mandag 30. januar 2012

Pixiehua

Eg har fleire gongar bledd forbi denne hua i oppskriftspermen min. Og sidan eg skal i to års dag neste lørdag og hadde to nøster "hverdags" fra Du store alpakka passa det fint å prøve ut oppskrifta. Eg hadde litt startvanskar, men fekk god hjelp frå damene på strikkekafeen.
Eg har funne oppskrifta på bloggen til tante T www.trikoter.no. Men syns oppskrifta var litt vanskelig å forstå, så her komme min forklaring:

Størrelse 2 år
Legg opp med dobbel trå på fire pinnar (22 masker) på kvar pinne nr 3.5. Strikk to rette og to vrange 3 cm. Strikk så to rette som før, men strikk dei vrange maskene samen (da blir det to rette og ei vrang for at halsen ikke skal bli for slakk). Strikk ca 3 cm (til under haka). Legg opp igjenn de maskene du har du felte inn. Fell seks masker foran for ansiktet (to rette, to vrange, to rette). Strikk fram og tilbake:
1 pinne: 4 rette *2 rette, 2 vrange*, 4 rette
2 pinne: 4 vrange *2 rette, 2 vrange*, 4 vrange
3 pinne: 4 rette *2 rette, 2 vrange*, 4 rette
4 pinne: 6 rette *2 rette, 2 vrange*, 6 rette
5 pinne: 6 vrange *2 rette, 2 vrange*, 6 vrange
6 pinne: 6 rette *2 rette, 2 vrange*, 6 rette
7 pinne: 8 rette osv....

Forsett sånn med å stikke med to masker meir kvar 3 pinne til det ikkje er fleire masker å ta av. Stikk samen i toppen.

Eg trur dette skal bli ei god hua og praktisk med hals. Kansje eg skal prøva å laga ei i voksen størrelse og ein gong.

Øvresaga

Eg har gløymt å fortella kor fin julegave eg fekk hos min kjære; medlemsskap i turistforreningen, ski, skisko, stavar, "turbok, kopp og bestikk" og lakenpose. Og i helga gjekk turen til Øvresaga hytte i østmarka, ca 3 mil t/rt fra Losby. Lørdagen gjekk det veldig fint å gå, men var ikkje så kjekt med masse gnagsår på både hender og føtter på søndagen. Me skulle ta ei lettare løype tilbake, men den var vanskeligare, og når det er lite snø, måtte krypa under tre som var velta, smal løype og ein ikkje får bremsa, er det ikkje så lett å gå på ski (iallefall for meg ikkje er så god), så det var ein periode på turen humøret mitt var på minus 10. Men det blei stadig bedre når me kom på vatn og det var lettare å gå. Ca 80% av turen var å gå over vatn:)
Når me kom fram laga me meksikansk gryterett på gassovnen.
Og etter at hytta var blitt varm var det berre å setta seg ned i godstolen og kosa seg med strikketøy og yatzy speling. Da ser veldig lyst ut på bildet, men det er blitzen for det var ikkje innlagt strøm og vatn, så det var stearinlys og hodelykter som lyste opp.
Alt i alt ein fin tur, og er stolt over å ha greid å gå så langt og at det gjekk greit med 6 kg på ryggen med min nakke:)
Men me har gjort oss noken erfaringar, så neste gong blir det berre preparerte løyper:)


torsdag 26. januar 2012

Matøkonomi 1

Den våkne lesar, ser det er ny etikett i dag. Eg starta med eit prosjekt i haust, og her er resultatet så langt, og planen er å komma med oppdateringar når eg har gjort fleire "observasjonar". Det er ikkje dårlige tider i Sinsenveien som har vore motivasjone for prosjektet, heller ikkje ønske om å redusera matutgifter (er det noko eg ikkje sparer penger på, så er det mat), men interesse for å vita ka ting kosta. Og sjå at taco feks, er den dyraste retten, og all den gode maten ein har laga frå botn av for ein billig peng. Prisen er for ein "god" porsjon, råvarene er hovedsakelig kjøpt på kiwi og eg forutsette at når eg feks kjøpe ein pakke gullerøtter, bruker eg opp alle gullerøttene (feks 1 pakke med 10 stk kosta 20 kr, då blir det 2 kr gullerota som blir lagt inn i prisen). Eg har eit lite påslag for krydder og evt olje el på alle rettane.
Bacalao
50kr


Sei i form med purre, mais,
champingjong, yoghurt naturell, kremost og bakt potet
28kr


Chili con carne
15kr


Laks, purre, sukkererter i ildfast form
og fullkornpasta
30kr


Oreo kaka 24 cm
170kr


Taco (kjøttdei, saus, tortilla,
guakomole, sukkererter, tomat, agurk, ost, rømme, mais)
70kr


Daimis (1 porsjon 5 dl fløyte)
85kr


Ris, reker, paprika, kvitløk, erter
45kr


Pizza med kjøttdeig og mais og salat
30kr


Laks med purre, annanas, gullerøtter,
fløte og rømme og potet

45kr


Rotgrønnsaker med kylling og timian
50kr


gourmett torsk m/druer, mandlar og potet
42kr


1 bagels med 1 pakke røkelaks
33kr


Purresuppe med kjøttdeig, gullerot og
kremost

22kr

torsdag 19. januar 2012

Brødbakemaskin

Eg fekk brødbakemaskin til jul:) skuffelsen blei stor dei første gongane når brøda ikkje blei steikt. Men etter å ha vore på Jula og reklamert, blir det gode brød kvar gong:) og siden dette var andre reklamasjon på 3 år i Norge, satsar eg på at den nye brødbakemaskinen skal fungera i langa tider framover. Dette er ett 1.5 liter brød, kan laga 2 liter og. Ønska med med liten kolbe, slik at to personar får åte opp brødet før det blir tørt.
Holde meg forsatt til stardard oppskrifta i bruksanvisninga (grovbaks, olje, vatn, salt litt sukker og gjer). Men fått noken tips hos pappa som er "brødbakemaskin bakar ekspert" (har iallefall bakt mange brød i brødbakemaskin lenge) og har tenkt ut noke eg vil testa, så kansje det komme meir om brødbakemaskinar.

Og her er den, Menuette fra jula.


Me har hatt ein snartur over fjellet, eller rettare sakt dagstur, kom kl 24 på fredag og skal snart kjøra over fjellet, sola skinne og det har meldt kaldt, så haukeli vil visa seg frå si beste side for han som aldri har vore der.

Skulle du tilfeldigvis ha behov for ein familiebil, vil denne bilen vara til salgs i Oslo framover.

Ha ein fin søndag!

tirsdag 17. januar 2012

Jakke i retrostil

Her er mitt siste strikkeprosjekt. Starta litt før jul og ferdig no, så har funne ut det er overkommelig å strikka til voksne og:) Jakka ser ganske rar ut, og spenninga var stor når eg tok den på første gong. Og eg blei veldig skuffa. Knappane stod å sprikte :( Kunne vore ein størrelse større og tettare knappar. Men kom heldigvis på ideen, å ha ein trykk knapp mellom kvar knapp. Då går det, viss ein legge litt godvilje til og strekke litt i jakka når ein tar den på.
Jakka er strikka i dobbel viking babyull.
Knappane var noken restar av ein eldre årgang dei hadde på garnbutikken som eg syns passa godt til. Om eg skal sei det sjøl, eg syns den blei fin:) og mjuk og god å ha på, spesielt at den dekke heile nakken.

lørdag 7. januar 2012

Scampi med ovnsbakte grønnsaker

Ei veka med masse overtid og hyttetur i helga har gjort at nytt innlegg har latt venta på seg. Starta med gullerøtter og løk i bitar i ildfast form, steikte i ca 20 min på 220 grader, hadde oppi brokkolien, steikte i 10 min til, før eg tilsette sukkerertene dei 10 siste minuttane.
Kokte pasta fra Jakobs. Pressa ein båt kvitløk og ein rød chili og hadde oppi steikepanna sammen med olja og varma opp. Steikte scampien i 2-3 min (snudde dei ca halvveis).
Veldig godt:)
Etter at julepynten blei pakka vekk, måtte eg ha ein "fargeklatt" på bordet
Fins i mange fine fargar og minnar meg om våren.

søndag 1. januar 2012

Kniv

Sjå kor fin kniv:Som min kjære har laga:)
God helg!

Vesker




Eg og min kjære har laga skinnvesker til jul til våre mødre:)

Han har erfaring med å jobba med skinn i form av slirer til knivar, men eg har aldri jobba med skinn før. Me starta med å klippa ut alle delane i 3 sortert skinn. Neste steg var å veta ut skinnet og skjære rundt alle kantane med kantskjærer. Så laga me syrille før me brukte eit markeringshjul til å markere avstand for kor me skal stikke sylen i læret for å laga hål til håndsaumen. Me stakk i hola med sylen og sydde skomakersøm. Me starta med framsida og laga brettekant til baksida. Etter at me var ferdig med syinga høvla me kantane. Farga veska med vannbasert antikk skinnfarge (brukte svamp). Brukte nitter til å feste reima og satte på låsen. Øverste veska er farga i mahogni.