lørdag 23. november 2013

lillegutt

 

Vår lille prins kom til verden 21.11 klokken 0715. Han er erklært frisk som en fisk av barnelegen med en vekt på 3140 gram og lengde på 50 cm.vi er stolte foreldre og nyter vært minutt med han:) 

søndag 17. november 2013

Juleverksted del II

Aktivitet 3: Julepostholdar
Når eg gjekk på barneskulen gjekk eg på onsdagsklubb kvar 14 dag. Det var ein hobbyklubb, og der laga me masse kjekt, blant anna denne julepostholdaren. Kjøp store papptalerkar (papp og ikkje plast, det vil vara vanskelig å festa og skriva på plast, mine er 24 cm i diameter). Del tallerken i 2, og stift eine halvdelen fast på ein heil tallerken (5 stifta). Pynt stiftane med små hjerter eller stjerner, lag hål med hålemaskin til band. Klipp band på ca 50 cm og fest. Skriv og dekorer på postholdaren.  

Aktivitet 4: Julekort
Og til slutt julekort. Alt materialet er kjøpt på Nille, TGS og Søstrene grene.
Klister og glitter er og blir ein favoritt blant barn, og med nærmare 2000 klister i ulike størrelsar og fasongar håpar eg det skal vara nok til 25 7-10 åringar;)

tirsdag 12. november 2013

Juleverksted, del I

 Kor mange NonStop er det i en pakke på 225 gram?
27 november skal det vara juleverksted i speidern (2-4 klasse). Eg kan ikkje vara med, men har funne aktivitetar og forberedt.
 Non Stop smakar godt slik den er, eller i disse marsipankulene:)
Marsipankulene er laga av Odense marsipan, 400 gram gav ca 50 kuler.
 
Aktivitet to på juleverkstedet er å lage appelsin kalender.
 

Eg har kjøpt inn og kløpt opp band på ca 110 cm til å ha rundt appelsinene (innpakningsband frå Søstrene grene). Startet med å ta bandet ein gong rundt appelsina, knytt stramt, ta bandet den andre retning slik at det blir 4 rom, og knytt ein dobbel knute. Resten av bandet er til oppheng. Eg satte ein knappenål i den enden av appelsina kor eg ikkje hadde knutar.
1 pakke hel nellik fra Toro på 10 gram er nok til ca 4 appelsiner.
 
Aktivitet 3 og 4 kjem i neste innlegg.  

tirsdag 5. november 2013

Omelett og knasande desser

 Omelett med ost, nudla og salsa
 
Til omelett til 3 stk trenge du:
8 egg
8 ss melk
12 ss reven kvitost
100 gram opphakka skinka
grove nudlar (eller anna pasta)
 
Visp samen egg og melk.
Hell røra i ei varm steikepanne med smør. Trekk røra inn mot midten, slik at massen på toppen flyte ut til sidene.
Pakk inn skinke og nudlar i bitar i omeletten, ha ost oppå.
 
Salsa
10 Cherry tomater
1/3 agurk
1/2 pakke sukkererter
4 ss god olivenolje
2 ts vineddik
2 ts sukker
salt og pepar
basilikum
 
Del opp tomatene, agurken og sukkerertene i små bitar. Hell over olje og eddik. Smak til med sukker og pepar.

Knasande sunn desser
Etter at eg fekk svangerskapsdiabetes har eg hatt augene åpne for desserar uten sukker. Bær er bedre enn frukt så denne dessæren passar perfekt:
 
Til 3 små former trenge du:
1,5 dl hakka mandlar
1/2 dl solsikkekjerne
1/4 dl gresskarkjerne.
 
Bland dette og fordel i 3 skåler, ha 2 ss vatn over kvar skål og sett skålene 1 time i kjøleskapet.
Når "botn" er stivna har du oppi 3 ss vaniljekesam i kvar skål. Fordel 1 pakke blåbær og 1 hakka kiwi over skålene.
 
Enjoy!