fredag 27. mai 2011

Pizzaboller

Sist lørdag var eg på piknikk i Botanisk hage. Eg hadde med pizzaboller, foruten "dø" tid (heving, steiking osv) gjekk da veldig fort og laga dei og dei blei veldig gode.


Start med å laga ein gjær deig, til 10 store pizzaboller trenger du dette:

300 gr kveitemjøl, 250 gr grovbakst blanding, 50 gr gjær, 1 ts salt, 2 ss olivenolja og 3 dl lunka vatn.


Eg brukte tørrgjær og starta med å blanda alt det tørra, tilsatte vatn og olja, og jobba med deigen til den fekk fin konsestens og var elta godt. Deigen hevde i ca 45 min. I mens laga eg ein pakke med meksikansk pizza saus og avkjølte den (varm saus på deigen gjere at deigen blir vanskelig å trilla samen og skjera i bitar) og raspa ein boks bogskinke.



Kjevla ut deigen, smurte utover sausen, la skinkebitane utover. Trilla deigen samen og skar i tjukke skiver.
La bollene på steikeplate med papir og hadde oppå raspa ost (eg hadde litt raspa ost for hånd, viss ikkje er da nesten bedre å bruka skiver med ost, for då får ein ikkje så masse svinn (ost som blir liggande mellom bollene))

Steikte bollene på 225 gr i 25 minut.
Etter max 30 minutt effektiv jobbing (då var kjøkkenet rydda og), låg 10 pizzaboller til avkjøling på rist.


Det var masse fint å sjå på i Botanisk hage, ny piknikk på slutten av sommaren er allerede planlagt og då er det sikkert heilt andre blomster å sjå på.


fredag 20. mai 2011

Farging av ull

Eg har erga meg over at ei av ullundertrøyene mine ikkje er så fine i fargen lenger, og har ein stor flekk. Har tenkt på at eg kunne prøva å farga den, men det blei med tanken, heilt til eg såg at nøstebloggen skulle testa ut ulike måtar og farga ull på. Konklusjonen av dei fire typane hu testa ut fin du her


Valget mitt falt på Herdins textil color fra Jernia, for da såg enklast ut. Eg fulgte framgongsmøten som du fin her. Eg vog ikkje tøyet før eg farga det, men i tillegg til ei langarma ullundertøye blei 3 bodyar, ei ullundertrøye uten arm og eit lite teppe med. Etter advarslar frå nøstebloggen og frykt for å ødelegga noko, holdt eg på i hagen til foreldra mine. Pappa utstyrte meg med varm kjeladress (for eg måtte jo vara ute å passa på dette i over ein time:)), kokeplata, 18 l panna og var i nærheten når eg trengte ei hjelpande hånd. Foruten det som står i bruksanvisningen, la eg noken stenar oppå ullet, slik at det ikkje skulle flyta opp.
Og her er resultatet:


Eg syns alle tinga er blitt finare, og som forventa blei ikkje saumane blå. Og ikkje skjønnar eg heilt koffor fargen blei så skjoldete og at på den eine bodyen var det ein flekk i halsåpninga, eg veit ikkje kva det var, men noko spesielt, for det området blei ikkje farga.

No er kleda vaska i maskinen, og pleddet blir med på piknikk i mårå.

Takk for hjelpa pappa! (og om noken skulle lura, er ikkje faren min genuint intresert i ullfarging, men det var ein kompromi. Eg hjelpte til med konfirmasjonen og han hjelpte meg med farging).





Ha ein forsatt fin lørdag!

mandag 16. mai 2011

Konfirmasjonsmeny

Søndag 15 mai blei min kjære lillesøster konfirmert.


Gratuelra med dagen, Ingeborg!


På bildet over ser du hu, i sin fine sunhordlandsbunad. Eg har nesten lik sjøl, men med anna mønster og farga på smikka og beltet. Foruten desse to variantane, er bunaden vanlig med både grønn og rød vest og smikke/belte. Selskapet blei holdt i Moster Amfi. Borda var fint pynta med sølv serviettar, bordkort som serviettringar, margarittar og roser til blomster, telys i sandkakeformer og høge lys.



Til mat hadde me koldtbord. Levert av Marinaden på Bremnes. Ein av kokkane på Marinaden , er læraren eg hadde når eg gjekk på grunnkurs hotell og næringsmiddelfag. Hu er veldig flink, og Marinaden (eksklusiv matbutikk/kafe/catering), er verdt ett besøk om ein er på Bremnes. Valget stod mellom eit "tradisjonelt" og ein litt meir "moderne" sammensetting. Lillesøster valgte sistnevnte, og det bestod av følgande:




Mandelsteikt kyllingbryst


Krydra kjøttboller


Karbonader (mamma spesial)


Potetstappe


Røykelaks


Urtemariert svinefile


Spekemat


Reker i småglass


Innbakt tacopizza


Eggerøre


Potetsalat


Pastasalat


Waldorfsalat


Gresk salat, tzatsiki


Loff, heilkornbrød og tomat/urteloff




Kakene laga me sjøl, eller rettare sakt, farmor laga kransekaka, bestemor firkløverkaka og sukkerbrød til pasjonsfruktkaka, svigermor til søstera mi lefsene, marsipankaka var kjøpt, after eight kaka av ein nabo, ostekaka av tante, oriokaka søstera mi, men resten gjorde meg og mamma. Eg fekk friska opp gelantinkunnskapane mine og storkoste meg. Det blei desverre ikkje tatt noken bilder av kakebordet, så bildet over er frå "restefesten", og pavlovan og oriokaka var oppeten.




