mandag 23. desember 2013

mandag 9. desember 2013

Fried rice med kjøttdeig og mandarin smoothie


Det er lite tid og overskudd til å eksperimentere på kjøkkenet om dagen, men middag må me ha og her er min variant av fried rice med kjøttdeig (inspirert av ei oppskrift eg fant i Tara smak som me fekk i søndagskalenderen:)).
 
Til 3 svoltne trenge du: 3 egg, 0,5 ts kvitløkspulver, o,5 ts ingefær, 1 pakke kjøttdeig, 2 pakka boil in bag ris, 3 raspa gullerøtter, 1 pakke sukkererter i betar og 1 paprika i betar.      
        
1. Kok risen.                                                                                                                                        
2. Pisk egga. Steik på høg varme med litt olje under konstant omrøring. Ta eggemassen ut av steikepanna.                                                                                                                                            
3. Varm opp olje i steikepanna tilsett kvitløkspulver og ingefær. Tilsett kjøttdeigen og steik den.
           
4.Tilsett resten av ingrediensene og steik under omrøring til alt er gjennomvarma.          
                         
5. Smak til med salt og pepar.
 
Mannen i huset har begynt og laga smoothie, og resultatet er veldig bra og veldig annerledes enn dei eg pleier å laga. Her har han laga med banan, mandarin, mang og appelsinjuce. Til to glas brukte han 1 banan, 1 mango, 3 mandariner og juce.

lørdag 23. november 2013

lillegutt

 

Vår lille prins kom til verden 21.11 klokken 0715. Han er erklært frisk som en fisk av barnelegen med en vekt på 3140 gram og lengde på 50 cm.vi er stolte foreldre og nyter vært minutt med han:) 

søndag 17. november 2013

Juleverksted del II

Aktivitet 3: Julepostholdar
Når eg gjekk på barneskulen gjekk eg på onsdagsklubb kvar 14 dag. Det var ein hobbyklubb, og der laga me masse kjekt, blant anna denne julepostholdaren. Kjøp store papptalerkar (papp og ikkje plast, det vil vara vanskelig å festa og skriva på plast, mine er 24 cm i diameter). Del tallerken i 2, og stift eine halvdelen fast på ein heil tallerken (5 stifta). Pynt stiftane med små hjerter eller stjerner, lag hål med hålemaskin til band. Klipp band på ca 50 cm og fest. Skriv og dekorer på postholdaren.  

Aktivitet 4: Julekort
Og til slutt julekort. Alt materialet er kjøpt på Nille, TGS og Søstrene grene.
Klister og glitter er og blir ein favoritt blant barn, og med nærmare 2000 klister i ulike størrelsar og fasongar håpar eg det skal vara nok til 25 7-10 åringar;)

tirsdag 12. november 2013

Juleverksted, del I

 Kor mange NonStop er det i en pakke på 225 gram?
27 november skal det vara juleverksted i speidern (2-4 klasse). Eg kan ikkje vara med, men har funne aktivitetar og forberedt.
 Non Stop smakar godt slik den er, eller i disse marsipankulene:)
Marsipankulene er laga av Odense marsipan, 400 gram gav ca 50 kuler.
 
Aktivitet to på juleverkstedet er å lage appelsin kalender.
 

Eg har kjøpt inn og kløpt opp band på ca 110 cm til å ha rundt appelsinene (innpakningsband frå Søstrene grene). Startet med å ta bandet ein gong rundt appelsina, knytt stramt, ta bandet den andre retning slik at det blir 4 rom, og knytt ein dobbel knute. Resten av bandet er til oppheng. Eg satte ein knappenål i den enden av appelsina kor eg ikkje hadde knutar.
1 pakke hel nellik fra Toro på 10 gram er nok til ca 4 appelsiner.
 
Aktivitet 3 og 4 kjem i neste innlegg.  

tirsdag 5. november 2013

Omelett og knasande desser

 Omelett med ost, nudla og salsa
 
Til omelett til 3 stk trenge du:
8 egg
8 ss melk
12 ss reven kvitost
100 gram opphakka skinka
grove nudlar (eller anna pasta)
 
Visp samen egg og melk.
Hell røra i ei varm steikepanne med smør. Trekk røra inn mot midten, slik at massen på toppen flyte ut til sidene.
Pakk inn skinke og nudlar i bitar i omeletten, ha ost oppå.
 
Salsa
10 Cherry tomater
1/3 agurk
1/2 pakke sukkererter
4 ss god olivenolje
2 ts vineddik
2 ts sukker
salt og pepar
basilikum
 
Del opp tomatene, agurken og sukkerertene i små bitar. Hell over olje og eddik. Smak til med sukker og pepar.

Knasande sunn desser
Etter at eg fekk svangerskapsdiabetes har eg hatt augene åpne for desserar uten sukker. Bær er bedre enn frukt så denne dessæren passar perfekt:
 
Til 3 små former trenge du:
1,5 dl hakka mandlar
1/2 dl solsikkekjerne
1/4 dl gresskarkjerne.
 
Bland dette og fordel i 3 skåler, ha 2 ss vatn over kvar skål og sett skålene 1 time i kjøleskapet.
Når "botn" er stivna har du oppi 3 ss vaniljekesam i kvar skål. Fordel 1 pakke blåbær og 1 hakka kiwi over skålene.
 
Enjoy!
 
 

tirsdag 29. oktober 2013

Lunch ute i det fri

 Mat smake ekstra godt når ein er ute i frisk luft:) For noken helge sidan var det speidertur, eg var med noken timar på lørdagen å stod for lunchen. Til "hovedrett" var det ostesmørbrød på bål og kakao.
 og til desser, pannekaker med syltetøy:)


Til ostesmørbrøda hadde me kjøpt inn oppskåre brød. Eg smørte ketsjup på ei skive, og la ei anna oppå. Ungane fekk ost, salami eller skinke og oregano mellom skivene. Skivene blei pakka inn i aluminiumsfolie og varma på bål. Nokken skiver blei litt svidd, på andre var ikkje osten smelta, men stor sett blei ostesmørbrøda veldig gode.
 
Til desser hadde me pannekaker, laga av 2 familiepakkar (ca 3 liter røre). Det tok litt tid å steike pannekaker til 20 stykk, men resultatet blei bedre og bedre etter kvart. Det er stor variasjon i forhold til kor masse gass som trengs på ett stormkjøkkenet. På desse hadde me maks styrke, men tok steikepanna av når me skulle ha smør oppå, slik at smøret ikkje blei for varmt før me hadde oppå røra.  Det beste er å ha ett relativt nytt stormkjøkken, eller rettare sakt, ei steikepanne med godt teflonbelegg.  

søndag 20. oktober 2013

Homemade Granola muffins

 
Eg fekk kokeboka Manuelas hjemmebakst til bursdagen. Eg blir veldig glad når eg får kokebøker, siden eg har kjøpestopp på det sjølv. Eg syns det er veldig kjekt å bla/lesa i kokebøker. Dei fleste oppskriftene i Manuelas kokebok passa dårlig med ein svangerskaps diabetes "diett". Men når eg kom til Homemade Granola stod det "...denne granolaen er en ganske sunn blanding....". Og siden nøtter og frø er bra for meg, bestemte eg meg for å prøva. Eg har laga min egen variant, med utgangspunkt i oppskrifta i boka.
 
200 gram store havregryn
50 gram gresskarkjerner
50 gram solsikkefrø
5 ss linfrø
3 ss sesamfrø
50 gr grovhakka mandlar
150 gr tørka tranbær
50 gr brunt sukker
1/2 dl solsikkeolje
1/2 dl flytande honning
1/2 dl lønnesirup
 
Forvarm ovnen til 180 grader
 
Dekk ei steikeplate med bakepapir. Bland havregryn, gresskarkjerne, solsikkefrø, linfrø, sesamfrø og mandlar. Ha de oppi steikeplata. Ha det i ovnen ca 8 minutt. Ta det ut og ha oppi ei bolle og tilsett tranbæra.
 
Samtidig som frøa er i steikeovnen varme du opp det flytande og sukkeret i ein kjele på svak varme.
Når sukkeret er smelta og alt er blanda helle du det over den tørre blandingen. Fordel innholdet i muffinsformer. Sett det tilbake i steikeovnen i 25-30 minutt. Avkjøl kaldt 1-2 timar.
 
Eg har redusert mengden sukker, olje, honning og sirup, men skjønte fort at dette passa dårlig med min "diett". Me kosa oss med dette ein dag når me hadde besøk til kaffien, og etterpå fekk gjestene det som var igjenn:)
 
Det er masse gjærbakst i boka som eg glede meg til prøva ut.
 
