onsdag 29. september 2010

Bær pai og browniemuffins

I helga har eg vore på Hovden på familietreff, dvs søskena til pappa leige eit hus på Hovden, og så komme ein der ei helg kvar haust. På lørdags kvelden skulle me feira ein 50 års dag. Eg og søster mi blei ansvarlige for deseren, og her er den:Bærpai
Passa godt som deser til lammalår.
Og her oppskrifta til 6 stk i store stive muffinsformer
1,5 dl mjøl
1,5 dl havregryn
1 dl sukker
1 dl solsikkefrø
150 gr smør
Bland samen alle ingrediensane (tips, ta ut smøret slik at det er mjukt når du starte)
Fordel halvparten av deigen i formene, steik i 5 min på 225 gr
Bland
5 dl bær (me brukte blåbær og rips)
2 ss sukker
2ss potetmjøl (eg hadde ikkje oppi potetmjøl, og då blei dei renande, så neste gong blir det med potetmjøl)
Fordel blandinga oppi formene, ha litt karamellsaus oppi formene før du fordele resten av deigen oppå bæra.
Steik midt i ovnen 20 minutt på samme temperatur
Serveres temperert saman med is.
Og til lammalåret hadde eg plukka tyttebær som er mosa og blanda inn litt sukker.

Søndagen var det nydlig vær og me var ute å gjekk tur og eg fekk plukka med meg litt tyttebær, som no er i frysen og ventar på å bli tatt fram når eg skal servera "sose"middag




Og desse brownie muffinsane laga eg i går:


Til seks trenge du:
100 gr kokesjokolade
50 gr smør
2 egg
1,75 dl sukker
1,25 dl mjøl
Smelt smøret og sjokoladen, og avkjøl litt
Visp saman egg og sukker
Tilsett mjølet og smør og sjokoladeblandingen til slutt
Steik på 180 gr i 20 min.

onsdag 22. september 2010

Is og fromasj kaka

Da våkna auga og dei som kjenne meg, har kansje sett i beskrivelsen i margen oppe til venstre på bloggen, at eg har skifta ut alder frå 25 til 26 år. Dette skjedde sist lørdag. Her er den gode bursdagsfrukosten eg fekk hos bestemor, nykokt egg, meierienes juce, godt pålegg og godt brød og sjokolade (laga av 1 l h-melk, 1 plata dronningsjokolade, litt smør og litt salt).Mobilen er lett tilgjengelig, tusen takk for smsar, telefonar og gratulasjonar på facebook. På søndagen hadde me trippelselskap, dvs, me feira meg, mamma og søster mi. Her komme oppskrifta på to enkle og gode kaker. I tillegg til dette hadde me fyrstekaka, og bestemor hadde laga firkløverkaka som eg kosa meg med på lørdagen. Fromasj kaka
Kok opp 2 pakkar gele i 7 dl vatn. Avkjøl det før du røre inn ein kartong stivpiska fløyte og 1/2 l yoghurt.
Ha det oppi ei form, med plastfolie. La fromasjen stå kaldt til den er stiv.


Daim iskaka
Stivpisk 4 eggekviter, løft inn 200 gr sukker og 250 gr hakka madlar.
Steik det i ei kakeform som er smurt og har bakepapir i botn og er 26 cm i 40 min.
Fyll:
5 dl piska fløyte med litt sukker oppi
eggeplommer med litt sukker oppi, piska til tjukk eggedosis
200 gr hakka daim sjokolade
Sett kaka i frysen

Ha ei fin helg!

tirsdag 21. september 2010

Body+sokkar+sporttopp

Og her komme ein liten presentasjon av mine siste strikkeprosjekt. Fuglemammas omslagsbody frå Nøstebarn boka. Var veldig spent på størrelsen, men som du ser, den passa perfekt til Anne Sofie. Eg har strikka bodyen i den nye tråen til Du store alpakka, Fin. Ein trå som består av 50% silke og 50% babyalpakka. Den er både mjuk og varm og har ein strikkefasthet på 27 m = 10 cm. Einaste ulempen med å stikka med denne tråen, er at eg vil ikkje stikka med noko anna etterpå :) Og sjå, Anne Sofie er blitt ei stor jente, hu har vokst 7 cm på 6 veke.
Og etter mange hint frå både mor og bestemor om at Karen Oline mangla lubbe, fekk sokkane hu egentlig skulle få til jul. Men som du ser, dei passa godt no, så då blir det noken som er litt større til jul.

Og til slutt, sporttopp. Strikka på samme måte som toppen til meg som eg har vist tidligare, berre kortartare. Tråen nede skal skiftast ut med ein strikk.
I dag på strikkekafeen lærte me dobbelstrikking. Og sidan eg no er ferdig med to prosjekt, kan eg tilføya gryteklutar i dobbeltstrikk. Ein kjekk teknikk.
Ha ein forsatt fin kveld!






onsdag 15. september 2010

Lunch salat og oppskrifts tips

Frista denne salaten til lunch? oppskrifta er henta frå ei matpakkekokebok som eg kjøpte på Malta, og som eg har laga min egen variant av. Og det er ikkje tilfeldig at denne salaten er der, for alt er like friskt når du tar den fram til lunch, etter x antall tima i kjøleskap (eg pleie laga den kvelden i forveien).
Salaten innehold: cherrytomater delt i to, steinfrie svarte oliven, tunfisk i vatn, sukkererter, hardkokt egg og litt oljedressing
To tips frå "test ut nye oppskrifter" prosjektet mitt.
Her finne du oppskrift på paibotn:
http://www.recepten.se/recept/vaesterbottenpaj.html
og med dette fyllet:
http://www.melk.no/oppskrift.aspx?mnu1id=9500&mnu2id=9555&mnu3id=9564&artid=14375
Og på bildet over, i muffinsformer.

Tips to:

Svinefile med cous cous

Oppskrifta finne du her:
http://www.denstoltehane.no/oppskrifter/kyllinglar-med-cous-cous

Eg laga min egen varian, å brukte svinefile i staden for kyllinglår og kutta ut kapersblomsten.

No skal eg finna fram ullteppe, og finna ein god stilling på sofaen, og gjera meg klar til sesong åpning av Valer. Passe meg utmerket sidan eg er sliten etter fysioterapi i dag og må holda et lavt aktivitetsnivå.

lørdag 11. september 2010

Brød, med lav GKI

1 brød (2 l brødform):
100 gr kruskakli
100 gr sesamfrø
100 gr linfrø
33 gr solsikkefrø
100 gr grovmalte vallnøtte
175 soyamjøl
2 ss bakepulver
2 ts seltinsalt
5 egg
0,5 dl rapsolje
2 dl seterrømme
2 dl vatn

Bland alt det tørre, bland all veska og ha i bakepulver til slutt
Deigen er lause og skal ausast oppi forma
Steik 180 gr i 50 min, steik litt lenger for hard skorpe. Ta av varmen og la det stå i ovenen med ei sleiv i døra, la det stå over natta

Skjær skiver frå undersia, med skarp kniv

onsdag 8. september 2010

Leiligheten

Her komme ein liten oppdatering frå leiligheten, da har skjedd litt sidan eg la ut bilder i desember. Eg har budd her i ett år, og da begynne å komma bilder på veggene, noken prosjekt er avlutta, og går alt etter planen, skal spisebordsstolane skifta farge frå grønne til brune iløpet av vinteren.
Her er balkongen (1,5 gange 3 m) som har fått treheller frå Clas Olson.
Hortensian er ein fin blom, og med denne sette eg ny overlevings rekord, tre veker.
Lykta har eg fått hos Sylvia, koselig å brenna lys der ute og.
Snart skal stolane og hellene pakkast samen for vinteren.
Og hortensian er bytta ut med ein lyng.

På badet har eg fått meg dusjdører, kjøpt på www.spadesign.no
Eine døra er 90 cm og andre 80 cm og tar nesten ikkje plass ein tar dei inn i hjørna.
Og 90 cm senga er bytta ut med ei på 150 cm frå www.nyseng.no
Takk for fine kommentarar som kom etter 5-retters menyen min.
No skal eg laga ein ny kategori som heiter menyar.

søndag 5. september 2010

5 rettes middag

I helga har eg hatt besøk av eit vennepar frå Bømlo, eller rettare sakt, dei har budd hos eit anna vennepar frå Bømlo, som bur her i Oslo og eg har vore med dei. På fredag hadde eg invitert alle til middag, og sidan tre rettaren eg serverte når eg hadde besøk av tidligare kollega gjekk veldig bra, ville eg prøva meg på ein 5 rettars denne gongen, eller kansje meir korekt, tre rettes, apperitiff og hvilerett.
Det starta med denne:
Mango drink med ein mango bit.
Mango tropical drinken komme frå invandrarbutikken, og er levert av Enjoy.
Den er veldig god og minne om mango smoothie.
Den grønne kanten oppå glasset er laga ved å dyppa glasset i grønn konditorfarge, og så i sukker (ha konditorfarge og sukker på eit tefat feks). Eg brukte vanlig sukker, men perlesukker blir enda finare.

Lefserullar
Bløyt vestlandslefser, smør på kremost naturel, ha oppå spekeskinke og rucolasalat. Rull dei i samen, ha inni aliminiumsfolie i kjøleskapet, så er dei lettare å skjære opp i fine bitar.
Laks i følge med potetbåtar og salat

Laksen har fått på seg griljermjøl, ved hjelp av å dyppa den i egg og litt sitron, før den blei dekka med griljermjøl som eg hadde oppi litt salt og pepar og blei steikt i middels varm panna, i godt med smør.

Potetene er frå invandrarbutikken og har eit flott navn, trur da starte på a, men ka det er, komme eg tilbake til. Potetene er små, og eg dele dei i to og har dei oppi langpanna samen med gullerøter og heile sjarlottløk. Steikes i ein liten time på 225 gr.

Salaten består av: eikesalatblad, mais, cherry tomater, sukkererter, oliven, soltørka tomater og litt paprika. Ett resultat av det eg fant i kjøleskapet.

Kvilerett

Etter middagen, hadde eg ein kvilerett, som skulle vara eit frampeik mot deseren. Med noko litt salt og litt søtt. Ein kan også kalla det ein "plukkerett", og det kan jo passa bra når ein begynne å bli ganske mett. Og retten består av sjokoladeglaserte solsikkefrø (oppi skåla) og fatina snacks. Alt fås på invandrarbutikka, og sistnevnte er salt.

Snickers kakaEi kaka eg har hatt lyst å laga lenge. Eg laga 1/2 oppskrift (den som står her), men når eg ser ka som er igjenn etter å hatt den framme både på fredag og i går, kunne eg laga 1/4 oppskrift. Ei god kaka, men den er mektig.

Botn:

175 gr smør, 3 dl sukker, 75 gr oboy eller kakao, 0,5 dl sirup (eller ca 3 ss), pittelitt salt, 3 egg, 90 gr mjøl, 100 gr sjokolade, 150 gr cashewnøtter (eg brukte pianøtter, var ein god erstattar viss du har noken liggande).

Pisk smør og sukker lyst og luftig. Bland inn oboy, sirup og salt. Tilsett ett og ett egg om gongen og rør godt. Vend inn mjøl, sjokolade og nøttene.

Ha bakepapir i botn av forma, ha oppi røra og steik på midterste rille på 175 grader i 25 min.

Krem:

3 ss peanøttsmør, 3 ss smør, 3 ss melk, 250 gr melis, 75 gr cashewnøtter til pynt oppå.
Bland samen alle ingrediensane og smør det på kaka. Sett kaka kald.

Og litt om gjennomføringa og "logistikken" rundt middagen. Med relativt lite kjøkken, og kjøkkenbenken 0.5 m frå spisebordet, måtte det planleggast for å få det til å gå opp og att det ikkje skulle sjå "bomba" ut.

Kakebotn laga eg tidligare på dagen, så 3 tima før gjestene kom starta eg med å laga fyllet og fekk kaka ferdig og sette den i kjøleskapet. Så blei lefsene lagt i plaut, og mens dei låg laga eg salaten og så "smurte" eg lefsene og la dei i kjøleskapet. No dekka eg bordet, og det såg ut som på bildet under, mao heilt ferdig til servering av middagen. Neste trinn var middagen. Grønnsakene blei hakka og lagt i langpanna og fisken steikt. Eg hadde ei lita ildfast skål oppi langpanna, slik at eg kunne legge fisken oppi der etterkvart som den blei ferdig. Aperitiffen blei laga, og lefsene skåren opp. Eg rydda underveid, og ti min før gjestene kom, sette eg meg ned og pusta i magen og slappa av litt .

Kaka blei inntatt i sofaen. Her med både duk og service frå bestemor. Legge ein litt godvilje til kan ein kalla det retro.

Eg ser tilbake på ein kjekk kveld med besøk, og er ikkje blitt avskremd av 5 rettes middag. No skal me på Åpent bakeri og eta frukost, ein kjekk ting å ta folk med på, og ganske avslappande i forhold til 5 rettes middag.

Ha ein fin søndag!