søndag 30. januar 2011

Musetøfler

Før jul starta eg på desse tøfflene og skulle gi dei i gåve. Eg hadde lagt opp all for stor størrelse og gjekk tom for trå når eg var ferdig, sidan dette var ein del av prosjektet "bli kvitt restetrå", rekka eg opp og begynte på ny. No blei det akuratt nok trå. Tøflene er i størrelse 38, i følge formelen: (skostørrelse * 3)/2. Men dei er ganske vie, så skal eg laga fleire skal eg ha legga opp ferre masker. Oppskrifta har eg funne i boka "Gø å strikke med tykke pinner". No skal tøflene i gåvekassen, så er eg i gong med "årets" produksjon.

tirsdag 25. januar 2011

Melkesjokolade muffins

Eg fekk kokeboka "Muffins, 39 uimotståelige søte og lekre oppskrifter" med 9 silikonmuffinsformer til jul. Endelig hadde fekk eg ein anledning til å testa ut ein av oppskriftene. Og til ni, kjempegode melkesjokolademuffins trenge du:
75 gr smør
75 gr melkesjokolade
80 gr brunt sukker
2 egg
60 gr kveitemjøl
1/2 ts bakepulver.
Smelt sjokoladen og smøret i vannbad (eg hadde det oppi ein tett boks og hadde boksen oppi vannbad). Visp samen sukker og egg. Ha eggedosisen oppi sjokoladeblandinga og sikt inn det tørre. Steik 20-25 minutt på 160 grader
Avkjøl muffinsa
Smelt 80 gr melkesjokolade og ha oppi 2 ss fløyte. La det stå litt etter at sjokoladen er smelta, sånn at fyllet tjuknar (ca 8 min i følge oppskrifta). Smørr fyllet oppå muffinsa.

onsdag 19. januar 2011

Grapefrukt smoothies

2 store grapefrukt
2 dl kaldt vatn
200 gr gresk yoghurt
2 ss honning
Skrell og del grapefrukta i bitar og prøv å få ut evt steinar. Kjør grapefrukta og vatnet i blenderen. Når det er blitt ein jevn blanding, tilsett yoghurten og honningen. Og kjør blanderen til alt er blanda. Frisk smoothie, som både er sur og søt.
Har ikkje brukt gresk yoghurt før, så har samla samen litt fakta:
Gresk Yoghurt
  • inneholde lika masse kalsium som vanlig yoghurt
  • dobbelt så masse proteiner som vanlig yoghurt
  • tjukkare og meir kremaktig konsistens enn vanlig yoghurt
  • kan erstatta rømme eller yoghurt naturel
  • lavt kabohydrat innhold
  • har du ikkje tilgang til gresk yoghurt, kan du la yoghurt naturell renna av seg i eit kaffi filter
  • varierande fettinnhold, fra lith og opp til 10 % i Hellas

Ha ei fin helg!

tirsdag 18. januar 2011

Oldemors kvardagsbrød

Når eg har vore heima, har eg alltid med meg heimelaga brød fra pappa tilbake. Syns da blei veldig fort oppeten denne gongen, så har baka brød sjøl. Oppskrifta er den som oldemora mi pleide å bruka. Ingrediensane er for 3 brød i langpanna, eg laga 1/3 oppskrift og brukte to 2 liters brødformer i staden for, og fekk noken litt små brød. Syns heimelaga brød fort dette frå kvarandre, så bedre med litt lågare brød.
1.5 kg kveitemjøl
1/2 kg grov kveite
1/2 kg fin rug
1 ss salt
5 ss sirup
150 gr smør
1,7 l vatn
50 gr gjær
Smelt sirup, smør og tilsett vatn slik at det blir totalt 1.7 liter og blandinga er lunka. Bland alt mjølet og saltet. Løys opp gjæren i den lunka veskeblandinga. Hev deigen før du bakar ut brøda. Etterhev, ha litt vatn oppå (så skorpa blir sprø) og steik brøda i 30 min på 225 gr og 30 min på 175 gr. Bank litt på brøda, og når du får ein hol lyd er dei ferige. Siden mine brød var låge, steikte eg dei 15 min på 225, og 20 min på 175.
Har akuratt kost meg med ei skjeva no, hadde feilberekna kor lang tid det tok å laga middagen. Eg pleie å skjæra brøda i skiver og frysa dei med bakepapir imellom, då er det kjempelett å ta opp, hiva i brødristaren og kort tid etter har ein ferskt og godt brød.

fredag 14. januar 2011

Bokanbefalingar

Hei, eg har lest og høyrt to bra bøker i da sista. Gullu Can blei født i Kurdistan rundt 1930. Sju av barna hennes døde, åtte overlevde. På 1970-tallet utvandret hun til Sverige med en drøm om et liv uten fattigdom og sult. I januar 2005 døde hun. Hvem var hun egentlig? Gjennom sitt ønske om å bli kjent med sin mor åpner en ny verden døren for Mustafa Can; en verden av fortrengte følelser, av skam, ensomhet og hjemløshet. Men dørene åpnes også til grensesløs kjærlighet, tilgivelse og identitet.
En fortelling om uventet kjærlighet i et overgitt landskap på Svalbard. Bea har aldri latt seg blinde av en mann. Midt på sommeren reiser hun til det iskalde Svalbard. Ingen forstår hva hun skal gjøre der. Snart befinner hun seg på en båt midt ute i isødet sammen med en liten gruppe mennesker. Bea er ikke med den eneste av passasjerene som bærer på hemmeligheten, og dramatikken utspiller seg i et overgitt landskap, der møtet med naturkreftene intensiverer hendelsene.

Legg igjenn ein kommentar på dette innlegget, og du er med i trekninga av boka Zona Frigida. Eg trekke neste fredag, og dersom du er den heldige, vil den dukka opp i postkassen din.

God helg!



mandag 10. januar 2011

one size sokka

Endelig har eg og lært meg å strikka sokkar uten hel, trur da er 4 gong er prøve. Med god hjelp frå storesøster og trå med ein farge gjekk da veldig greit når ein først var komt inn i da. Starta med å legga opp 40 masker, strikka tre omgongar med to rette og to ronge, så forskøyv eg mønsteret ei maska og forsatte med tre omgongar og sånn forsette eg til eg nesten ikkje hadde meir trå igjenn på nøsta og felte av. Som du kansje ser, har eg gløymt å vri siste omgongen før fellinga på tåa. Og siden eg er prinsipielt imot og rekka opp, strikka eg den andre sokken på samme måte.
trå:viking sportsragg

onsdag 5. januar 2011

Laks *2

Etter 10 dagar på ferie var det veldig kjekt å laga mat igjenn. Her ein egenkomponert lakserett. Starta med å skjære poteter og gullerøtter i skiver. la det utover i ei ildfast form med litt olja oppi. Hakka løk og la oppå, og lot det stå i steikeovnen til det var halv ferdig. Blanda samen purre og tomater, litt olja og basilikum. Hadde det oppå potetene og la laksefileen med litt pepar oppå. Hadde det inni ovnen igjenn til den var gjennomsteikt. Steikeovnen var på 225 gr heile veien. Og her er resultatet:

Ta ingrediensane på bildet (maisenamjøl mangla), klikk deg inn her:
www.godfisk.no/Lokale-oppskrifter/Norge/Bjoergens-fiskegryte
Og vips, så får du dette:

Eg hadde oppi litt for lite maisena, så det blei meir suppa en gryta, men smakte godt både på mandag og i dag.

søndag 2. januar 2011

Jul og nyttårsfeiring

Hei og vell overstått jul og godt nyttår. No er eg tilbake etter julefeiring på Bømlo og romjul og nyttårsferiring i Marokko. Den fine oppsatsen på bilde over har mamma laga. Eg feira jul samen med med nærmaste familie med alder frå 4 mnd. til 84 år, 11 stk totalt. Eg fekk masse fint, pinnakjøtet smakte kjempegodt (holde du til i Sunhordland, er kjøtet frå slaktar Lyngdal i Haugesund absolutt ein anbefaling) og det var både snø og sol alle dagane eg var der.
Marokko turen starta på Gardemoen med ein 5 timars flytur til Marrakech. Me budde på hotell Tichka Salam i to netter. Her såg me på "medinaen", som bestod av tronge smug som hadde all slags håndverk og her den åpne plassen.
Om kvelden var me på ein marokkansk resturang og fekk blant anna denne nydelige kyllingretten. Har kjøpt kokebok, og blir det vellykka, komme eg med oppskrifter seinare.
Til resturangen tok me hestedrosje.
Nam, kjempegode mandarinern rett frå tree...
Dag to starta på solsenga, eg får aldri nok av å kjenna at sola varme:) Etterpå var eg på hammam (kropsskrubb). På ettermiddagen var me i Majorelle hagen, som er eigd av Yves Saint Laurente. Det var mange kaktusar og palmer, men også noken blomster. Marrakeck er veldig tørt, og kan ha temperaturar opp til 50 grader på sommaren.

Og skal da vara, så skal da vara, før middagen var me på hotellet Petter Stordalen feirte bryllupet sitt på. Me måtte lura oss inn, tok på oss da finaste me hadde og guiden vår presenterte oss som norske turoperatørar, ganske morsomt. Me tok ein drink før me returnerte til 3 stjernes hotellet vårt.
Dag tre brukte me 5 timar i buss. 2.5 time til Essaouira og 2.5 time langs kysten til Agadir.
Essaouira er kjent som "paradis" for hippiegenerasjonen og at Torbjørn Egner brukte den som modell for Kardemommeby. Byen hadde som smale smug og flott utsikt utover atlanterhavet.
Marokko er på full fart opp, og er eit populært ferieland. Men eg såg fleire som han her, som måtte tigga for å få til livets opphold.
Nyttårsafta hadde eg ein nydelig dag på stranda, først gåtur langs strandpromenaden, så lunch på italiensk resturang, og så vandretur i bølgeskvulpen. Her vil eg tilbake på badeferie!
Etter ein lang dag ute i sola var eg på pedykyre og manykyre før me satte kurset til nyttårsfeiring heima hos guiden. Som underholdning var det kamelridning og henna maling. Her ser dåke meg i aksjon oppå kamelen (tips, ikkje ha på deg kjole). Guiden vår, Anne Marthe er norsk men har budd i Marokko i 30 år. Huset var nydelig. Arkitektstegna og hadde blant anna hengebenk i stova. Guiden har skreve kokebok, og me fekk noken rettar frå den.
Håpar du og har fått litt lyst å reisa til Marokko no. Eg viste ikkje masse om landet før eg reiste. Men blei positivt overraska over alt landet hadde å by på. Og fekk bevist ein gong for alle, det fins fleire typar arabera. I motsetning til dei eg har truffe i Tunisia og Egypt var dei ikkje masete, men veldig hjelpsomme. Eg skulle kjøpa ei lykt til å ha telys i, det var litt rust på den og eg spurte om dei hadde ei anna. Det hadde dei ikkje, men han fjerna rusten og malte den på nytt mens eg venta (og til ein digresjon, lykta kosta meg 21 kr).