onsdag 31. desember 2014

Juleferie:)

 Tid til

 
Strikking
 
 
lesing
 

 bretting av stjerner

 
Lys og englar
 
 
feiring av jul og julepressangar
 
 
turar ute i snøen på vest og austlandet
tid med familie
tid med venner
tid til å sjå film
osv, osv
 
Ha ei fin nyttårsafte!
 


fredag 12. desember 2014

Bakt potet med kylling og bacon

 Sist lørdag kosa me oss med bakt potet. Eg hadde ei bakepotet per person uten aluminiumsfolie i steikeovnen på 200 grader i 1,5 time. Når potetene begynte å bli ferdige starta eg med å steike 200 gram opphakka bacon og ein halv opphakka løk. Etter at det hadde steikt i 4-5 minutt hadde eg oppi 250 gram kyllingfile i betar. Neste steg var å blanda ett halvt beger lett rømme og 2 ss sennep. Eg hadde rømmenblandinga oppi bacon, løk og kyllingen blandinga og lot det småkoke 2-3 minutt. Så hakka eg opp salat, paprika og sukkererter. La poteta mitt på tallerken og skar et kryss midt oppå poteta. Eg starta med ost nederst, så kjøtt og rømmeblandinga og ost og mais på toppen. Salaten hadde eg rundt poteta.
 
Kjøttmengdene passa for to voksne.  
 
Etter at med hadde juleverksted:)

lørdag 6. desember 2014

Kokkostopper med nøtter

Det er advent og ein kan starta på julebaksten. Her er ei kjempestor oppskrift på kokkostoppa med nøtter (ca 150 stk).

Du trenge:
7.5 dl malte hasselnøtte
500 gr kokkos
5 dl vaniljekrem
7,5 dl sukker
5 egg

Rør i samen vaniljekrem, sukker og egg og tilsett kokkosmassen og hasselnøttene.

Sett toppane med ei teskei. Steik på 200 grader i 10 minutt.
La toppane avkjøle på papiret før du tar dei av.

Når toppane er kalde, smelt 3 plater sjokolade, og smør sjokolade under toppane.
Tørk toppane før du legge dei i boks. Dei holde seg ei veka i kjøleskap, skal du ha dei i julehelga er det lurt å oppbevara dei i fryseboksen.

Ha ei fin adventstid!

torsdag 20. november 2014

Sjokoladekuler med peanøtter

Jula nærma seg og neste søndag er det første søndag i advent. På tirsdag var eg på julekakebaking hos ei venninne. I år blei det sjokoladekuler med peanøtter. Disse sjokoladekulene er frå boka "Lett som en lek - Barnas første kokebok". Ei bok eg har hatt siden eg var liten og har hatt masse glede av.
 
Til disse gode sjokoladekulene trenge du:
100 gram margarin
3 dl havregryn
1 dl sukker
2 ss kakao
1 ts vaniljesukker
2 ss kokt kaffi
 
La margarinen ligge i romtemperatur til den blir mjuk. Bland alle ingrediensane i ei skål. Når du har arbeida samen deigen, ruller du kuler med hendene, trykk opphakka peanøtter inn i kulene.
Oppbevar kulene i kjøleskap, eller frys dei, viss det er lenge til dei skal etast.
Ha ein fin kveld!


onsdag 5. november 2014

Tomatsuppe med kokosmelk

 
Ingenting slår heimelaga supper, og mange gonger går det heldigvis ganske kjapt å laga:)
Til denne tomatsuppa trenge du 0,5 løk, 1 fekk kvitløk, 1 terning grønnsaksbuljong, 2 boksa hermetiske tomater og1 boks kokosmelk (3 porsjonar).
 
Skjær opp løken og steik den i litt olje, tilsett kvitløken og tomatene. Kok opp og ha oppi ein buljong terning. La det koke i 10 minutt, fres suppa med stavmiksar og tilsett kokosmelka rett før servering.
 
Smaka veldig god med nysteik urtebagett frå Rema 1000.
Eg fant oppskrifta på ei facebook gruppe for mat til småbarn. Og ja, guten min på 11 mnd synd både suppa og bagetten var veldig god.


torsdag 23. oktober 2014

Kake og dessertkurs og såpelaging


 
Sist helg laga me såper, det vil sei, kjøpte ett sett på Panduro, smelta massen og pakka dei inn. Ein kjekk liten aktivitet å gjera samen:)
 

Sist tirsdag var eg på kake og dessertkurs hos Sverre Sæter.
Der lærte me å laga masse fint og godt:) Favoritten blei terte med pasjonsfrukt, men sjokolademoussen som eg laga var og veldig god, og med første og beste anledning vil eg laga den igjen. Kurset blei bestilt igjennom aperitiff.

fredag 10. oktober 2014

Indonesisk karry suppe

I semptember blei eg 30 år. Det blei feira fleire dagar til ende, men på sjølve bursdagen hadde me middagsbesøk og serverte suppa. Eg er tilbake på jobb, så det er mannen i huset som var kokk.
 
Til indisk karry suppa til 4 trenge du:
1 løk
1 ss karry
2,5 dl fløyte
3 dl grønnsaksbuljong
1 boks hermetisk hakka tomater
1 fedd kvitløk
 
1 boks fersken skåre i terningar
200 gram kyllingfile i terningar
1-2 dl fersken saft
 
Start med å fres ein finhakka løk og karry.
Tilsett fløyte, buljong, hakka tomat og kvitløk.
Kok i 15 minutt
 
Tilsett fersken, ferskensaft og kylling 5 minutt før servering.
Til suppa hadde me foccacia.
Eg tok utgangspunkt i denne oppskrifta.
Eg kutta ut frøa, dobla oppskrifta og hadde det i ei lita langpanne.
Eg smurte litt olje på toppen og hadde oliven og havsalt.
Foccaciaen steikte i ca 30 minutt på 225 grader.


torsdag 25. september 2014

Strikk for livet


 

Noken nøster med restar er blitt til teppe til ein nyfødt baby i Tanzania.
Teppe er 60*60 cm. Ikkje heilt rett størrelse og pinnetjukkelse, men trur det vil varma ein baby alikevell:) Du kan lesa meir om prosjektet her.  

onsdag 17. september 2014

Reke og røykelaks salat


Joker er vår nærmaste søndagsåpne butikk. Når planlegginga sviktar må me ta ein tur dit. Der har dei små lappar med ei oppskrift på. Fleire av rettane ser veldig gode ut, og er ofte raske og lette å laga.
Denne salaten er ett godt eksempel på det:) Du finne og oppskrifta her.

tirsdag 9. september 2014

Mislykka sokkeprosjekt

 

Eg fant oppskrift på sokka med sauer på, og kjøpte trå og mønster.
Eg er lite glad i å strikka mønster, men syns disse var så fine at eg ville prøva.
Når eg skulle begynne å felle til tåa, fekk eg ein innskytelse om å prøva sokken.
Sokken var blitt all for smal, og eg fekk den ikkje på meg.
Sokken er kasta

 
 og resten av tråen er brukt til å strikka sokka til lillegutt.
 
 
Tråen heiter Katia darling og er 60% ull og 40% polyamid.
Oppskrifta er kjøpt på www.maudsgarn.no

søndag 24. august 2014

Helgekos:)

 
 
 No er snart helga over for denne gang. Me har ordna litt i huset, slappa av, sett film og gått tur.
I går kosa me oss med taco pizza fra Grete Roede
 og gresk yoghurt med honning og nøtter (hasselnøtter, mandla og pistasjnøtter)
Ha ei fin veka!

onsdag 13. august 2014

Barnemat

Dagane går fort, og det blir lite tid til å eksperimenter med nye oppskrifter. Men litt barnemat blir det laga innimellom. Lillegutt er 8,5 mnd og har god appetitt.
 
Eg fekk boka barnemat! i barselgave, i tillegg får eg idear frå dei eg går i barselgruppe med.
Når eg lagar mat, lagar eg stor porsjon. I går laga eg 20 middagar.
 
Eg har prøvd meg på dette:
søtpotetmos
brokkoli og ertemos
pæremos
sviskemos
gulrot og fiskepudding mos
mos av brokkoli, blomkål og søtpotet
vårlig risotto
gyllen pasta (pasta, brokkoli, olje, smør og litt parmasan)
aprikosgrøt (havregraut og aprikoser)
pasta med laks og brokkoli
havregraut med NAN
 
Neste prosjekt blir smoothie.
Dei du får kjøpt i butikken er godt og veldig kjekke å ta med, men kostar litt viss ein bruke ein om dagen.
 
