lørdag 12. desember 2009

Dekorering av lys

Hei og god lørdag. Vil starta med å takka for kommentarar for innlegget med bilder av leiligheten. Eg blir veldig glad for kommentarar :)

Lillesøstera (Ingeborg) mi har lært meg å dekorera lys. Ein starte med å finna ein serviett ein like å klippe ut så masse ein trenge for å dekka lyset. Ein tar vekk to av tre lag på servietten. Så trenge ein ei plata, eller separat kokeplate, og ein steikespane i metall/kniv (noko som lede varme). Ein tar steikespaden bort på plata, og så rett bort på lyset. Då smelte starin og servietten feste seg. Gjer dette over heile lyset. Det vil komma litt stearin på steikespaden, så tørk vekk det, slik at det ikkje feste seg på plata.


Eg har akuratt laga ein firkløverkaka som eg skal ha med meg på julebord i kveld, men eg fekk ikkje fyllet stivt, så det blei masse gris når eg laga det, men smaka heldigvis godt, og det er vell viktigast når alt komme til alt.
Ha ein forsatt fin lørdag!

søndag 6. desember 2009

Kromkaker

Når eg var heima sist helg, laga eg og bestemor kromkaker. Kromkaker er ikkje min favoritt, men det er kjekt å gjera noko saman og det var kjekt å læra å laga kromkaker. Bestemor steikte og eg rulla. Me brukte ca 2 timar på å steika ei oppskrift, og det blei 80 stk. Tenke eg ser meir til desse kromkakene i jula. her tar bestmor kaka av hjernet

" rullinga", må gjerast med ein gong kakene komme av hjernet


4 egg
300 gr sukker
250 gr smelta smør
2 dl vatn
250 gr mjøl
250 gr potetmjøl
Visp egg og sukker til eggedosis. Tilsett lunka smør, vatn og begge typa mjøl. La røra stå kaldt i 5 timar, før ein steikjer. Viss røra er blitt for tjukk, tilsett litt vatn.
Steik på kronkakehjern, bruk ei "rulle" eller ein kopp til å forme kakene når dei er varme. Avkjøl før ein tar kakene oppi ein tett boks.

lørdag 5. desember 2009

Bilder fra leiligheten

Hei og god lørdag
Eg blei spurt for ei stund sidan og å legga ut bilder fra leiligheten. Når ein legge ut bilder vil ein helst at det skal sjå bra ut osv, men heilt ferdig er eg ikkje enda. Men her komme bildene

Velkommen til meg, no står eg i ytterdøra. Til høgre er badet, soverom rett fram og stove/kjøkken til høgre. Flislagt bad med dusjhjørne, vask, toalett og vaskemaskin.

Soverommet mitt. Her er eg ikkje heilt ferdig, skal blant anna ha ein komode kor eg kan ha alle hobby tinga mine i.

Kjøkken, med spisebord. Bruke ei hylle som romdelar mellom stova og kjøkkenet.

Her er romdelaren julepynta. På denne går det i englar, andre stader nissar og på kjøkkenbordet lilla. Ikkje heilt gjennomført nei, men syns det var koseleg å finna det fram i går. Og julebamsen har ein viktig jobb, passa på adventskalenderen min og julepresangar, ettersom dei kjem i hus. Eg er så heldig å ha både pakkekalender og hello citty sjokoladekalender (ja, eg er 25 år, men blei veldig glad for dei kalenderane eg har fått

Her er "go" stolen, og nissane eg fekk plass til på tv benken.


Og til slutt, heile stovedelen.


Ha ein forsatt fin lørdag!





















tirsdag 1. desember 2009

I dag har eg hatt middagsbesøk av fetteren min, og eg har servert ein av mine favorittar. Grunnen til at det er ein favoritt er at det er nesten umulig at det blir misslykka og det lage seg sjøl. Det skal stå ein time i ovnen, så då kan ein gjera dei andre forberedelsane og det er lett å laga til mange.
Retten består av potetbåtar, gullerot i skiver, opphakka rødløk, bacon i skiver, brokkoli og krydder.

