søndag 26. juni 2016

Melon salat og "fettfri" potetsalat

 På søndag grilla me sommarkotelletter:) Det blei ekstra godt med disse to salatane til. 
 Melon salat (til 2-3 personar)
0,5 Cantaloupe melon, del den i bitar
0,5 agurk, del den i bitar
1 granateple, skrell og bruk dei røde "steinane"
hakka peppermyntebland
safta av 0,5 appelsin

Bland melon, agurk, granateple, peppermynteblad og tøm safta av appelsin over. 
Potetsalat
Kok ei stor potet til kvar person, avkjøl, skrell og del i bitar
Del smakfulle cherrytomater i to, ca 4 stk per person
Skjær oliven i små bitar, 2-3 per person
Finhakk litt gressløk fra hagen, eller vårløk frå butikken.

Bland samen og tilsett 2-3 ss fransk dressing (eg brukte Idun sin fettfrie). 
Lett og rask å lage og et sunt alternativ. 

søndag 19. juni 2016

Bruschetta med avokado


Ta tre brødskiver og del i 2 (gjerne grovt brød), legg dei utover et steikebrett og spray på litt olivenolje på kvar side. Steik 10 minutt på 200 grader midt i ovnen. 

Bland samen
1 model avokado, i små bitar
1 "brett" med små tomater, delt i to
1 bunt med gressløk, klipt ca 1 mm
1 håndfull frisk hakka basilikum
1 ts olje
salt og pepper
safta av 1/2 lime

Ha blandinga oppå brødskivene. 
Smakar kjempegodt no når me har sommar temperaturar. 

Ha ein fin søndag

mandag 6. juni 2016

Bukse med seler

Lillejenta i magen vokse, og eg har lyst at hu og skal få litt heimestrikka. Hu har flinke bestemødre, men kjekt å laga noko sjølv og. Oppskrifta på denne buksa er henta frå boka "Myk start". Beina ble stikka fram og tilbake, og satt inn på ein rundpinne. Eg hadde ikkje tenkt at då måtte eg stikka ein omgang rett og ein omgang vrangt for å få riller frå skrittet og opp. Men, men, kom i mål med dette prosjektet og. Buksa er i størrelse 4-8 månedar og vil vara fin til vinteren. Buksa er stikka i tynn merionoull frå sandnes garn. Viss ein skiftar ut knappane, kan buksa brukast til gut også.