torsdag 28. januar 2010

Smoothie

Laga ein gammal klassiker, dvs bringebær, yoghurt naturel, melom yoghurt, appelsinjuce, banan og eit eple. Kan anbefalast.


Og her komme ingrediensane på ein eg ikkje vil anbefala, eller rettare sakt, den falt ikkje i smak i min gane. Eg har ikkje tatt bilder, for det var ein fæl farge, spygrønn. Den bestod av mango, kiwi, mynte og ananas juce. Ingrediensane er gode kvar for seg, men blei for mykje smak totalt.


Eg har fått ei flott smoothie kokebok til jul, så har tenkt å prøva alle (ialefall dei som ser gode ut, 90%), så her blir det masse smoothie framover. Kjekt å prøva noko nytt.



Ha det fint!

Den lille kokkosbollefabrikken

I helga har eg hatt besøk av ei barndomsvenninda, utrulig kjekt. Kjekt å treffast og kjekt å gjera ting samen. Søndag var me på marked på Birkelunden, og ka var vel meir naturlig enn å gå innom den lille kokkosbolle fabrikken, har kjøpt med meg kokkosboller og sjokoladeboller der frå før. Men det smakte ekstra godt når ein satt inne i varmen (etter å ha vore ute å frøse) og med ein latte til. Og til min store glede, såg eg dei hadde oppskrift på kokkosboller på veggen, eller rettare sakt, frå denne nettadressa www.matnytting.no/oppskrifter/kokkosboller.ht
Så no håpe eg det snart komme ein anledning, slik at eg får prøvd ut oppskrifta. Og for dei som enda inne har skjønt det, dette er heilt andre kokkosboller en dei du finne på rema. Dei er utrulig gode! (og som ein digresjon, eg har aldri vore så begeistra for kokkosboller før, men desse er blitt ein ny favoritt søt ting. Dei er ikkje så søte som dei du finne på rema, og inneholde 50 kcal pr stk(for dei som tenke på sånt i januar))og for dei som er like glad i kokkosboller som meg, eller ønske å bli det, kan du gå inn på www.kokkosbollen.no og lesa meir. Og, det kommer bilder og rapport frå mitt forsøk på å laga kokkosboller. Er det noken som har tips (spent på korleis ein får smørt på sjokolade feks), mottas dei med takk.

Foruten besøk på den lille kokkosbollefabrikken, var me på thailands resturang, shooping, tur i frogneparken og masse avslapping og god mat.

Altså, ei perfekt helg. Bortsett for dåke som følge med på bloggen min, for her skjedde det ikkje noko. Blir imponert og glad når eg ser det er så mange som følge med.

lørdag 23. januar 2010

Dokketeppe

Eg har strikka dette dokketeppe i Miralsol, 100% Alpakka. Teppet blei 42x42 cm. Kvar lapp er 26 masker og 25 riller, og eg hekla samen dei ni lappane. Veldig enkelt, men fine farga og syns "duskane" rundt kanten gjorde seg.

Teppe og mykje anna dokkeklær som er laga til ei babyborn dokke skal loddast ut på ei messa. Så då gjenstår det berre å ønska at ei lita jente som kan ha glede av dette vinne, og ikkje ein gammal ungkar.

Kansje eg skal begynna å strikka litt dokkeklær, noken som har enkle oppskrifter å anbefala?

tirsdag 12. januar 2010

Bakt potet + "smørbrød"

Nam, såg ikkje dette godt ut. Dette hadde me til lunch på nyttårsafta. Bakt potet med opphakka heimelaga karbonader, mais, snaks paprika, tomat, ost, rømme og heimelaga goakemole. Eg steikte potetene to timar (veldig store poteter), uten aleminiumsfolie (tips fra matprat, git sprøare skall). Og dette hadde eg på søndag, rista brød, med speileg og karbonade med løk, med tomat og rucola. God og enkelt. Fleire av ingrediensane er frå vestlandsturen. Grovt heimelaga brød frå pappa, karbonader frå mamma, og egg frå hønene til søster mi. Resten frå innvandrarbutikken på hjørna.

søndag 10. januar 2010

Forkle

Eg hadde framme symaskinen i to veker før jul, og resultatet blei to barne olebrum forkle, med Hello Citty knapp, str 5-7 år og 8-10årOg to str 1-2 år. Bande rundt halsen kan tas av med ein knapp.