Sett potetene og gullerøttene inn i steikeovnen på 225 grader, steik dette i 40 min før ein tilsette dei øvrige ingredielsene og steike til baconet har fått fin farge. Total steiketid er min 1 time, steiketida variere etter ka poteter ein bruker og størrelsen.

Til deser hadde me bringebær smoothie. Framgongsmåten er den samme som for mango smoothien eg har laga før og består av: bringebær, banan, skogsbær yoghurt, yoghurt naturel og appelsinjuce.
God mat og kjekt besøk

mandag 30. november 2009

Knekkebrød

Eg har vore på Bømlo i helga, og då laga eg og mamma desse gode knekkebrøda som nesten ikkje har karbohydrat i seg.

Oppskrifta er:
3.5 dl grov spelt eller rug
3.5 dl små havregryn
1.5 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1.5 dl linfrø
1.5 dl kruskakli
2 ts salt
7 dl lunka vatn
Evt 1 ts honning eller valnøtter

Bland alt samen, og fordel det utover to steikeplater.Steik de 10 min på 190 grader, ta ut og rut opp i ønska størrelse på knekkebrøda, forsett å steik på samme temperatur i 25 min, ta brettet ut og brekk opp knekkebrøda, sett dei inni igjen i ovnen på 100 grader og ha døra på gløtt og steik i 30 min.

Oppbevares i tett boks.

onsdag 25. november 2009

Adventskalendera

Eg har laga fira pakkeadventskalendara i år. Her er noken av pakkane, men ikkje alle 96. Eg kan ikkje røpa ka som er inni pakkane enda, for noken av dei som skal få, følge med på bloggen min. Men trenge du noken tips kan du sjå ka pakkane inneholdt i fjord. Eg startar tidlig å kjøpa inn småting, så då er hovedjobben å pakka inn, når desember nerme seg. Eg håpar desse adventskalendarane kan vara til glede og ein oppmuntring for dei som får dei. Eg pleie å gi til lille søster og lille bror, men i år har eg gitt til to søskenbarn av meg og, som eg syns trenge ein ekstra oppmuntring for faren deiras er veldig sjuk.

Og eg er så heldig å ha fått ein pakkekalender og ein sjokoladekalender, så no er det berre å gleda seg til 1 desember.

Ha ein fin kveld!

søndag 22. november 2009

Søsterhelg

Her er den totale produktsjonen sist helg. 8 bøker som er dekkorert på fram og baksida, 9 boksar/glas med brente mandla og noken kort og litt brentemandar produktsjon og anna rot i bakgrunn.
Og her er det eg har laga.

Ha ein fin søndag i gråværet (det er det ialefall i Oslo)


torsdag 19. november 2009

Brente mandlar

I helga hadde eg besøk av søstrene mine, og min niese på sju månar, og me hadde storproduksjon av brente mandlar. Me laga av 2.5 kg mandlar. Eg har sett fleire oppskrifter, men denne har eg fått av farmor, hu har brukt den monge gongar, og no har eg og prøvd den, og vil anbefala den vidare.

500 gr mandlar
150 gr sukker
0,5 dl vatn
2 ts smør
Varm opp mandlane på middels varme og tilsett vatn og sukker
Rør om mens ein ventar på at mandlane blir karameliserte og får kastanjefarge
(før dei blir det, vil mandlane bli kvite/ser litt rare ut, men fortvil ikke, slik skal det vara)
Når mandlane er kastanjefarga (som bilde over), ta panna av plata og rør inn smøret.
Legg mandlane utover eit bakepapir (som på bilde under), som på). La dei ligga til dei er kalde og ha dei på eit glass eller tett boks.
Me laga boksar og ha mandlane i, bilde av dei komme i neste innlegg.
Ha ein fin kveld!

søndag 8. november 2009

Mango smooth





1 stor godt moden mango, 1 banan, mango yoghur, yoghurt naturel og mango juce. Ha alt i smootlh maskin eller kjøkkenmaskin. Vent til alt er blanda, og gled deg til ein god og sunn smaksopplevelse.

Stekt torsk med druer og mandler

Nam, dette syns eg var veldig godt. Så godt at eg har laga det to søndager på rad.
Oppskrifta er: tin fisken. Salt fisken litt, og brun den på den ene siden i 3-4 min. Snu fisken, tilsett mandler, druer og salatløk. Brun fisken ytterligere i 3-4 minutt på den andre siden. Hell så over sitronsaften, og dra pannen vekk fra platen. Server med ris.

onsdag 4. november 2009


Saman er ein midre aleiene er ei stor og medrivande forteljing om fire mennesker, Camilla, Philibert, Frank og Paulette, som av ulike grunnar kjem til møtast. Det er ein kjærleiksroman, ein roman om livet, og relasjonar og kokkekunst. Handlinga utspelar seg i område rundt Eiffeltårnet i Paris (teksten bak på boka)

Kommentarar: "En sprudlende herlig roman" Terje Stemland, Aftenposten og

"Det er en herlig spennvidde i boka, fra sår nærhet til rå humor" Ole J Hoel, Adresseavvisa

Eg likte boka veldig godt, og vil anbefale deg å lesa den, Oddbjørg

tirsdag 3. november 2009

Pastasalat

pasta
kyllingfile/helstekt
avocado
cherry tomater
fetaost
krutonger
ruccola salat
salat
sukkererter
pest og litt olje.
Nam, nam dette består denne gode pastasalaten av som eg har fått hos Sylvia, og no laga sjøl. Bland alt sammen, og ha pesto og litt olje over til slutt.

fredag 30. oktober 2009

Omelett

Denne omeletten hadde eg til middag i dag, enkelt og godt. I dag hadde eg bacon, kokt potet, løk og rukolasalat i den. Men her er det kunn fantasier og ka ein har i kjøleskapet som sette grenser. Ost, kjøttdeig, tomat, paprika, pasta, champingjong er andre ting er noken forslag til andre ting ein kan ha oppi, og som eg syns er godt.

Eg starta med å legg bacon i ei lita ildfast form og hadde det inni steikeovnen på 200 grader til det hadde begynt å få farge, så tok eg oppi dei øvrige ingrediensane. Så laga eg ei blanding av tre egg og tre ss melk som eg helte over (til ein veldig svulten person).
Og resultatet av 20 min på 200 gr er:
Nam, nam...
Når ein steike omeletten i steikeovnen kan ein regulere steiketid og temperatur etter kor tjukk omeletten er, og ein er garantert å få gjennomsteikt omelett.

onsdag 14. oktober 2009

Tykia

I mårå forlate eg Oslo. Nattefrost, hektisk periode på jobben, leilighet som ikkje er heilt ferdig og reise til Club Vera Paraiso Verde i Antalia i Tyrkia. Blir deilig å komma ned i varmen, nyte 5 stjernes hotell, med spa, basseng, sol og god mat.








Bildene er henta fra hotellets heimeside www.paraisoverde.com.tr
Komme tilbake med egne bilder når eg er tilbake, ha det fint så lenge.


søndag 11. oktober 2009

Gryteklutar

Har strikka to sett med julegryteklutar, oppskrifta er den en la ut den 6 september.

Flytting er ein fin mulighet til å få rydda opp i ting, og kansje kvitte seg med noko. Til min store overraskelse hadde eg 4 store eske med hobbyting, så no er det total kjøpe stopp. Til all tråen i to 70 liter kassar er strikka opp. No er det 8 nøste mindre i den eie kassen :)

tirsdag 6. oktober 2009

Firkløver kaka

Nam, bestemor si firkløverkaka. Denne laga hu til meg når eg var på Bømlo og feira 25 års dagen min for nokre veke sida. Trenge du ei kaka som både små og store munna like, er denne perfekt. Her er oppskrifta, 24 cm form.

125 gr smør
1 plata dronning sjokolade
5 egg
250 gr sukker
125 gr mjøl
1 ts bakepulver

Pisk egg og sukker til eggedosis.
Smelt sjokoladen og smøret.
Ha de "tørre" oppi eggedosisen, og tilsett den smelta massen.

Steik kaka på 175 gr i 45 min

Fyll
2 kp melis
1 kp fløyte
1/2 kopp meierismør
200 gr firkløver

Kok opp melisen og fløyten og rør inn dei andre ingrediensane, rør/vent til fylle har fått passe tjukkelse.

