tirsdag 29. oktober 2013

Lunch ute i det fri

 Mat smake ekstra godt når ein er ute i frisk luft:) For noken helge sidan var det speidertur, eg var med noken timar på lørdagen å stod for lunchen. Til "hovedrett" var det ostesmørbrød på bål og kakao.
 og til desser, pannekaker med syltetøy:)


Til ostesmørbrøda hadde me kjøpt inn oppskåre brød. Eg smørte ketsjup på ei skive, og la ei anna oppå. Ungane fekk ost, salami eller skinke og oregano mellom skivene. Skivene blei pakka inn i aluminiumsfolie og varma på bål. Nokken skiver blei litt svidd, på andre var ikkje osten smelta, men stor sett blei ostesmørbrøda veldig gode.
 
Til desser hadde me pannekaker, laga av 2 familiepakkar (ca 3 liter røre). Det tok litt tid å steike pannekaker til 20 stykk, men resultatet blei bedre og bedre etter kvart. Det er stor variasjon i forhold til kor masse gass som trengs på ett stormkjøkkenet. På desse hadde me maks styrke, men tok steikepanna av når me skulle ha smør oppå, slik at smøret ikkje blei for varmt før me hadde oppå røra.  Det beste er å ha ett relativt nytt stormkjøkken, eller rettare sakt, ei steikepanne med godt teflonbelegg.  

søndag 20. oktober 2013

Homemade Granola muffins

 
Eg fekk kokeboka Manuelas hjemmebakst til bursdagen. Eg blir veldig glad når eg får kokebøker, siden eg har kjøpestopp på det sjølv. Eg syns det er veldig kjekt å bla/lesa i kokebøker. Dei fleste oppskriftene i Manuelas kokebok passa dårlig med ein svangerskaps diabetes "diett". Men når eg kom til Homemade Granola stod det "...denne granolaen er en ganske sunn blanding....". Og siden nøtter og frø er bra for meg, bestemte eg meg for å prøva. Eg har laga min egen variant, med utgangspunkt i oppskrifta i boka.
 
200 gram store havregryn
50 gram gresskarkjerner
50 gram solsikkefrø
5 ss linfrø
3 ss sesamfrø
50 gr grovhakka mandlar
150 gr tørka tranbær
50 gr brunt sukker
1/2 dl solsikkeolje
1/2 dl flytande honning
1/2 dl lønnesirup
 
Forvarm ovnen til 180 grader
 
Dekk ei steikeplate med bakepapir. Bland havregryn, gresskarkjerne, solsikkefrø, linfrø, sesamfrø og mandlar. Ha de oppi steikeplata. Ha det i ovnen ca 8 minutt. Ta det ut og ha oppi ei bolle og tilsett tranbæra.
 
Samtidig som frøa er i steikeovnen varme du opp det flytande og sukkeret i ein kjele på svak varme.
Når sukkeret er smelta og alt er blanda helle du det over den tørre blandingen. Fordel innholdet i muffinsformer. Sett det tilbake i steikeovnen i 25-30 minutt. Avkjøl kaldt 1-2 timar.
 
Eg har redusert mengden sukker, olje, honning og sirup, men skjønte fort at dette passa dårlig med min "diett". Me kosa oss med dette ein dag når me hadde besøk til kaffien, og etterpå fekk gjestene det som var igjenn:)
 
Det er masse gjærbakst i boka som eg glede meg til prøva ut.
 
Ha ein fin søndag!
 

søndag 13. oktober 2013

Laks med pesto og pistasjenøtter

Laks er den fisken me ete mest av, og det er alltid kjekt og finna nye måtar å tilberede den på. Eg starta med å ha litt olje i ei ildfast form. La laksefilea oppi (1,5 per person). Hadde litt salt og pepper på laksen. Hakka purre og hadde rundt fisken. Tok 1 ss pesto på kvar laksefile og strødde til slutt pistasjnøtter oppå. 25 minutt i ovnen på 220 grader, kok ris og brokkoli, og tata: ein veldig god middag.

tirsdag 8. oktober 2013

Jakker strikka i ett stykke

 
Eg er akuratt ferdig med to bomulsjakker stikka i ett stykke, ei til lillegutt og ei til gavekassen. Jakka var veldig enkel å strikka, og det var minimalt med montering. Under knappane er det trykk knappar.
 
 
Oppskrifta er henta frå boka Myk start og jakkene er i størrelse 4-6 måna.