Desera



Sitronfromasj


Dronningmaud pudding


Karamellpudding (oppskrift)

Kaker




Marsipankake med brinebærfromasj


Pavlova (oppskrift)


Oriokaka (oppskrift)


Firkløverkaka (oppskrift)


Pasjonsfruktkaka (oppskrift)
Kransekaka


Aftereight kaka (oppskrift)


Ostekaka (oppskrift kommer snart)


Lefser med smørkrem




Alle som var innvitert kom, konfirmanten fekk masse fint, koldtbordet var godt, ein fekk god avkastning på kakene (hjelpte godt på med 13 stk på restefest på mandagen) og lillesøster og resten av familien som var samla ser tilbake på ein fin dag.




tirsdag 10. mai 2011

Ka ete du til frukost?

Eg er blant dei som ikkje tenke så masse over ka eg ete til frukost, det vil sei, må ha mat i magen, men gidde ikkje å laga noko innbydande brødskiver, og da skal helst gå litt fort. Frukostblanding har blitt ein god løysning på dette. Har prøvd ut litt forskjellige, da sista året Cheerious. Har hatt på følelsen at denne ikkje er blant dei sunnaste, og dette fekk eg bekrefta i tabellen på bildet under (fra kokeboka "ketsjup er ålreit" av Kari Jaquesson). Cheerious får to sure fjes (tabellen er rangert med dei som er totaltsett sunnast øverst), tiltross for at dei reklamere med 78% fullkorn på pakken, sånn at da ialefall ser sunt ut. Fullkorninnholdet er høgt, faktisk høgare enn på Special K Classic, men har desverre tilsatt 21 gr sukker per 100 gr. Og eta produkt som har så masse tilsatt sukker kvar dag, prøve eg å unngå.
Men å eta "berre" havregryn eller 4 korn er uaktuelt. "Løysninga" har blitt 4 korn med denne nøtte og fruktblandinga (mandlar, rå cashewnøtter, tørka mango og banan). Ingrediensane kjøpe eg på fruktbutikken i Kirkeristen neders i Karl Johans gate.
Dei har masse spennande på fruktbutikken og da variere litt ka eg kjøpe og har oppi blandinga. Ett lite obs, obs, ein del av frukta er tilsatt sukker, så spørr for sikkerthetsskyld dersom du ikkje vil ha det.

Har prøvd meg på å tørka bananer sjøl, men da blei ingen sukse. Ikkje blei da heilt tørt, og det måtte stå veldig lenge i steikeovnen (masse energi). Men da skal finna ein maskin for dette, om du vil starta egenproduksjon.

lørdag 7. mai 2011

Smikker

Etter å følt med på bloggen hobbyrommet og sett alle dei fine smikkene hu har laga og som du kan sjå her: http://kreakris.wordpress.com/category/hobbyprat/s%c3%b8m/smekker/ har eg tenktat dette må eg og læra meg. Kan gjerast enkelt og er ein nyttig ting å få for dei søte små. Som sakt som gjort, starta med å tegna av ei smikka til ein av niesene mine. Og her gjorde eg første feilen, eg bretta ikkje oppskrifta for å sjå at da blei symetrisk. Når eg skulle laga smikker med for, blei dette heilt feil, og eg måtte kløppa vekk ein del for å få kantane til å gå kant i kant. Men da kan jo vara nyttig med små smikker og..:) Nest steg var å klippa ut vatt til å ha inni smikkene (klipte ut lika stort som smikkene). Eg sydde saumar på skrå på grisesmikka og gjennom blomstrane på den lilla, for at vatten skulle holda seg på plass. Og sjøl om eg brukte masse knappanåler, var ikkje dei tre laga kant i kant når eg var ferdig, så eg måtte klippa litt til.


No gjenstod skråbanda, men då viste da seg at da var ganske vanskeli å sy skråband på ei smikke så hadde så store "svingar". Grisesmikka var førsteman ut, og etter denne klippa eg litt meir av den blomstrete oppe, for at det skulle bli både lettare og finare.







Egentlig burde dette innlegget vore skreve i me eller mamma form. For desse smikkene blei til ein søndag hu var hos meg. Eg hadde kløpt ut, men bortsett for da og sy noken saumar for å festa vatten, var det mamma som gjorde resten. Grunnen til at da blei slik, var for da førsta at eg var i dårlig form denne dagen og orka nesten ikkje sitta oppreist på ein stol, og at mamma er veldig flink å sy. Takk for hjelpa og god opplæring!




Og etter god opplæring og at helsa heldigvis sakte,sakte begynne å gå rette veien, komme da nok meir smikker om ikkje så veldig lenge.




Ha ein fin søndag!