mandag 31. desember 2012

 
 Hei og god jul og godt nyttår. Me har hatt ei fin feiring og har fått masse fint.
 
 
I mårå startar nytt år med nye mulighetar. I går laga eg frukostblanding og dansk rugbrød som ett bidrag til å få ein sunnare januar enn desember.
 
Frukostblandingen blei laga av det eg hadde i skuffa
250 gr havregryn, restane fra gløggen (mandlar og rosiner), ein boks valnøtter, 1 dl solsikkekjerne, 1 dl linfrø og litt gresskarkjerne.
 
I ein lita panne smelta eg 1 ss smør og hadde oppi 1 ss honning, 1 ss brunt sukker og 1 dl appelsinjuce.
 
Eg blanda det tørre og det våte og la oppi ei langpanne. Steikte på 150 gr i 50 minutt og rørte rundt kvar 10 minutt.
 
 
 
Rugbrøda er laga av "pakke" frå møllers.
 
Eg vil ønske deg som kikkar innom ei fin nyttårsafta. 

lørdag 22. desember 2012

Våre julekjeks

 
Våre 7 slag:
 Sjokoladekjeks
 
 
Peppernøtte
 
 
Berits brune pinna
 
 
Kokosmakroner
 
 
 Krumkaker
 
 
Biscotti
 
 
Serinakaker
 
Det er ikkje vanskelig å få sju slag når ein er tre stykk som bake i lag, og alle lage 2 typar kvar:)
 
 


søndag 16. desember 2012

Chilikylling med mynte, koriander og lime

 
 
Skjær kyllingfile i små bita.
 
Vask og rens ein paprika og skjær den i mindre terningar. Skrell og skjær rødløk i mindre terningar. Vask sukkerertene og skjær dei i to.
 
Kok eggenudlar etter anvisning på pakken
 
Steik løken i olje i 4-5 minutt i olje, tilsett kyllingen, steik vidare i 2-3 minutt og smak til med salt. Tilsett kvitløk, sukkererter, paprika og chili og steik i 4 minutt
 
Ha over 1 ss limesaft, 0,5 dl soyasaus (til to persona), frisk mynte og koriander.
 
Bland inn nudlane og server
 
 
Enjoy!

onsdag 12. desember 2012

Førjulstid

Eg er heldig, har fått 2 pakkeadventskalendera og 1 adventssøndag kalender med masse fint:) 
 
 
Me starta desember med å vara sjuke. Og etter at me blei friske var det veldig kaldt ute, men når sola kikka fram i helga og temperaturen var oppe i -8 fekk me hengt opp lys ute og fugleneket. Inne har me bestemt oss for å ikkje ha juletre sidan me skal vekk i jula. Men noken englar
 
og nissar har komt fram.
 
 
Ha ei fin førjulstid:)
 
 


søndag 9. desember 2012

Banankake, bollebamse og smikker :)

I dag skal me i 1 års dag og eg har tilbudt meg å laga kake. Når eg var på loppemarked kjøpte eg boka "Hurra for Deg!", med masse stilige barnekaker, og eg måtte jo ha ein anledning til å bake ein av dei:) Eg starta med å sette ein gjærdeig og erstatta melk med vatn for ein av gjestene har melkeallergi. Etter at deigen var heva kom eg på at hu kan ikkje eta smør heller, så då sette eg i gang bakeprosjekt banankake. Siden eg ikkje fant oppskrifte på anna enn sjokoladekake uten melk og smør (og klokka var 22 og eg kunne ikkje gå å kjøpe smør uten melk), laga eg mi egen oppskrift på banankake. Har aldri laga banankake, så det blir spennande å smake.
 
 
Bland 5 dl kveitemjøl, 3 dl sukker, 1 ts vaniljesukker, 4 ts bakepuler. Tilsett 1,5 dl vatn, 1 dl olje, 2 moste bananer og 3 egg. Visp alt samen til ei klumpefri røre og hell i 24 cm kakeform og steik på 175 grader i 60 minutt.
 
Eg har pynta kaka med melisglasur (melis, vatn og sitron). Juletre er pynta med lavendelkuler fra Henningssvær, grønt dryss fra USA og blomster fra Rema 1000.


Bollebamse laga av gjærdeig på ca 2 liter kveitemjøl, den blei litt større enn eg hadde trudd så går fint ann og laga mindre deig eller mange små. Ein bollebamse blir laga ved at du trille ei stor bolle til kropp og ein litt mindre bolle til hove og legge dei på ei plate dekka med bakepapir. Trill 4 små boller til arma og bein, og 3 som er enda mindre til øyre og nasa. Etterhev bamsen og pensla den med sammenvispa egg før den steikes på nederste rille ved 225 grader i 20-30 minutt. Avkjøl bamsen og fest nonstopp med litt melis. På buksa er det kakeglitter (samme som på juletreet).
 
Og til slutt, presangen:



Heimesydde smikker. Fekk ferdig trykte smikker som mamma har vatert, har kløpt ut og sett på skråband.
 
Ha ein fin søndag!


fredag 30. november 2012

Serinakaker

 Sist helg hadde me besøk av mamma og på søndagen baka me serinakaker.
 
Du trenge:
150 gr meierismør
250 gr kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
100 gr sukker
1 egg
 
Rør smør og sukker kvitt, tilsett det tørre og til slutt sammenvispa egg. Arbeid deigen godt og lag ei pølse som sett kaldt i ein time (me pakka det inn og hadde det ute). Skjær pølsene i tynne skiver, sett dei på ei steikeplate, pensla med egg og dryss over hakka mandla og perlesukker. Steik kakene i 12 minutt på 175 grader.
 
 
Me har vore sjuke dei siste dagane, så golva er skitne, det er rot rundtom og me er ikkje heilt klare til 1 desember og advent enda. Men i kveld har me funne fram adventslys og to svibla blei med heim frå butikken. Julestjerne er funnen fram så me håpe på bedre form i mårå og få hengt opp stjernene og vaska litt.
 
 
Har du sett denne? lysestake frå Løyten lys. Lysestaken er laga av starin, med ein liten glasskolbe som ein har telys oppi.
 
Ha ei fin helg!


torsdag 22. november 2012

Kake og blomster designer kurs



 
For noken veke sidan var eg på blomster og kakedesigner kurs hos Cacas.
Resultat av kurset var blomstrane som kakene er pynta med. Me lærte å laga roser, tullipanar, roseknoppar og masse meir. Med meg heim blei frosting (eit godt alternativ for oss som ikkje er så glad i marsipan), lilla farge, lilla glitter og lilla tusj.
Det fine med desse blomstrane er at dei held seg i mange månar, er fine å sjå på, men smakar desverre ikkje så godt.
 
Kakene består av to ulike botnar med sjokolademouse mellom og rundt.
Den eine kaka blir med på jobben i mårå og den andre er i frysen. Det er eit prøveprosjekt å sjå korleis den er når den har vore fråsen.
 
No er snart kjøkkenet rydda, og eit tre dagars bakeprosjekt over.
Ha ei fin helg når den startar:)
 


lørdag 10. november 2012

Ingers rug rundstykker

 
Eg har begynt og alltid ha eit bakeprosjekt på gong, det vil sei, eg har ei bolla med lokk som står på kjøkkenbenken. Ein dag måle eg opp det eg trenge, og ein anna dag bake eg. Det er få minutt arbeid (+ litt heving) og så har ein nysteikte rundstykker til frukost.
 
Til 3 brød eller ca 40 rundstykke trenge du dette:
1,3 kg sammalt kveite
200 gr fin sammalt rug
200 gr heilkorn kveite
75 gr gjær
2 ts salt
9 dl kveitekli
1,8-2 liter vatn
1 dl linfrø
1 dl solsikkekjerne
 
Bland alt det tørre og tilsett lunka vatn. Deigen skal vara ganske laus. Forhev deigen i 1 time, slå den ned og hev i 30 minutt til. Eg forma rundstykka med våte hender. Steik i ca 15-20 minutt på 220 grader.
 
 
 
I går baka eg grove eplemuffins. Du finne oppskrifta her: http://vidunderleg.blogspot.no/2012/10/eplemuffins-x2.html
 
 
Kjempegode og forøvrig ein kjekk blogg og følga med på:)

lørdag 3. november 2012

Strikking



Eg har ikkje slutta å strikka, sjølv om det er kansje ser sånn ut på bloggen.
Eg har strikka 10 par av denne typen tøfler og tova i haust. Har ett par eg bruke sjølv, dei er veldig gode og varme.  

 
Det er alltid spennande med ny vaskemaskin og toving (me kjøpte ny når me flytta inn i huset). Dei grønne tøflene bak til venstre skulle bli størrelse 40, men blei 35:)
 
Eg er blitt kjent med ei islandsk dame som og like å strikke. På mandag var eg hos hu og fekk sjå på masse fine islandske oppskrifter. Me har lyst og starta ein stikkeklubb her på Lørenskog, om du bur i nærheten og like å strikka, er du veldig velkommen til å bli med:)
 
 

torsdag 25. oktober 2012

"Ny" gong

 Me har pussa opp gongen, fargen på veggene var lys men det var 1 cm glipe mellom parketen og listene og lite plass til å henga opp klede.
 
Parketten blei fjerna og golvbelegg med for under lagt.
Me har malt tak, vegger og lister. Hengt opp knaggar, til venstre har me tre knaggrekker frå IKEA øvers og ei bak døra. Ville helst ha ei lang, men det var lettare sakt en gjort å oppdriva i min prisklasse. Skoskapet er og frå IKEA, med mannen i huset sine barnesko oppå.
 
 
På høgre sida har me do døra, med toalett skilt på og desse koselige knaggane:
 
 
kjøpt på interiørbutikk i Trysild.
 
Ha ei fin helg, når den startar i mårå :)


søndag 21. oktober 2012

 
Årets 4 adventskalendera er ferdig innpakka:)
 
Dersom du og vil ha ein adventskalender, vil eg anbefala deg å stikka innom denne bloggen:

"Ny" Skyvedørsgarderobe

 


Sjå kor fin skyvedørsgarderobe me har fått! Tapet fra Maxbo på Alnabru, hjelp av pappa, lim og vips 40 minutt etter har me fått ein veldig mykje finare skyvedørsgarderobe. Med lilla som favorittfarge, var det ikkje vanskelig å velga denne tapeten og eg syns den passar godt med skumringsmalingen me har på veggene.
 
Ett prosjekt skape ett nytt prosjekt, me har kjøpt to nattbord på finn med ulike fargar (grønn og lilla). Me alt lyst på soverommet har det vore litt stilig, men etter å ha fått på plass skyvedørsgarderogen, må nattborda og bli lyse. 

 
Sist helg var eg på loppemarked runde, eg såg veldig masse fint og denne turid-design tallerken blei med heim. Røykelaks med egg på nybakt brød, smaka mykje bedre på denne fisketallerken:)
 
No skal eg ut å vara børsebærar:)


torsdag 11. oktober 2012

 
  Der er no berre 7 månedar igjenn til bryllupet. Eg er blitt spurt av fleire om me har alt under kontroll, og har svart ja (for eg veit jo ikkje heilt ka ein skal ha kontroll på 7 månedar før). Eg har kjøpt kjole og han dress. Me har bestemt kordan innbydelsa og bordkort skal vara, og me har kjøpt inn materiale. Lilla er fargen, og sommarfuglane komme til å gå igjenn i innbydelsa, bordkort og lysestakane.
Me har funne ut ka tid me skal reisa på bryllupsreise, og kor (iallefall område).
Me har funne ut kven me skal innvitera og grovskisse for dagen (tidspunt for vielse, middag, kaffi osv).
Me har kjøpt serviettar til kaffien med brudepar på og eg har meldt meg på blomster og kakedesigner kurs.
 
 
I kveld har min tilkommande mann lagt golvbelegg i gongen. Når lister og knaggar er på plass der, skal me laga innvitasjonar.
 
Fekk denne fine blomsten hos mamma, den no i full blomst på spisebordet. 

lørdag 6. oktober 2012

Kulturmelkmuffins

 
 
4,5 dl skumma kulturmelk
1 dl sirup
2 dl havregryn
3,5 dl grovt rugmjøl
3 dl kveitemjøl
1 dl linfrø
1 dl solsikkefrø
1 dl gresskarkjene
1,5 ts salt
1,5 ts bakepulver
1,5 dl natron

Sett steikeovnen på 200 grader
Bland melka og sirupen
Bland alt det tørre
Bland det tørre og melkeblandinga
Ha blandinga oppi smurte muffinsformer (formfett) i muffinsbrett
Ha gresskarkjerne oppå
Steik i ca 20 minutt

Ha ein forsatt fin søndag

 


tirsdag 2. oktober 2012

Hobbyrommet

 Hobbyrommet er ferdig!
Me har 3 meter benkeplate på vindusveggen og ca 2 under skapet, masse plass til å vara kreativ:)
Eg har vore heldig å fått plassen med vinduet. Her er det best lys, 60 cm skuffer kontra 40 cm under skapa og mest benkeplass. Foreløbig er det kunn pcen som er blitt brukt på hobbyrommet, men har fleire prosjekt i tankane. Overskapa hang her når me kjøpte huset. Innredninga er kjøpt på Ikea. I tillegg til to skuffeseksjonar har me ett 120 cm skap under printeren. Hobbyrommet ligge vegg i vegg med stova.
 

 
 
Eg syns orkidear er kjempefint og har vore heldig å fått den rosa i innflyttingsfest gave og den kvite i bursdaghelsing frå dei heima. Eg steller dei etter beste evne, og håpar dei skal vara lenge:)
 


onsdag 26. september 2012

Halvfine rundstykker med aprikos og rosiner

 
Sist lørdag hadde eg bakebesøk, noko som absolutt kan anbefalast. Det er kjekt og baka, og enda kjekkare samen med noken og det er veldig godt med bakverk, enten ovnsvarmt, eller ta opp frå frysen til lunch. 
 
Til halvfine rundstykke trenge du dette:
2 ss smør
3,5 dl skumma melk
30 gr gjer
1/2 ts salt
125 gr samalt kveite
375 gr kveitemjøl
1/2 pk aprikos delt i 4
1 hånd rosiner
 
Smelt margarinen og ha i melka og varm opp til 37 grader. Smuldra gjæren i ei bolle, ha så i veska og bland godt. (Dersom du bruke tørrgjer, ha det oppi det tørre). Ta alt det tørre i litt etter litt. Hev deigen.
Lag rundstykker med hendene og ha oppi muffinsformer.
 
Steik på 240 grader i 15-20 minutt.
 
Er så gode i seg sjølv, at ein ikkje trenge pålegg på:)
 
I tillegg til rundstykke laga me ein deig av grovbakst og kveitemjøl. Av den blei det horn og pizzaboller.
Pizza bollene er laga med ferdig pizza saus frå rema 1000 på eine halvparten og pesto på den den andre halvparten. Raspa skinke og ost oppå begge fylla, kjempegode!

fredag 21. september 2012

Gullerotsuppa

 
No når det er blitt haust ute, smake det veldig godt med suppa. Eg har laga denne to gongar no, og den smake godt nylaga, men og godt etter å ha vore i fryseboksen noken veke oppvarma.
 
Ein stor porsjon (ca 5 porsjonar uten brød til)
1.5 kg gullerot
400 gr potet
1 løk
1.5 l kjøttbuljong
 
Skjer løken i skiver og fres den i olja
Tilsett 1.5 liter kjøttbuljong
Ha oppi skrelte gullerøtter og potetet i bitar
Kok i ca 15 minutt
Fres suppa til den er klumpefri med ein stavmiksar
Smak til suppa med salt og peppar
 
Server med kylling til (her kalt kylling til salat).
 
 
Ha ei fin helg du som kikkar innom!
 
No er lysa i bordpynten vår tent og me kose oss i sofakroken med smoothie, strikketøy og fredagsunderholdning på tven. Det er godt med helg:)

onsdag 12. september 2012

Innflyttingsfest

Den 1.9 hadde me innflytningsfest. Me hadde ein veldig kjekk kveld, me hadde det kjekt med å laga til og dei som var her hadde det kjekt.
 Me hadde invitert 26 stk, 22 skulle komma, men 3 meldte avbud samme dag. Me dekte på i stova på spisebordet og salongbodet, og på kjøkkenet. Noken kjente kvarandre, andre ikkje så min kjære hadde ein lur måte å ordna bordplasseringa. Han la ein skinnlapp med ein bokstav på, på kvar tallerk. Når folk kom, trekte dei ein skinnlapp, og dei skulle finne samme bokstav på tallerken.

På borda pynta me med roser og lys.
 
 
Til middag var det taco pai, salat og baguetta.
 
 
Etterpå hadde me gullerot muffins, snacks (saltstenger, chilinøtter og peanøtter), kaffi, te og fruktfat med melon, plommer, appelsin, drue, kiwi og annanas.
 
Dette skal me gjera igjenn!
 

lørdag 8. september 2012

Eplekaka med epler frå eigen hage

 
Med ett epletre som bognar av eple i hagen, er det blitt 3 eple kaker på 2 veker

 
 
Denne hadde eg med meg på jobben i går.
 
Til ei 22 cm form treng du dette (eg ganga med 3 til lita langpanne og med 2 til 26 cm form)
 
2 egg
1,5 dl sukker
50 gr smør
1,5 dl lettmelk
3 dl kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
epler i tynne skiver (eg brukte 4 av vår størrelse)
1 ms perlesukker
1 ts kanel
 
Pisk stiv eggedosis av egg og sukker
 
Slå i smelta smør og mjølka
 
Sikt på kveitemjøl med bakepulver, bland alt med slikkepott
 
Slå røra i smurt form (eller med bakepapir)
 
Fjern kjernehusa og skalet på eplene og del dei i tynne båtar. Legg båtane i ett fint mønster oppå røra og strø sukker og kanel oppå (nb, eg ordna epla først. Dersom ein bruke rundt form, vil røra sige ut av forma mens ein skreller eplene)
 
Steik kaka på 175 gr i 40 minutt. Når den er ferdigsteik, la den stå i forma i 5 minutt, før du kvelver den på ei rist.
 
Denne helga er avsett til å laga hobbyrom, noko som er svært savna. Me skal montere kjøkkenskap og skuffer og ha under ein kjøkkenbenk slik at me får utnytta eit lite rom best mulig og får oppbevaringsplass til alle hobbyane våre. Monteringa har gått bra, men skuffelsen var stor (iallefall for meg) når me hadde fått opp alle skapstammene og tatt inn benkeplata i går. Der er ein koblingsboks og kontakt som må flyttast, og 2 nye kontaktar lagast. I tillegg bør lista fjernast og ein bør legga ledningane ein anna plass. Mao, me trenge ein elektrikar! Og med masse esker og andre ting som var på det rommet midt i stova, blei eg ikkje veldig glad. Men sett i perspektiv har eg måtte tømme alle eskene mine etter at me flytta for å finna den eine tingen eg treng, så eg skal nok greia det litt til :) og er me heldige får me samme elektrikar som sist, som både komme raskt og har ok prisa.
 
Ha ei fin helg!