Har du noken idear til barnemat?
 

torsdag 7. august 2014

Bukse med ugle


Bukse i størelse 18 mnd er ferdig. I mangel på å kunne hekle kjøpte eg ei ugle som eg kunne stryka på, på Panduro. Knappane er frå Stoff og stil.
 
Oppskrifta er frå lanett baby 0-4 år, tema 5. 4 prosjekt frå dette heftet:) Buksa er strikka i Lanett babyull frå Sandnes garn. Buksa har fått selskap av ein genser med sau med ull på:)
 

mandag 28. juli 2014

Sjokolademuffins med integrert fyll

Lillesøster blir 18 år i august og på lørdag hadde me familieselskap. 14 store og små var samla.  Eg og lillesøster laga sjokolademuffins. Me tok utgangspunkt i denne oppskrifta. Men dobla antall egg og erstatta kulturmelka med vaniljeyoghurt. Me starta med å piske eggedosis, tilsette smøret, yoghurten og det tørre til slutt. Etter at me hadde hatt fyllet oppi muffinsformene hadde me oppå hakka 70% sjokolade og hakka cashevnøtter (til dobbel oppskrift trenge du ca 100 gram av kvar til (30 store muffins)). Muffinsane steikte me på 225 grader i ca 12 minutt.  Sjokoladen smelta i varmen når me skulle eta, og då blei det ekstra godt. 

I går laga eg og lillesøster energibar. Me brukte denne oppskrifta. I mangel på tranbær brukte me aprikos og rosiner. Dei blei kjempegode:)
No er sola komt fram igjenn og eg og lillegutt skal på trilletur. 

torsdag 17. juli 2014

Salat med reker og nudlar + knall god deser

Det er ekstra godt med salat om sommaren, og den du ser bilde av over kosa me oss med ute i sola.
Salaten er inspirert av denne oppskrifta. I tillegg hadde me oppi agurk, soltørka tomater , fullkornsnudlar og sukkererter. Me erstatta vårløken med gresløk frå hagen:)  

Ananas deser
Til denne super gode og enkle deseren trenge du ein ananas (til 3 personar), litt melis og litt mynte.
Skrell og skjær ananasen i bitar (ta vekk "stilken" i midten), legg ett lag med ananas, ha oppå finhakka mynte og litt melis (bruk dørslag). Eg hadde tre lag med ananas og avslutta med melis og mynte.  
Det blir ekstra godt om du har litt kesam med vanilje eller lime til.
 
Enjoy! 

tirsdag 8. juli 2014

Ein deig, 3 alternativ

 
Det er ikkje ofte eg bakar tre gongar på ei veka, og at eg lage samme oppskrifta har aldri skjedd før, men når eg fant denne, måtte eg prøva. Det begynte med vanlig brød, så rundstykker og til slutt brød i ultra pro forma. Eg erstatta kveitemjøl med Møllerens fibra mjøl.
 
 
Flate rundstykker er lette å ha pålegg på når ein skal ta med.
Eg brukte ei treskei og "ausa" deig ut på bakeplata.
Steikte 12 minutt på 225 grader.
Blei 20 store rundstykker av ein posjon deig.



I ultrapro forma på 3,5 liter brukte eg halv oppskrifta og blanda alt direkte i forma.
Tilsette 2 ss olje så brødet ikkje skulle henga fast i forma. Smaka kjempegodt:)
225 grader, 40 minutt med lokk og 15 uten lokk til slutt.

 
Heldige med har hatt desse to fine bukettane å  sjå på den siste veka:)
 

Ha ein fortsatt fin sommarkveld!

onsdag 2. juli 2014

Spansk omelett


Når me var i Spania åt me spansk omelett to gongar. Me syns det var veldig godt og eg ville prøva å laga det sjølv. Første gong me åt det var på Sierra Nevada og då fekk me spansk omelett med brød til. Andre gongen var på flyplassen i Alicante og då fekk me ulike typar skinke, ost og brød. Eg har laga min eigen variant med spekeskinke inni.
 
Denne oppskrifta lignar på slik me fekk det servert i Spania.
 
Eg starta med å koka 4 poteter (til 2,5 person), avkjølte, skrelte og skjær dei i skiver (og som alltid blei mine skiver for tjukke så eg skulle brukt kniven på kjøkkenmaskinen så hadde det sett litt meir delikat ut).
 
Eg smurte ultrapro forma med litt olje, la ett lag med poteter, hadde finhakka løk og kvitøk oppå og spekeskinke, nytt lag med poteter, nytt lag med løk og spekeskinke og noken potet skiver på toppen.
 
Vispa saman 6 egg og hadde oppi litt salt og pepper.
Hadde eggeblandinga over potetene.
 
Steikte i 30 minutt med lokk på forma på 225 grader.
 
Server med godt brød og tomater.
Eg hadde solsikkefrø, god olje og balsamico på tomatene:)
 
Enjoy!
 
 

torsdag 26. juni 2014

Salat





 
Me har vore i Spania i to veker og der bugne markeda over av gode grønnsaker, frukt, oliver og masse anna godt. Me var i Morsia, og det er der dei fleste grønnsakene og frukene me finne i butikken i Norge kjem frå. Med andre ord, kortreist mat, og det kjentes på smakes:)

 
Salat med skinke, ruccola, paprika, krutongar, god skinke, tomat, agurk og litt god olje.

 
Salat med tomat tomat, agurk, sjaron frukt og litt god olje
 

Klassisk salat som me bestilte på resturant.
 
Me åt salat kvar dag:)

søndag 15. juni 2014

Grilla ytrefilet av svin med steikte poteter, nektarin og salat


Me har fått oss ny grill og to dagar denne veka har grilla. Valget blei ein weber 3000, som kom godt ut i denne testen. Før hadde me ein dårleg elektrisk grill. Grilling må lærast som alt anna, og her i huset har me den "vanlige" arbeidsfordelinga. Mor planlegge, lage tilbehør og marinere og far tar sjarmøretapen og grille når gjestene er komt.  
Til 4 personar trenge du 800 gram ytrefile av svin. 3-4 timar før grilling laga du marinaden og har på kjøttet og lar det stå i kjøleskapet etterpå. Bland samen 1 dl tørre urter (dill, basilikum og rosmarin for eksempel) og salt og pepper. Bland dette med 1/2 løk og 3 ss olivenolje. Ha kjøttet oppi ein brødpose og hell blandinga over og sjå at marinaden fordele seg godt utover kjøttet.  
Vask 800 gram almodipoteter og kok dei. Sil potetene og la dei avkjøle seg litt. Steik potetene i smør, kvitløk (1 fedd finhakka), basilikum, gressløk, persille, salt, pepper og 1,5 dl hakka svart oliven.
Server potene varme.
Lag ein salat.
Eg brukte cherytomat, hjertesalat, mais, sukkererter og agurk.
Skjær 4 nektariner i båtar (4 per stk). Ha 6 ss balsamico, salt og pepper over båtane.
Ha båtane på 4 grillspyd som har vært i kaldt vatn i 30 min
Grill kjøtet på svak varme (tid avhenge av kor steikt du vil ha kjøttet og kor tjukk fileen er). La kjøttet kvila 5 min før du skjære det opp.
Grill nektarin spyda.
Server og nyt alle smakane!
Dagen læring: det smake bedre med grilla fersken enn nektarin. Fordi dei er mjukare og tar kortare tid å grilla. 
Et alternativ til grilla fersken eller nektarin er eple i båtar med honning over.
I dag har me vore å kjøpt grillspyd som kan brukast fleire gongar. Då sleppe ein å legga trespyda i vatn for å unngå brann og det er jo litt meir miljøvennlig;)

lørdag 7. juni 2014

Jentebukse og seriner


 
Strikke korga var full av halvferdige og nesten ferdige prosjekt, ein av prosjekta var denne lilla buksa som eg starta på når eg blei gravid. Eg strikka flitting fram til ultralyden når eg fekk vita at det var ein gut. Etter det har dette prosjektet lugge fint i korga, men no er den ferdig. Buksa er strikka i Hverdags frå Du store alpakka (60% fineste alpakka, 40% peruviansk ull). Buksa er størrelse 9 mnd.
 
 
Syriner er det finaste eg veit, dei luktar og ser nydelige ut!