søndag 17. november 2013

Juleverksted del II

Aktivitet 3: Julepostholdar
Når eg gjekk på barneskulen gjekk eg på onsdagsklubb kvar 14 dag. Det var ein hobbyklubb, og der laga me masse kjekt, blant anna denne julepostholdaren. Kjøp store papptalerkar (papp og ikkje plast, det vil vara vanskelig å festa og skriva på plast, mine er 24 cm i diameter). Del tallerken i 2, og stift eine halvdelen fast på ein heil tallerken (5 stifta). Pynt stiftane med små hjerter eller stjerner, lag hål med hålemaskin til band. Klipp band på ca 50 cm og fest. Skriv og dekorer på postholdaren.  

Aktivitet 4: Julekort
Og til slutt julekort. Alt materialet er kjøpt på Nille, TGS og Søstrene grene.
Klister og glitter er og blir ein favoritt blant barn, og med nærmare 2000 klister i ulike størrelsar og fasongar håpar eg det skal vara nok til 25 7-10 åringar;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar