hyllen på Moster, og eg og mamma har laga saft. Me ganga oppskrifta med 6 i år, og måtte ta i bruk alt me hadde av flasker og glas. 
Plukk 25 store blomar, skjær 2 sitroner i båtar og bland dette med blomstrane. Ha 2,5 liter vaten over. Ha et lokk oppå og la det stå i 2 døgn. Sil safta, ha safta oppi ei panne og tilsett 1,5 kg sukker og ein pose sitronsyre. Kok opp. Avkjøl safta og ha den på flasker. 

Safta kan frysast. Safta kan drikkast kald med vatn eller farris, eller varmt med vatn som te. 


søndag 26. juni 2016

Melon salat og "fettfri" potetsalat

 På søndag grilla me sommarkotelletter:) Det blei ekstra godt med disse to salatane til. 
 Melon salat (til 2-3 personar)
0,5 Cantaloupe melon, del den i bitar
0,5 agurk, del den i bitar
1 granateple, skrell og bruk dei røde "steinane"
hakka peppermyntebland
safta av 0,5 appelsin

Bland melon, agurk, granateple, peppermynteblad og tøm safta av appelsin over. 
Potetsalat
Kok ei stor potet til kvar person, avkjøl, skrell og del i bitar
Del smakfulle cherrytomater i to, ca 4 stk per person
Skjær oliven i små bitar, 2-3 per person
Finhakk litt gressløk fra hagen, eller vårløk frå butikken.

Bland samen og tilsett 2-3 ss fransk dressing (eg brukte Idun sin fettfrie). 
Lett og rask å lage og et sunt alternativ. 

søndag 19. juni 2016

Bruschetta med avokado


Ta tre brødskiver og del i 2 (gjerne grovt brød), legg dei utover et steikebrett og spray på litt olivenolje på kvar side. Steik 10 minutt på 200 grader midt i ovnen. 

Bland samen
1 model avokado, i små bitar
1 "brett" med små tomater, delt i to
1 bunt med gressløk, klipt ca 1 mm
1 håndfull frisk hakka basilikum
1 ts olje
salt og pepper
safta av 1/2 lime

Ha blandinga oppå brødskivene. 
Smakar kjempegodt no når me har sommar temperaturar. 

Ha ein fin søndag

mandag 6. juni 2016

Bukse med seler

Lillejenta i magen vokse, og eg har lyst at hu og skal få litt heimestrikka. Hu har flinke bestemødre, men kjekt å laga noko sjølv og. Oppskrifta på denne buksa er henta frå boka "Myk start". Beina ble stikka fram og tilbake, og satt inn på ein rundpinne. Eg hadde ikkje tenkt at då måtte eg stikka ein omgang rett og ein omgang vrangt for å få riller frå skrittet og opp. Men, men, kom i mål med dette prosjektet og. Buksa er i størrelse 4-8 månedar og vil vara fin til vinteren. Buksa er stikka i tynn merionoull frå sandnes garn. Viss ein skiftar ut knappane, kan buksa brukast til gut også.



tirsdag 31. mai 2016

Elgstroganoff

Me er heldige og får elgkjøtt hos svigerfar. Og sist gong me hadde middagsbesøk laga eg stroganoff gryte. Denne gryta er både gluten og laktosefri. 

Til 8 porsjonar trenger du:
800 gram innerlår/flatbiff
3 løk
ca 24 sjampinjongar
3 røde paprika
800 gr gulrot
3 boksa opphakka tomat
3 fedd kvitløk
2 ts grovmalt pepper
2 terninga kjøttbuljong
1 liter vatn
ca 4 ss maisenna til å jevne sausen
3 boksar lettrømme, laktosefri

Strimle kjøttet i 1,5*1.5 cm store terningar.
Steik kjøttet i smør på høg varme til det blir steikeskope. Ha kjøttet over i ei stor gryte
Skjær opp løk, sjampinjong og paprika. Steik i smør i fleire omgongar og ha oppi gryta samen med kjøttet. 
Ha opphakka tomater, kvitløk, gulrot i terningar, buljong, pepper og vatn oppi gryta.
La det stå og trekke i ca 30 minutt
Jevn sausen med maisenna og tilsett rømmen.

Server gryta med "boil in bag" ris. Eg reknar ein pose til 2 personar. 
Enjoy!

søndag 22. mai 2016

17.mai kake

 17. mai er over for denne gong, flagg og 17.mai leker er pakka bort, og igjen er minnene etter ein fin dag i fint vær. 

Eg laga 17. mai kake i bake it-easy kakeforma. Eg laga kaka basert på denne oppskrifta. Men laga min egen variant. 

Visp 4 egg og 1,25 dl sukker til eggedosis.
Bland 1,75 dl mjøl og 1 ts bakepulver og vend inn. 

Fyll røra i smurt form (24 cm). Steik kaka nederst i ovnen på 170 grader i 40 minutt.
Åpne døra til steikeovnen, ta av varmen og la døra stå på innerste hakk. Ta ut kaka etter ca 20 minutt. 
Avkjøl kaka på rist. 

Pisk 3 dl fløyte til krem. Bland kremen med 1 boks vaniljekesam (3dl).

Legg 2 plater gelatin i kaldt vatn i 5 minutt. Klem vatnet ut av platene og smelt i 1 ss kokande vatn. Avkjøl litt. Rør gelatin inn i krem og kesam blandinga.
Ha blandinga oppå kaka
La kaka stå ca 30 minutt før du pynte med bær.
Ha kaka kaldt (kjøleskap) i ca 4 tima, eller meir før servering (eg laga kaka 16.mai og pynta den).
Håpe du hadde ein fin 17.mai

tirsdag 10. mai 2016

Saftig gluten og laktosefri gulrotkake

Gulrot kaka er ein av mine favorittar (etter sjokoladekake), og denne syns eg ble ekstra god og saftig, tiltross for at den er glutenfri. 

Rør 3 egg og 3 dl sukker til eggedosis. 
Tilsett 1,5 dl olje.
 Bland samen 3 dl fin glutenfri melblanding, 1,5 ts kanel, 1,5 dl natron og 1,5 ts vaniljesukker. 
Rør inn det tørre i eggedosisblandinga. 

Rasp 3 store gulrøtter og 1 eple (uten skall). 
Tilsett dette. 

Ha røra oppi ei smurt 24 cm smurt kakeform. strø over 2 ss rosiner, og trykk litt nedi.  
Steik kaka på nederste rille i 1 time på 175 grader. 

Fyll:
bland samen 1 boks laktosefri philadelphia, 1 ts sitronsaft og 4-5 ss melis. 

Ha fyllet oppå kaka. Kaka kan frysast med og uten fyll. 

Håper du og syns kaka blir god:)

mandag 2. mai 2016

Kvikk lunch kake (laktosefri)

Eg har funne fram noken gamle oppskrifter, og blant dei fant eg oppskrifta på denne kaka som er både god og enkel å lage. Eg kjenner ikkje til sammenhengen mellom kaka og navnet, men har sett at Freia  har ei lignande kake som dei pynta med kvikk lunsj rundt kanten.  

Til ei langpanne trenge du dette:
5 egg
4 koppa sukker
450 gram smør uten melk
4 ts kakao
2 ts vaniljesukker
3 koppa laktosefri melk
4 ts bakepulver
8 koppa mjøl

Rør egg og sukker til eggedosis
Smelt smøret, tilsett melka og avkjøl litt
Bland vekselvis det tørre og det våte

Steik i 50 minutt på 180 grader.

Eg laga to små kakaer (20+24 cm) og då brukte eg ca 70% av oppskrifta

Glasur
200 gram melis
150 gram smør uten melk
1,5 ss kakao
2 ts vaniljesukker

Rør rom temperert smør og melis kvit, bland inn resten av ingrediensene. 
Ha fyllet oppå kaka når den er avkjølt. 

Her i huset blei kaka så populær, at eg har fått bestilling på ei langpanne kake til sommaravslutningen i barnehagen:)

mandag 25. april 2016

Lettlaga knekkebrød

 Det er mange gode "håndlaga" knekkebrød i butikken, men ingen blir så gode som dei du lagar sjølv.
Og når du laga dei sjøl, har du full kontroll på ka du har oppi. Eg har laga knekkebrød før, men disse er veldig enkle å steike. Dei to siste vekene har vore prega av sjukdom, først den eine og så den andre og så den tredje, men forhåpentligvis sleppe me ein ny runde. Eg hadde målt opp alle ingrediensene før eg blei sjuk, og då blei det knekkebrød ved 5 minutts jobb i går.

Til to brett (ca 40 knekkebrød) trenge du:
4 dl grovbakst
4 dl lettkokte havregryn
1 dl solsikkekjerne
1 dl gresskarkjerne
1 dl linfrø
1 dl sesamfrø
1 terning kyllingbuljong
7 dl vatn

Bland alle dei tørre ingrediensene. Varm opp litt av vatnet og rør ut buljongen. Bland det våte og det tørre. Smør papiret med olje. Ta deigen utover to steikebrekk (om du har litt små steikebrett kan det bli litt til overs). Del opp i ønska størrelse  på knekkebrøda med pizzarulle eller slikkepott. Sett inn begge bretta i forvarma ovn på 180 grader (varmluft). Etter 25 minutt tar du det øverste brettet nederst og motsatt. Etter 50 minutt slå av ovnen og sett opp døra halvveis, og vent mist 10 minutt før du tar knekkebrøda ut av ovnen.

Lykke til

søndag 17. april 2016

Drikkeflaske i silikon



På fredag var eg på Apotek 1, og flaska du ser bilde av over, måtte bli med heim. I følge apoteket skal flaska ha god gripeevne, være hygienisk og lett å rengjøre. Flaska er i silikon og forme seg etter hånda, det gjere den lett å drikke av, men lite barnevennlig, toåringen min sølte ut nesten halve innholdet når han ville prøve mamma si nye flaske. Det som appellerte mest til meg var teksten på flaska, dette er noko som er verdt å tenka på kvar dag, spesielt viss ein har møtt på ein motbakke.

Ha ei fin veka!

tirsdag 12. april 2016

Babyjakke i bomull


Frå august til desember strikka eg ikkje ei maske, men no etter jul, og spesielt etter at den lille inni magen har begynt å gi livstegn har eg begynt å strikke noken pinnar kvar kveld. Siden me ventar sommarbaby, har eg strikka med bomullstrå. Jakka er i størrelse 0-3 mnd, men siden bomullstrå gjorde jakka veldig elastisk, blir den stor til ein nyfødt baby, men kan forhåpentligvis brukast lenge. Samme jakka strikka eg i 2010. Oppskrifta er frå boka Myk start.
 Knappane er frå et dødsbo til ein gammal slektning. Gjenbruk er ein fin ting, og det er kjekt å tenka på at disse knappane har ho brukt før (det var 9 stykker av denne typen så eg vil tru dei har vore på ein damebluse). 

søndag 3. april 2016

Gluten og laktosefri iskake

Iskaker er kjekt, dei kan du lage på forhånd og ta opp når du trenge ei kake. Denne kaka har eg lagt ut før, men no har eg laga ein gluten og laktosefri variant.  
 
Til 24 cm form trenge du dette:
10 digestiv kjeks glutenfrie.
Kjeksa skal knusast, dette kan enten gjerast ved å bruke ein kjøkkenmaskin eller sendte mannen i huse ut i boden med kjeksa i ein brødpose, og han knuse dei med ein plastikk hammar. Kjeksa legges i botn av forma.

Pisk samen, 3 eggeplommer, 2,5 dl sukker, 1 ts vaniljesukker, 1 boks laktosefri philadelfiaost og et beger/halvt glass godt syltetøy (jordbær for eksempel).
Tips, ta osten ut av kjøleskapet litt før, då blir den lettare å piska samen med dei øvrige ingrediensene

Stivpist 3 dl laktosefri fløyte (det tar litt lengre tid enn med vanlig fløyte)

Stivpist 3 eggekviter

Bland samen innholdet i dei tre skålene og ha oppi forma
Frys kaka i minimum 4 t.
Ta den opp litt før servering, skjær rundt kanten, legg et fat oppå forma og snu rundt.