I påsken laga eg og mamma denne kaka. Dvs, eg har prøvd å laga den ein gong før, og då fulgte eg oppskrifta som du finne her: http://trinesmatblogg.no/2008/11/pasjonsfruktkake/ til punkt og prikke (syns eg iallefall sjøl), men noko gjekk gale. Botn datt samen, fyll nummer ein kom utover kjøkkenbenken, og nr to blei aldri stivt. Men etter å ha laga den ein gong til, skjønne eg at eg har gjort noko gale, for denne gongen gjekk alt bra, så du kan trygt følga oppskrifta som du finne på linken oppforbi. Andre gongen laga me vår eigen variant, og kansje blir denne kaka med på kakebordet i konfirmasjonen til lillesøster mi om to veker. Ein stor fordel med oppskrifta på trinesmatblogg er at den er glutenfri.
Dette gjorde me:
Piske 6 egg og 1.5 kopp sukker stivt (ein skal kunna skriva ole, uten at oen har forsvunne når ein komme til een). Løfta inn 1 kopp mjøl med 1 ts bakepulver oppi. Steikte den i ca 40 min på 180 gr. NB, ein kopp, er ein liten kopp ikkje ett krus.
Når kaka var avkjølt på rist, delte me den i to, og dynka den med pasjonsfrukt juce. Me la den eine delen ned på det fatet me skulle servera kaka på, la ringen fra kakeforma rundt, og teipa den fast (hadde teip rundt heile, sånn at ikkje noko av fyllet skulle renna ut av forma.
Stivpisk 5 dl fløyte. I ei anna bolle stivpiska me 6 eggeplommer med 6 ss sukker oppi. Legg 10 gelantinplater til bløyt. Varma opp 2 dl pasjonsfruktjuce, tilsett 2 dl pasjonsfruktjuce og ha oppi dei mjuke gelantinplatene og rør dette samen. Bland samen kremen og eggeplommeblandinga og hell til slutt oppi pasjonsfruktjucen (når den er blitt litt avkjølt) i ei tynn stråle og rør med ein slikkepott. Me dekka kakebotn med denne blandinga, hadde oppå den andre halvdelen og hadde oppå resten av blandinga (hadde og litt oppi noken pasjonsfrukt skall, til pynt). Sette dette i kjøleskapet og det var stivt etter ca tre timar.
Det skal vara ca 3 dl gele, 8 pasjonsfrukter utgjorde ca 1.5 dl. Me la 8 gelantinplater i bløyt. Varma opp 1.5 dl pasjonsfruktjuce og tilsette pasjonsfrukta og 3 ss sukker og gelantinplatene. Rørte da samen, og lot da stå i eit kaldt vannbad i ca 30 min (då begynte da å bli sirup liknande og da kunne nesten smørrast oppå kaka med ein slikkepott).
Ha ei forsatt fin helg!
God morgon.
SvarSlettFlott søndagsver her vest.
Eg har vore på bloggen din og leita etter oppskrift på kjøttdeig/purre-suppe. Det står på menyen idag; seinare blir det jo fest, så det kan godt vera lettvint.
Ser jo at du har foreviga prosjektet vårt, men du har gløymt å skriva kva som skal piskast 5 dl av. . . . . . er jo ein fordel å vita det.
Ha ein fine søndag!!!!!!!!!!!!!!!!
Hei og takk for korrigering. Har retta da opp, blei ett litt langt innlegg, og så begynte avsnitta og hoppa rundt, så frykta at noko hadde blitt feil. Får håpa da går lika bra neste gong me skal laga kaka:)
SvarSlett