torsdag 30. juli 2009

Nam, smoothie med bringebær (til venstre) og blåbær (til høgre). Basis ingredienser i begge er banan, yoghurt, jus og annanas. Eg har vore på ferie på Moster hos familien min no. Og eg fekk tatt i bruk kortlagingstinga eg kjøpt i Sverige. Når eg skal heim har eg nesten alltid med meg hobbyprosjekt som eg og lillesøster mi Ingeborg (13) kan holda på med. Eg syns det er veldig kjekt å laga kort med deg Ingeborg :)

Kortet i midten er laga med dekopasj (bruke ein spesiell lim for å feste serviett på papp). Prøvde først å lime direkte på kortet, men det blei ikkje bra, så skar det ut og stifta det fast.





Her har eg brukt glansbilder. Fint og enkelt

"Man taver hva men haver", er det noken som seier. Og det gjelder absolutt innenfor hobbyaktivitetar. Kortet oppe i høgra hjørna er laga av at eg har kløpt ut ein fisk frå eit dusj forheng.
No glede eg med til jentekveld hos Karina kor me skal laga enda meir kort.


søndag 19. juli 2009

Biltur til Sverige, del 2

Eit svensk fenomen er å servera mat på planke, og her er det ein biff som smakte utmerket. Servert på ein av kafeane utenfor Gkås.

Halmstad
Utsikt fra gangvei ved Villa Hehrne hotell

Utsikt fra turvei ved Villa Hehrne hotell

Me budde to netter på hotell i Halmstad (Best Western Grand Hotel) og to netter i Vånersborg. (Villa Hehrne Hotell & Konferens).
Valg av destinasjonar var litt tilfeldig, bortsett fra at me skulle sør for Gøteborg. Men begge byane var fine og byar ein kansje ikkje tilfeldig vald, viss det ikkje var for at me fant dei hotella der.
Hotellet i Halmstad var eit byhotell. I Vånersbord låg hotellet i naturskjønne omgivelsa. Med flotte tur og rekreasjons muligheter.
Vånersbord låg i nær til Kungsbakka kor dei produsere saab. Me var å såg på fabrikk områdene deiras, imponerande er det einaste ordet som er dekkande.

Biltur til Sverige, del 1

Eg har vore på fem dagars biltur i Sverige med kjæresten min og hans foreldre. Ein av høgdepunkta matmessig var Lakseresturang. Eg komme frå vestlandet og er fint vant når det gjelde fisk (har eg ialefall skjønt etter at eg flytta til austlandet), men denne resturangen passa min gane bra.
Grilla laks på spinat stuing

Laksetalerken med 5 ulike typar laks

I tilknytning til lakseresturangen låg de ein isbar med belgisk is. Ein valde kva is ein ville ha men hadde kunne velga fritt mellom 20 typar tilbehør, noko som var populært blant små og "store" barn. Dette er bilde av min is. Ein skogsbær sorbe og valnøtt is.

Utsikten fra resturangen. Det er to slike resturangar i Sverige. Den me var på låg 75 min fra grensa på Svinesund. Gå inn på www.laxsbutiken.se så kan du sjå fleire bilder, informasjon om beligenhet og sjå meir av kva dei har på menyen. I tillegg til resturang hadde dei utsalg av laksedelikatesser. Eg håpar dette konseptet snart komme til Norge.