Ha ein fin søndag!
 

søndag 13. oktober 2013

Laks med pesto og pistasjenøtter

Laks er den fisken me ete mest av, og det er alltid kjekt og finna nye måtar å tilberede den på. Eg starta med å ha litt olje i ei ildfast form. La laksefilea oppi (1,5 per person). Hadde litt salt og pepper på laksen. Hakka purre og hadde rundt fisken. Tok 1 ss pesto på kvar laksefile og strødde til slutt pistasjnøtter oppå. 25 minutt i ovnen på 220 grader, kok ris og brokkoli, og tata: ein veldig god middag.

tirsdag 8. oktober 2013

Jakker strikka i ett stykke

 
Eg er akuratt ferdig med to bomulsjakker stikka i ett stykke, ei til lillegutt og ei til gavekassen. Jakka var veldig enkel å strikka, og det var minimalt med montering. Under knappane er det trykk knappar.
 
 
Oppskrifta er henta frå boka Myk start og jakkene er i størrelse 4-6 måna. 

søndag 29. september 2013

Lavkarbo brød

 
 
I kveld har eg og mannen bakt brød. Når me var to brukte me ca 8 min frå me starta til brøda var i ovnen. Brøda inneholde lite karbohydrat og skal vara bra for meg som har fått svangerskapsdiabetes.
 
Til to låge brød i 2 liters brødformer trenge du:
8 egg
2 ts bakepulver
1 boks lettrømme
6 ss solsikkeolje
120 gram kruskakli
80 gram linfrø
100 gram sesamfrø
100 gram solsikkefrø
 
1. pisk egga
2. tilsett rømmen og olja
3. bland det tørre og ha det oppi egg, rømme og olje blandinga
4. tilsett bakepulver
 
Smør 2, 2-liters former godt eller bruk bakepapir (eg brukte formfett og mine brød blei litt ødelagt når eg tok dei ut, så anbefale bakepapir).
 
Steik på nederste rille i 55 minutt på 180 grader.
Avkjøl brøda på rist.

Brøda held seg best i kjøleskap.
 
Eg har hatt bursdag og då fekk eg 20 røde roser hos min bedre halvdel. Rosene er like fine i dag, som når eg fekk dei for 11 daga siden. Eg håpar dei varer 11 dagar til, for dei er så fine å sjå på :)
 
Ha ei fin veka!
 

tirsdag 17. september 2013

Gluten og laktosefrise gulrot muffins

 Muffinsen til høgre er gluten og melkefri.  Muffinsen til høgre blei litt godt steikt, men smaka godt.
Disse muffinsane er nesten bedre uten fyll enn med fyll fordi då får ein bedre fram den saftige konsistensen. Dei holde seg godt både i kjøleskap og frys.
 
Til ei "vanlig" oppskrift trenger du:
3 egg
3 dl sukker
1,5 dl olje (oliven eller soya)
3 dl kveitemjøl
1,5 ts natron
1,5 ts kanel
1,5 ts vaniljesukker
 
4,5 dl gulrot - reven
 
Visp egg og sukker til eggedosis. Tilsett olja. Bland alt det tørre og sikt det inn, tilsett reven gulrot til slutt.
 
Steik i ca 15 minutt på 200 grader midt i ovnen.
 
Dersom du vil lage ei glutenfri kaka erstatte du kveitemjølet, med fin glutenfri mjølblanding.
 
Ei oppskrift blir enten 18 små muffins eller ei kake i 24 cm form. Viss du velge å steike i kakeform, skal den steikast på 175 grader i 1 time.
 
Glasuret er laga av kremost, pittelitt sitronsaft og melis.



Eg har holdt meg på sofaen dei siste 4 dagane. Hell i uhellet er at eg har fine blomster å sjå på:)

onsdag 4. september 2013

Dekorering av toffifee eske

I sommar var eg på Frøken Fryd i Isvik. Der fekk eg ideen om å dekorera toffifee esker. Eg starta med å kle inn eska, før eg dekorerte fram og baksida.




 og når eg først hadde framme papirkuttaren blei det 3 kort også.



Ha ein forsatt fin onsdag!

onsdag 28. august 2013

Appelsin muffins/kaka

Denne oppskrifta er til 30 muffins eller ei kake på langpanna.
 
Rør saman 6 dl sukker og 6 egg
Tilsett 300 gram smelt smør
Bland 10 dl mjøl, 6 ts bakepulver, 3 dl appelsinjuce og 3 ts vaniljesukker, og ha oppi eggedosis og smørblandinga.
 
Langpannekaka steikes 30 minutt på 180 grader.
Muffins 15 minutt på 220 grader.
 
Enjoy! 
 
 

mandag 19. august 2013

Babyteppe


Sommarens strikkeprosjekt er ferdig, og ett godt og varmt teppe er klart til lillegutt i magen komme ut. Teppet er laga av restetrå frå dette, dette, dette og dette prosjektet. All tråen er Alpakka.
Eg begynte i midten med 16 masker fordelt på 4 pinnar, og enda opp med ca 600 masker på pinne 4, lengde 100 cm. Eg brukte samme pinnetjukkelse heile veien. Eg auka 8 masker kvar 2 omgong, ei før ei før og ei etter ein merketrå.

tirsdag 13. august 2013

Rundstykker med kyllingfyll


 

 
 Rundstykker med kyllingfyll er ein god lunch eller lett middag.
 
Til 3 trenge du: 2 kyllingfilea, 1 ss olje til steiking, 1 ts salt, 2 dl yoghurt naturell, 1/2 dl pesto, 1 pakke Cherry tomater og 100 gram ruccolasalat + 6 rundstykker
 
Skjær fileane i små bitar, steik i olje og ha litt salt over. Avkjøl.
Bland yoghurt og pesto.
Vask tomatene og skjær dei i to og ha oppi yoghurt blandinga.
Tilsett kyllingbitane når dei er blitt avkjøl.
 
Ha ruccolasalat på rundstykke og kyllingfyllet oppå.

Kos deg! 
 

 

 

onsdag 7. august 2013

Flor og Fjære

 
Sommarferien er over for denne gong. Me sitte igjenn med alle dei gode minnene, eit av dei er frå Flor og Fjære. Me var der på lunchtur ein solfylt tirsdag, ein kjempefin plass :)
 





onsdag 24. juli 2013

Jordbær

Sist helg vaGr me i Trysild på hytta. På lørdagen skulle me ut å sjå etter multe, men etter å ha vore 3 plassar og sett, gav me opp. Me var ei helg eller to for tidlig ute, multen var fortsatt kart. I stadenfor kjøpte me ein kasse jordbær. Eg starta og renska og ikkje lenge etterpå fekk eg ein god hjelpar som både renska fortare enn meg, og som stod for syltetøy produksjonen.
med god hjelp av vår nye venn Kenwood kjøkkenmaskin som me fekk til bryllupet. Me bruke denne oppskrifta:
3 korger bær
3 dl sukker
1/2 sitron eller 2 ss sitronsaft
1/2 pakke frysepulver.
Bland alt samen i foodprosessoren eller smoothie kolben (som me gjorde).
Mesteparten gjekk til syltetøy, og noko blei fråsen til smoothe og desser.
Frå me starta til kjøkkenet var i orden igjenn brukte me 2 timar. Og me hadde små (men søte) bær.

tirsdag 16. juli 2013

Genser og bukse til 2 åring

Og endelig blei genseren eg har holdt på med i 3 mnd ferdig:) Guten som skal få dette settet blei født i slutten av desember 2012. Det er fint eg har strikka i størrelse 2 år, slik at det er passelig når han får det.
 
Oppskrifta er henta frå Sandnes garn sitt hefte nummer 1107 (mandarin baby). Genseren bruke mønsteret på t-skjorta på tema 3 og oppskrifta på genseren på tema 4. Både buksa og genseren er strikka i baby ull frå Viking.  Genseren er åpen på eine sida, det tar tid og strikke fram og tilbake, men blir veldig lett å få over hove for ein liten krabat. I splitten har en treknappar med sauer på.
 Neste prosjekt ut er ett babyteppe med denne tråen:
 
Ha ein fin sommardag!

tirsdag 9. juli 2013

Gazpacho og havrekjeks

Det er sommer, det er sol:)
og i går hadde me gazpacho til middag.
 
Gazpacho er ei kald tomatbasert suppe frå Spania. Den lages ved å blande alle ingrediensane i en blender og sette suppa kaldt.  
 
Til 3 porsjonar trenge du: 8 store smaksrike tomater, 1 paprika, 1 fedd kvitløk, 1/2 chili uten frø, 2 ss sukker 1 ss sherryeddik og 2 ss olivenolje extra virgine.
(er du ikkje glad i sterk mat, ta litt mindre kvitløk og chili)
 
Me hadde ferske solsikkerundstykker til suppa.
Oppi suppa hadde me mais, agurk, skinke og fetaost.
 

På søndag bakte me havrekjeks. Kjeksen kan etast med god samvittighet og er perfekt når ein har lyst på ett mellommåltid. 

Til 8 hjerter og 30 runde kjeks trenge du: 5 dl havregryn som trekke i 2 dl melk, 2 dl kveitemjøl, 50 gr smelta smør, 1/2 ts salt, 1 ss sukker og 2 ts bakepulver.
 
Bland alle ingrediensane og kjevl ut til 3 mm. Stikk ut hjerter/rundingar med ett glass
 
Steik i 12 minutt på 200 grader.