lørdag 31. juli 2010

Tanteboller

Etter fire dagar med bruktbart ver, har veret på Bømlo skifta til overskya, duskregn og masse regn, og da skal det vara ei stund framover.
I går laga eg og bestemor boller. Eg kalla dette for tanteboller, oppskrifta har sikkert eit anna navn, men det er tante som har introdusert oppskrifta i vår familie og brukt den masse. Det som er spesielt i denne oppskrifta er at ein bakar ut bollene med ein gong ein har laga deigen, og så heving. Eg fekk 32 vanlige boller (store) og 12 kanel i svingande ut av dette:
250 gr melis
300 gr smør
1 l H-melk
100 gr gjær
1.5 kg kveitemjøl
salt kardemomme
Kok opp smør, melis og delar av melka. Rør ut gjæren i litt av veska. Tilsett gjæren når veska har ein temp på 37 gr. Ha i resten av ingrediensane. Elt deigen godt saman.
Trill ut bollene
Hev i 2 timar
Pensl bollene med egg
Steik på 225 gr i 10-15 min (ovnavhenging)
Tips: Er du usikker på om bollene er ferdige, snu ei bolle på brettet i ovnen, og bank på den på undersida med ein finger eller kniv, er det ein hol lyd, er bollene ferdige.
Og ein smakebit frå hagen:

....og grøftekanten

Ha ei fin helg!

onsdag 28. juli 2010

Malta

Hei, no er eg tilbake i Norge etter ti dagar på Malta på trim og velværeferie.
Og det har det vore, å ligge på ein solsengene på bildet under er velvære og slikke sola er velvære i min verden, inkludert god mat, trim to gonga om dagen og nye venner (kjente ingen i reisefølge før turen)

Bassenget låg i tilknytning til sjøen. Temperaturen var 38 grader i skyggen, med skyfri himmel og vindstille. Bassenget hadde temperatur på 30 grader og sjøen var litt kaldare, 25 vil eg tru (ukvalifisert gjetting)



Eg hadde rom i 6 etasje og såg ned på bassengområdet og over til flotte murbygningar i Vallett

I tillegg til "solslikking" og bading var me på noken tura, her på båttur til ein blå lagune.
Vatnet var heilt klart


Og ein fekk sjå grotter

Ein anna dag CitySightseeing buss, og her er noken bilder frå stoppet i Mdima. Kjent som "the silent city". I gatene traff ein flest gåande, noken hesteteksia og noken få fastbuande som kjørte rundt (kunn dei som hadde lov)


Me fant ein koselig kafe, med heimelaga kaker. Sjøl om det var veldig varmt, smakte denne sjokolade og valnøtt kaka fortreffelig.



Og her er turisten




I tillegg til turar og shooping (mange bra butikka) testa eg ut spa-avdelingen på hotellet.
Her åt noken fiska vekk dø hud på beina mine. Og som du ser, dei fant litt.



Tiltross at det var tørt og karrig der, var det mange fine blomstra. Havairoser vaks i buskar.




Kaktuasar som tre


Hotellet hadde bufe, Thai, Indisk, Italiensk og kontinentar resturang. Her var det masse godt å velga mellom i tillegg fekk åt eg gode saltar til lunch. Med andre ord, masse god mat.





Islatte, ny favorittdrikk i varmen


Og til slutt, ett bilde av meg siste kvelden.

Håpar du og har fått lyst til å reisa til Malta no :)

tirsdag 13. juli 2010

3 dagars meny

Eg har hatt besøk av familien (mamma, pappa, bror og søster) i tre daga. Eg har syns me har har hatt god mat, så her komme menyen:
Lørdag
Heimelaga pizza med grov botn
og salat som bestod av: lettkokt nykål og rucola salat, med olje balsamiko eddik
1/2 parten med pølsa, champingjong, annanas, ost og løk
Andre 1/2 parten med kjøttdeig, tomat, mais, løk og ost
Smurte opphakka tomater med basilikum utover botn før eg hadde oppå fyll.
Og som du ser på dette bildet, eg like best å laga mat når alt er klart på forhånd.
Deser:
Heimelaga is med rørte jordbær og norske jordbær og moreller
Oppskrifta er den samme som eg har lagt ut før, men bytta ut daim og kaffi med rørte jordbær
Søndag:
Salat med brokkoli, kokt sommarskinke, soltørka tomater, fetaost, cherry tomater, vårløk, potetbåtar (inspirert av potetsalaten til Trines mektige matblogg) og loff frå Åpent bakeri.

Planen var å laga alt oppi ei skål, men fant fort ut at skåla var for liten. Så eg la opp 5 porsjonar. Ein kan laga god mat, men det har mykje å sei korleis ein legge den på tallerken.

Og her er skåla:

Til kaffien hadde me marmorkaka som eg fekk av bestemor når hu var på besøk. Tiltross for at hu seie at hu har "komt vekk frå å laga mat", er dette ett eksempel på at den påstanden ikkje stemme. Med målehjelp (pågrunn av dårlig syn) lage hu veldig gode kake.


Mandag:
Fiskegryte med nypoteter
800 gram frossen frossen torsk i blokk
6 dl yoghurt naturell
1 tube rekeost
2 små boksar mais
1 purre
salt
Legg fisken i ei ildfast form, dryss over litt salt. Bland alle dei andre ingrediensane og slå det over fisken. Steik fisken i ovnen ved 180 grader i ca 50 min.

Og til deser:
Peach bliss
2 porsjonar:
2 dl melk
225 gr hermetisk fersken
2 friske aprikosar (viss du bruka tørka, ha dei i kokande vatn til dei blir mjuke)
400 gr jordbær
2 banaer
Bland alt i ein blender
Og no er dei reiste, leiligheten rydda og vaske, og kofferten min pakka. Eg reise til Malta på trim og velværeferie i mårå, så det blir stille på bloggen, og eg oppholde meg her: http://www.hotelfortina.com/
Ha det fint så lenge!

lørdag 10. juli 2010

Konkurranse

Og vinnaren er AKE!
Gratulera!

mandag 5. juli 2010

Rabarbra pai

Sist helg var eg heima for å feira att det var 10 år sidan eg var ferdig med ungdomsskulen. Det var kjekt å treffa igjenn folk, mange eg ikkje har sett på 10 år. I tillegg til rejuniumen fekk eg tid til å laga rabarbra pai, med rabarbra frå hagen (kortreist mat på sitt beste)
Rensk og skjær rabarbraen i bitar.
Bland samen 200 gr kveitemjøl, 200 gr sukker, 200 gr smør og ha over. Ha det over rabarbraen og steik på 200 gr til den er gyllen.
Server med is
Og her kjeme litt blomsterbilder frå hagen vår og frå nausttomta:




Ha ein forsatt fin mandag!