Ein av begivenhetane på turen var å besøka Gkås, ein megastor butikk, med dei lavaste prisane eg har sett i denne delen av verden. Butikken hadde alt mellom himmel og gjord. Foruten og få noken nye innslag i garderoben enda eg opp med masse ting til å laga kort med. Glede med til å holda på med dette ut over hausten og håpar å få med noken venninder på dette.
Gkås er lokalisert i Falkenberg. Noken tips viss du har tenkt å ta turen innom.
* Mandag er det mest folk, viss mulig, velg ein anna dag.
(Me kom dit mandag kl 12, måtte leita 30 min for å finna parkering og stå i kø i 40 min for å komma inn).
* Vær fleire i bilen slik at ein kan springa rundt å leita etter parkering, og ringa når han har funne plass.
* Det er ikkje lov å vara meir enn 4000 inni butikken på ein gong, så viss du komme dit på formiddagen, kan du risikera å måtta stå i kø for å komma inn. Min erfaring var at det var mindre folk der på ettermiddagen.
* Et før du går inn, det kan ta ein heil dag før du komme igjennom butikken.
* Vær tolmodig, unnskyld er det ordet du komme til å sei flest gongar iløpet av dagen (for å komma fram med handle korga)
* Ikkje bli oppgitt viss du ikkje får sett på alt, eg har ikkje høyrt om noken som har greit det på ein dag enda.
God shooping!




Smykker

Eg fekk Georg Jensen julepynt til jul, eg syns hjerta den bestod av var så fint, at eg valde å laga eit smykke av det og monterte det på eit kjede. Dette er mitt første smykke.
Eg skulle gå i svart i 50 års dagen eg har skreve om før. Eg har lagt dette kjedet dobbelt. Består av noken store og noken mindre perler tredd inn på ein hyssing. Skulle eg bli lei av det ein dag, er det ein lett å opna det, å bruka perlene til noko anna.

Dette smykket er laga med utgangspunkt i ein av perle bøkene mine.

Dette er det smykket eg har laga og brukt lengst tid på. Drive å tenkt ut korleis eg kan laga eit hårband som er bygd opp på samme måte og som er relativt funksjonelt.






lørdag 18. juli 2009

50 års dag på Ryvarden fyr

Feiring av 50 årsdagar

13 juni 2009 feira me (eg, lillebror min 21, lillesøster 12 og storesøster 27) mamma og pappa sin femtiårsdag. Feiringa fant stad på Ryvarden fyr, ca 20 min kjøretur nord for Haugesund. Også kjent som nermaste nabo til Sleipner forliset. Legge ut nokre bilder fra dagen og litt informasjon om korleis me gjorde det. For dåke som var der kan de vara kjekt å mimra, kansje noken kan henta noken tips viss dei skal arrangera noko tilsvarande, eller noken får lyst til å besøka Ryvarden fyr (det er kafe der kvar søndag, og fin gangvei ut dit).

Her er litt av utsikten veien ut til fyret har å by på, som det framkomme av bildet, var det nydeleg vær denne dagen.

Me syns borda var så fine at me valde å ikkje bruka duka. Eg laga serviettringar. Tvinna ein tynn streng rund ei oval flaske ca tre gongar og så festa eg tre perler på strengen før eg festa tråen, syns sjøl det var veldig lurt, for ein trenge meir en ein serviett når ein skal eta reker. Bordkorta bestod av ein stein kor me skreiv navnet på. Blomster er det søster mi hadde i hagen.

Menyen bestod av reker, egg, maiones, salat, sitron, smør og spiralloff. Til drikke hadde me minneralvann og cider.
Me hadde beregna 0.5 kg reker, 2 egg og 5 skiver loff per person, men det var for masse.
Såg ikkje dette godt ut? nam... fruktsalat med melon, epler, druer, mango, appelsin og annanas.
Kaffibordet bestod av: bestemor si firkløverkaka (ingen er bedre), fruktsalat, brownies, ostekake, kransekake (farmor sin spesialitet), dronning maud pudding, diabetikker bløtekake, glutenfri kake og stor rektanguler marsipankake som me hadde bestilt.


I tillegg til kaker, kaffi og brus hadde me nøtter og klassisk blanding plasert rund om på borda.

Viss eg skal laga ein konklusjon på beregning av mat er det at me hadde beregna alt for masse. Men bortsett frå det, smakte det godt, gjestene var fornøyde og foreldra mine blei veldig overraska (dei viste ikkje noko om dette, bortsett frå at dei måtte setta av denne dagen), og syns dette var ein kjempekjekk dag.