mandag 6. juni 2016

Bukse med seler

Lillejenta i magen vokse, og eg har lyst at hu og skal få litt heimestrikka. Hu har flinke bestemødre, men kjekt å laga noko sjølv og. Oppskrifta på denne buksa er henta frå boka "Myk start". Beina ble stikka fram og tilbake, og satt inn på ein rundpinne. Eg hadde ikkje tenkt at då måtte eg stikka ein omgang rett og ein omgang vrangt for å få riller frå skrittet og opp. Men, men, kom i mål med dette prosjektet og. Buksa er i størrelse 4-8 månedar og vil vara fin til vinteren. Buksa er stikka i tynn merionoull frå sandnes garn. Viss ein skiftar ut knappane, kan buksa brukast til gut også.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar