søndag 21. august 2016

Barnedåp invitasjonar

 I dag har me sendt ut invitasjonar til dåp. Malen til dette søte kjole kortet fant eg her
Papiret er restar frå invitasjonane me laga til bryllupet vårt. Det lille strikkbandet er kjøpt på TGR. 

Ha ei fin veka :)

tirsdag 2. august 2016

Nytt familiemedlem

 Vårt nye familiemedlem kom til verden for tre veke sidan. 
 Mannen i huset har tatt over matlaginga for ein periode og det er lite energi til å vera kreativ. 
Men me er takknemlige for å ha fått ei frisk og fin jente. 

søndag 10. juli 2016

Bringebærdrøm (gluten og laktosefri)

Enkel og god dessert, som passar godt å servera no på sommaren. 

Til 4-6 porsjonar trenge du:
1 pose bringebær (400 gram) frå frysedisken
1 kartong laktosefri krem fløyte
1 pakke pikekyss (100 gram)

Ta opp bringebæra ca 1 time før servering
Pisk fløyten til krem
Ha pikekyssa oppi ein brødpose og knus dei

Resultatet blir best om du blandar samen dei tre ingrediensane rett før servering. 

mandag 4. juli 2016

Hylleblomstsaft

 No blomstrar hyllen på Moster, og eg og mamma har laga saft. Me ganga oppskrifta med 6 i år, og måtte ta i bruk alt me hadde av flasker og glas. 
Plukk 25 store blomar, skjær 2 sitroner i båtar og bland dette med blomstrane. Ha 2,5 liter vaten over. Ha et lokk oppå og la det stå i 2 døgn. Sil safta, ha safta oppi ei panne og tilsett 1,5 kg sukker og ein pose sitronsyre. Kok opp. Avkjøl safta og ha den på flasker. 

Safta kan frysast. Safta kan drikkast kald med vatn eller farris, eller varmt med vatn som te. 


søndag 26. juni 2016

Melon salat og "fettfri" potetsalat

 På søndag grilla me sommarkotelletter:) Det blei ekstra godt med disse to salatane til. 
 Melon salat (til 2-3 personar)
0,5 Cantaloupe melon, del den i bitar
0,5 agurk, del den i bitar
1 granateple, skrell og bruk dei røde "steinane"
hakka peppermyntebland
safta av 0,5 appelsin

Bland melon, agurk, granateple, peppermynteblad og tøm safta av appelsin over. 
Potetsalat
Kok ei stor potet til kvar person, avkjøl, skrell og del i bitar
Del smakfulle cherrytomater i to, ca 4 stk per person
Skjær oliven i små bitar, 2-3 per person
Finhakk litt gressløk fra hagen, eller vårløk frå butikken.

Bland samen og tilsett 2-3 ss fransk dressing (eg brukte Idun sin fettfrie). 
Lett og rask å lage og et sunt alternativ. 

søndag 19. juni 2016

Bruschetta med avokado


Ta tre brødskiver og del i 2 (gjerne grovt brød), legg dei utover et steikebrett og spray på litt olivenolje på kvar side. Steik 10 minutt på 200 grader midt i ovnen. 

Bland samen
1 model avokado, i små bitar
1 "brett" med små tomater, delt i to
1 bunt med gressløk, klipt ca 1 mm
1 håndfull frisk hakka basilikum
1 ts olje
salt og pepper
safta av 1/2 lime

Ha blandinga oppå brødskivene. 
Smakar kjempegodt no når me har sommar temperaturar. 

Ha ein fin søndag

mandag 6. juni 2016

Bukse med seler

Lillejenta i magen vokse, og eg har lyst at hu og skal få litt heimestrikka. Hu har flinke bestemødre, men kjekt å laga noko sjølv og. Oppskrifta på denne buksa er henta frå boka "Myk start". Beina ble stikka fram og tilbake, og satt inn på ein rundpinne. Eg hadde ikkje tenkt at då måtte eg stikka ein omgang rett og ein omgang vrangt for å få riller frå skrittet og opp. Men, men, kom i mål med dette prosjektet og. Buksa er i størrelse 4-8 månedar og vil vara fin til vinteren. Buksa er stikka i tynn merionoull frå sandnes garn. Viss ein skiftar ut knappane, kan buksa brukast til gut også.