onsdag 24. juli 2013

Jordbær

Sist helg vaGr me i Trysild på hytta. På lørdagen skulle me ut å sjå etter multe, men etter å ha vore 3 plassar og sett, gav me opp. Me var ei helg eller to for tidlig ute, multen var fortsatt kart. I stadenfor kjøpte me ein kasse jordbær. Eg starta og renska og ikkje lenge etterpå fekk eg ein god hjelpar som både renska fortare enn meg, og som stod for syltetøy produksjonen.
med god hjelp av vår nye venn Kenwood kjøkkenmaskin som me fekk til bryllupet. Me bruke denne oppskrifta:
3 korger bær
3 dl sukker
1/2 sitron eller 2 ss sitronsaft
1/2 pakke frysepulver.
Bland alt samen i foodprosessoren eller smoothie kolben (som me gjorde).
Mesteparten gjekk til syltetøy, og noko blei fråsen til smoothe og desser.
Frå me starta til kjøkkenet var i orden igjenn brukte me 2 timar. Og me hadde små (men søte) bær.

tirsdag 16. juli 2013

Genser og bukse til 2 åring

Og endelig blei genseren eg har holdt på med i 3 mnd ferdig:) Guten som skal få dette settet blei født i slutten av desember 2012. Det er fint eg har strikka i størrelse 2 år, slik at det er passelig når han får det.
 
Oppskrifta er henta frå Sandnes garn sitt hefte nummer 1107 (mandarin baby). Genseren bruke mønsteret på t-skjorta på tema 3 og oppskrifta på genseren på tema 4. Både buksa og genseren er strikka i baby ull frå Viking.  Genseren er åpen på eine sida, det tar tid og strikke fram og tilbake, men blir veldig lett å få over hove for ein liten krabat. I splitten har en treknappar med sauer på.
 Neste prosjekt ut er ett babyteppe med denne tråen:
 
Ha ein fin sommardag!

tirsdag 9. juli 2013

Gazpacho og havrekjeks

Det er sommer, det er sol:)
og i går hadde me gazpacho til middag.
 
Gazpacho er ei kald tomatbasert suppe frå Spania. Den lages ved å blande alle ingrediensane i en blender og sette suppa kaldt.  
 
Til 3 porsjonar trenge du: 8 store smaksrike tomater, 1 paprika, 1 fedd kvitløk, 1/2 chili uten frø, 2 ss sukker 1 ss sherryeddik og 2 ss olivenolje extra virgine.
(er du ikkje glad i sterk mat, ta litt mindre kvitløk og chili)
 
Me hadde ferske solsikkerundstykker til suppa.
Oppi suppa hadde me mais, agurk, skinke og fetaost.
 

På søndag bakte me havrekjeks. Kjeksen kan etast med god samvittighet og er perfekt når ein har lyst på ett mellommåltid. 

Til 8 hjerter og 30 runde kjeks trenge du: 5 dl havregryn som trekke i 2 dl melk, 2 dl kveitemjøl, 50 gr smelta smør, 1/2 ts salt, 1 ss sukker og 2 ts bakepulver.
 
Bland alle ingrediensane og kjevl ut til 3 mm. Stikk ut hjerter/rundingar med ett glass
 
Steik i 12 minutt på 200 grader.

mandag 1. juli 2013

Sokkar og bukse

Etter å ha strikka titals sokkar, har eg no kjøpt sokkar hos andre som strikkar.  Min bedre halvdel har lenge ønska seg nye sokkar, og når kveldane går litt for fort og eg heller har lyst og strikka andre ting, kjøpte eg.
 
Eg har akuratt fått ferdig ei bukse i størrelse 2 år. Eg begynt på ei oppskrift som skulle vera rette og vrange masker, men gjekk fort over til glattstrikk.