Bestemor mi seie at ein kan ikke koka suppa på ein spiker, og med å lesa ingrediensane her, skjønne ein det blir godt, for her er det lite "spiker".

mandag 14. september 2009

Fiskegarnsmykke

Eg henta inspirasjon til å laga dette smykket fra boka til Tone Rørseth, Lag vakre smykker. Hu hadde henta inspirasjon fra farens fiskegarn, og eg fra det yrande livet som er i sjøen, som eg ser kvar gong eg er på vestlandet. Det er fasinerande å sjå korleis ei brennmanet forflytte seg. Og dei er flotte å sjå på, så lenge ein sleppe å vara borti dei. Smykke er laga ved å hekla tynn kobbartrå og festa perler på.







fredag 11. september 2009

Eg har vore heima fra jobb i to veker no, eit virus som herje rundt i kroppen og har gitt meg alle symptom på influensa (bortsett fra feber), og ein nakke, hove og skulder/rygg som streike. Eg er vant til å vara veldig aktiv, så vore ein tolmodighetsprøve for meg, men har sikkert hatt godt av å senka pulsen litt. Går heldigvis rette veien no, og skal på jobben igjenn i mårå.



Til vanlig drar eg på fleire mil lang søndagstur på sykkelen, men no har eg rusla rund kvartalet, og det som er positivt med det, er at ein ser meir av det ein går forbi, sånn som desse raunebæra. Eg syns dei er så fine, og det er så masse av dei i år.



Ellers skjer da store endringar i livet mitt, 20 september overtar eg nyinnkjøpt leilighet på Carl Berner i Oslo. Har budd i Buskerud i fire år no, men eg og kjæresten min skal skilla lag og jobben er i Oslo, flytte eg dit.



Leiligheten eg har kjøpt består av ein 1 roms og ein 2 roms, skal leiga ut 1 romsen. Trenge du eller kjenner du noken som trenge tak over hove, stikk innom: http://www.zett.no/bolig__til_leie.html?objectId=1671375



Ellers tar eg mot råd og tips om å bli "byjenta". (Hobbyklubbar/kurs, kafear, menighetar, trimtilbud osv osv).

Blå smykker

Eg mangla noken svarte perler, resultatet blei svart , grønn og blå perlemix fra tua13 på qxl. Men syns eg gjorde eit godt kjøp, kvar mix var på 300 gr, og i tillegg fekk eg to anheng, og betalte ca 140 kr.
Fint og enkelt smykke, anhenget fra den blå perlemixen.

Var innom ein smykkebutikk for å hente inspirasjon, resultatet blei dette. Smykket er sett samen av mange stavar og med hjertelås framme på smykket.

Blå var i mange år min "favorittfarge", men i den grad ein har ein "favorittfarge" etter å ha pasert tjue, er den no lilla. Kjekt å laga noko i ein farge som ein har likt så godt og hatt som farge på rommet, klær, interiør osv.

Noken som kan tipsa om kjekke blogga med perleting på?


søndag 6. september 2009

Gryteklutar

Her er ein av mine "spesialiteter". Grytekluta stikka på rundpinne (42 cm, 80 masker) med dobbel bomuls trå. Strikk til det er blitt ein firkant, eller til du nesten ikkje har meir trå igjenn og fel av, og hekla ein kant rund. Eg har gitt dette i presangar og får tilbakemelding på at det er "verdens beste" gryteklutar.




Viss det er noken som har reflektert litt over ka eg legge ut på bloggen min, håpe eg at ein konkludere med at det er ting som ein kan bruka, ting som er relativt lett å laga, og ein blir relativt fort ferdig med det. Eg er på utkikk etter nye prosjekt i denne kategorien. Har tenkt å prøva med på gryteklutane til http://solsikkestrikk.blogspot.com/. Er det noken andre "der ute" som har tips om gryteklutar, eller andre ting ein kan strikke som ein kan bruke?
Ha ein fin kveld :)

lørdag 5. september 2009

Årets "kolleksjon"

Det er ikkje til å tru, eg er ferdig med årets kolleksjon allerede, i fjord blei eg aldri ferdig (og resultatet var at svogeren min fekk ikkje sokkar, men fortvil ikkje, det var ditt par eg strikka først når eg begynte på neste års kolleksjon i januar). "Kolleksjonen" består av sokkar i str 35-45 som eg gir til familie og venner til jul.

Sidan eg er så tidli ferdig i år, og ingen store prosjekt i tankane, trenge eg fleire å strikka til. Legg inn eit innlegg, eller send meg ein mail på oddbfurre@gmail.com . Skulle det vara noko anna du har lyst på, eller kunne tenke deg å gi videre, frå bloggen min, kan du gjera det på samme måte.

Ha ein fin lørdag!

Størrelse 36

Bråt 42 omgongar
Hel 7 omgongar
Fot 37 omgongar

Sokkar str 38

Bråt 46 omgongar
Hel 7 omgongar
Fot 42 omgongar
Har laga "merkelappar" til alle sokkane eg laga, eller rettare sakt, litt gratis reklame for bloggen min. Sjøl om dei fleste eg gir sokkar til veit om bloggen min, kan dei gi lappen vidare, viss dei kjenner ein hobby entusiast.

Størrelse 42


Bråt 58 omgongar
Hel 9 omgongar før felling
Fot 52 omgongar

Størrelse 43

Bråt 60 omgongar
Hel 9 omgongar før felling
Fot 54 omgongar

tirsdag 1. september 2009

Velkommen til verden Even!

For 12 dagar sidan kom Even til verden, gratulera til foreldre og resten av familien. Glede meg til å sjå deg. Har strikka denne dressen i str 1/2 år til babyen (sjå tidligare innlegg).

lørdag 29. august 2009

Adventskalender


Noken trur sikkert eg har ein skrue laus når eg komme med dette innlegget no, og det kan sikkert diskuterest, men sjølv beskrive eg det som at eg er ein av dei som like veldig godt juleforberedelsar. Så snart eg er tilbake på jobb i januar, begynne eg på neste års produksjon. Og for dåke som ikkje har tenkt på det, det er berre 4 mmd igjen.

I fjord laga eg tre pakkekalendara (barn og voksne), tenkte eg skulle legga ut ka eg hadde i dei, viss noken andre holde på med det samme, og trenge noken idea.

Adventslys (avgrensa område ein skal brenna kvar dag), anbefale Nille sine.
1 pk tyggis
1 pk god kaffi (til voksne)
refleks
pepperkakehus
tannkost
kulepenn
Griseflaks
liten stiftemaskin
julekort, ferdig frankert, og kansje med navnet ditt på?
pepperkakeformer
pepperkakedeig
1 par sokkar heimestrikka eller kjøpesokkar
1 julebrus
lypsyl
shampo
1 porsjonspakkar med feks bixit, ballerina, knekkebrød som ein kan ha med i lunchen
binders med motiv på
1 pk papir lommetørkle
Suppepose (eller noko anna, aldersbestemt ka ein kan laga), med oppfordring om å invitere/lage middag til noken
Ønskelista mi til jul
Binders med motiv på
Sjokolade og gotteri i alle regnbuens farga.
hårstrikka/hårpynt (til jente)
strømpebukse (til jente)
tannkrem
Porsjonspakke med suppe
Kalender for neste år
Favorit blad/avis

Kalendarane eg laga i fjord bestod av ca 50% ting ein kunne eta og 50% av ting ein trenge i kvardagen.

Har du noken idear til ka ein kan ha i pakkekalender?

torsdag 27. august 2009

Smykke sett

Her er to smykkesett eg laga sist helg, har fått augene opp for å laga sett. Kjekt å noko som passar ilag. Første bilde er av ein av mine "spesialitetar", men med nytt tilbehør. Dette er videreutvikling av smykke på bilde over. Men siden eg festa perler langs heile vaieren og brukte fem vaiera (istadenfor tre som på de andre bilde) brukte eg mindre perler. Det framkomme ikkje på bildet, men eg har brukt ein lås som er forma som hjerta.

Mens eg holdt på med dette høyrte eg Skjellsankerne av Rosamunde Pilcher på lydbok, kan anbefala den boko. Og, lydbok er perfekt, for då kan ein gjera to kjekke ting samtidig.
Ha ein fin kveld!