mandag 11. april 2011

Kyllingsuppa

Til to svoltne personar trenge du dette for å laga den gode suppa på bilde over: 300 gr kokt kyllingkjøtt (eg brukte salatkjøtt) 2 vårløk, eller 1/2 purre 1 løk 2 gullerøtter 1 boks hermetike tomater 2 små fedd kvitløk 1 ss olje skallet av 1/2 appelsin 1 gr safran eller 1/2 ts gurkemeie 6 dl hønsebuljong 3 poteter salt pepar 2 ss finhakka basilikum eller provencekrydder Viss du ikkje har kyllingkjøtt i småbitar, skjær det i 2-4 cm store bitar. Rens og skjær grønnsakene i små terningar. Fres vårløk, løk og kvitløk i olja (eg syns ting fort smake for masse kvitløk, så eg har oppi kvitløken i heile fedd og tar dei ut før servering). Ha i gullerøttene, tomat, appelsinskall og safran og hell over buljongen. La dette småkoka noken minutt. Tilsett potetene, og kok suppa til dei er møre. Tilsett kyllingkjøttet og basilikum til slut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar