søndag 10. juli 2016

Bringebærdrøm (gluten og laktosefri)

Enkel og god dessert, som passar godt å servera no på sommaren. 

Til 4-6 porsjonar trenge du:
1 pose bringebær (400 gram) frå frysedisken
1 kartong laktosefri krem fløyte
1 pakke pikekyss (100 gram)

Ta opp bringebæra ca 1 time før servering
Pisk fløyten til krem
Ha pikekyssa oppi ein brødpose og knus dei

Resultatet blir best om du blandar samen dei tre ingrediensane rett før servering. 

mandag 4. juli 2016

Hylleblomstsaft

 No blomstrar hyllen på Moster, og eg og mamma har laga saft. Me ganga oppskrifta med 6 i år, og måtte ta i bruk alt me hadde av flasker og glas. 
Plukk 25 store blomar, skjær 2 sitroner i båtar og bland dette med blomstrane. Ha 2,5 liter vaten over. Ha et lokk oppå og la det stå i 2 døgn. Sil safta, ha safta oppi ei panne og tilsett 1,5 kg sukker og ein pose sitronsyre. Kok opp. Avkjøl safta og ha den på flasker. 

Safta kan frysast. Safta kan drikkast kald med vatn eller farris, eller varmt med vatn som te.