mandag 23. desember 2013

mandag 9. desember 2013

Fried rice med kjøttdeig og mandarin smoothie


Det er lite tid og overskudd til å eksperimentere på kjøkkenet om dagen, men middag må me ha og her er min variant av fried rice med kjøttdeig (inspirert av ei oppskrift eg fant i Tara smak som me fekk i søndagskalenderen:)).
 
Til 3 svoltne trenge du: 3 egg, 0,5 ts kvitløkspulver, o,5 ts ingefær, 1 pakke kjøttdeig, 2 pakka boil in bag ris, 3 raspa gullerøtter, 1 pakke sukkererter i betar og 1 paprika i betar.      
        
1. Kok risen.                                                                                                                                        
2. Pisk egga. Steik på høg varme med litt olje under konstant omrøring. Ta eggemassen ut av steikepanna.                                                                                                                                            
3. Varm opp olje i steikepanna tilsett kvitløkspulver og ingefær. Tilsett kjøttdeigen og steik den.
           
4.Tilsett resten av ingrediensene og steik under omrøring til alt er gjennomvarma.          
                         
5. Smak til med salt og pepar.
 
Mannen i huset har begynt og laga smoothie, og resultatet er veldig bra og veldig annerledes enn dei eg pleier å laga. Her har han laga med banan, mandarin, mang og appelsinjuce. Til to glas brukte han 1 banan, 1 mango, 3 mandariner og juce.