Og et frå 2008, brunt med små grisa på, voksen størrelse.

Oppskrifta eg har brukt, har bestått av matpapir som er forma slik som forklene mamma har i kjøkkenskuffa, og med ca 3 cm dobbelt oppe.
Stoffa har eg kjøpt på Stoff og stil.
Denne onsdagen og neste, skal eg på sykurs. Læra meg å sy toalettmappe, putetrekk med skjult glidelås og ein kjole, er ialefall det som er målet.
Blir kjekt å læra meir, og viss det blir vellykka, komme det bilder her etterkvart.
Ha ein forsatt fin søndag!

onsdag 6. januar 2010

Vottar og hals

Eg har lenge hatt lyst å læra meg å strikka votta, eller rettare sakt, læra meg å strikke fleire overkommelige og nyttige ting. Men problemet er at eg er veldig dårlig å lesa oppskrift. Men eg starta, tok med meg oppskrift og strikketøyet og gjekk til Liv, og hu hjelpte meg med resten, og når eg hadde strikka ein, gjekk det greit å strikka den andre. Oppskrifta fant eg i boka Gøy å strikke med tykke pinner av Gunn Birgirsdottir. Der er det masse fint, som eg vil prøva å laga. Og kansje eg ein dag kan læra meg å strikka selbuvotta, det går jo aldri av mote, og hadde vore kjekt å kunna. Eg brukte litt over ett nøste Oda trå frå Trysilgarn på vottane, og resten brukte eg til ein hals (sånn som så mange har laga). Strikk fram og tilbake og sy den skeivt samen.
Og korleis helde eg varmen på hendene i kulden? noken gamle selbuvotta som er godt brukte i all slags vær at dei er blitt tova, det einaste som fungere. Når eg stod opp i dag var det -18 i 4 etasje. Dei har hatt store problem med oppvarminga på jobb etter nyttår, men no er det bra. Så etter lang dag med overtidsobbing, var det nesten som eg ikkje ville gå ut. Men eg gjekk, åt middag, og no har eg trent pilates. Tven står på, strikketøy og pcen er framme så no er det berre å slappa av fram til senga frista. Det tok to dagar før eg fekk de godt og varmt i leiligheten, men no er det bra. Eg fekk fleire ulike typar te til jul, og det er godt, varmar ein opp innvendig, og tenka litt på dei eg har fått det av.

Var ikkje desse søte? sokkar i str 1/2 år (ca 11 cm i foten). Eg strikka desse til Even til jul. Strikka ein sokk på ein kveld, synd at så få av dei eg strikka til, har så liten fot. Men det er noken, og fleire blir det nok framover.
Har du ein kuldehistorie, eller triks mot kulden? Hadde vore kjekt å lesa i kommentarfeltet.
Ha ein forsatt fin kveld, og kle deg godt når du skal ut.

søndag 3. januar 2010

Jul og nyttår

Hei og god nyttår. No er eg tilbake i Oslo, etter 10 dagar med juleferie på Bømlo. Eg er så imponert over dei som har lagt ut innlegg kvar dag i desember, for min blei det ikkje mange innlegg i desemper, men komme sterkare tilbake no, med dei prosjekta eg hadde i desember.

Håpe du har hatt ei fin jul og nyttårsfeiring og at det ikkje har vore all for kaldt og for masse snø og måka. På Bømlo har det vore snø, noko som er uvanlig der, ialefall at han blir liggande. Legge med noken bilder frå to av turane eg har hatt i jula. Sjå kor flott vær og fin natur.



I mårå er eg igong igjenn med jobb og trening. Vil ønska deg ei fine veka, så høyre du snart ifrå meg igjenn.