mandag 29. august 2011

Kort og fyrstikkeesker

Tusen takk for dei fine kommentarane på babydressen :)

No er kufferten pakka og klar og eg er klar for 5 daga i Spania. Einaste skår i den utrulig gode følesen "eg skal til varmare strøk" er at vaskemaskinen har tatt kvelden. Eller rettare sakt, han vil ikkje kvitta seg med vatn, og det skjedde så klart når eg vaska ei ny svart dongeribukse, så alt vatnet er svart. No har eg fått ut vatnet manuelt og håpar han er komt på bedre tankar til eg komme heim.


Har laga litt kort:

og pynta fyrstikke ekser...


Ha ei fin veka!

torsdag 25. august 2011

Babydress

Da komme ein ny osloborgar til verden i slutten av november. Sidan eg kjenne mora hadde eg lyst og strikka noko. Og sidan mine "les oppskrift ferdighetar" er under gjennomsnittet, passa det fint å gjera da når eg var på Bømlo på sommar ferie og kunne få assistanse. Som sakt som gjort, etter 10 dagar der gjenstod berre hals og montering. Oppskrifta er frå Nøstebarn og heiter heil dress i to tråds garn. Eg har strikka den i 2 tråds merino ull. Raglandsfelling
Tenk, denne dressen er stikka av to nøste trå (ein i kvar blåfarge) og det er meir trå igjenn.
Ein bunt inneheld 600m og det er ein tolmodighetsjobb å laga hesplane til nøster, men med god hjelp var jobben gjort på ca 3 timar.

Neste gong eg skal strikka noko frå Nøstebarn, noko som ikkje er usansynlig for dei har oppskrifte som er lette å skjønna, skal eg ta ein kikk på denne nettbutikken: http://123knit.com/catalog/
Dei har trå ein kan bruka på Nøstebarn sine oppskrifter og har ein litt anna pris.

Muffinfitness



Inspirert av at eg skulle på cup cake kurs og at eg hadde kjøpt brett til å laga muffins i testa eg ut oppskrifta på muffinfitness som du finne på fitness frukostblandinga (eg har gjort noken endringar). Fordelen med desse er at dei kan etast kvar dag om ein skulle ønska det:)


Du treng:

1,8 dl eplejuce (eller eplemost)

0,8 dl skumma melk

0,3 dl olja

2 eggekvite

90 gr Fitness, lett knust

110-130 gr grovbaks (prøv deg fram i forhold til konsistensen på røra)

85 gr brun farin (neste gong skal eg ha litt mindre)

1 ts kanel

1 ts bakepulver

3/4 ts natron

60 gr tørka tranbær (kan kjøpast til ein billig peng på Søstrene grene)


Sett ovnen på 200 gr, spray 12 mufinsformer med bakefett (eg hoppa over sprayinga og muffinsane henge litt fast i papiret). Bland eplejuce, melk, olja og eggekvite god samen. Rør inn resten av ingrediensane. Fordel røra i formene, stek i 18-22 minutt eller til dei er gyllenbrune.


Her servert på da koseliga service eg har arva hos moster Elisabeth.

Tips, eggeplommene du får til overs gjere ein omelett estra god og fin farge.

mandag 22. august 2011

Cup cake kurs

I kveld har eg vore på kjempekjekt cup cake kurs med Kristine. Arrangøren var Manuela kvinna bak norges mest elskede blogg Passion 4 baking. I løpet av tre tima lærte me å laga cup cake, ulike toppinga, fekk smaka rykande ferske cup cake og pynta 12 cup cake me hadde med. Det meste av kjøkkenutstyret hennas gjekk i rosa.
Former til å trykka ut ulike figurar.

meg og hu


mine cupcake

Så masse fin pynt:) Skal legga ut link til bloggen hennas, når hu skrive om kurset.

Vil absolutt anbefala dette kurset, og hu har det i heile landet, sjå på bloggen for meir informasjon.


lørdag 20. august 2011

Opp ned kaka

Endeli fekk eg ein mulighet til å tilby med til å ha med kake, og eg tok sjangsen på å laga ei eg aldri har laga før. Den blei heldigvis god:) Og ei veldig kjekk kaka og ta med, og lett å eta (skulle på ein hagefest). Sist gong eg serverte iskaka sprakk fatet, og når eg hadde besøk av mamma og dei i sommar var me på Hadland glassverk, og hu kjøpte fat som eg skal få til bursdagen i september. Eg tok sjangsen på å ta det i bruk på forhånd, men heldigvis fant eg ein brikke etter at kaka var servert. For dette fatet er all for fint å ta med på hagefest!

Botn/topp

225 gr mandla

125 gr smør

1.25 dl sukker


Hakk mandlane grovt, kok opp mandlane, smør og sukker


Legg papir i botn på ei kakeform 26 cm og smør kantane. Ha mandelforma oppi forma.


Deig

3.75 dl sukker

4 egg

1.25 ss kakao (eller oboy som eg foretrekke)

3.75 dl mjøl

2 ts bakepulver

1.25 dl kaffi


Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland samen oboy, mjøl og bakepulver. Sikt dette inn i eggedosisen. Rør inn kaffien. Ha dette oppå mandelblandingen. Steik på rist nederst i ovenen i 45 minutt på 175 gr.


Ha ei fin helg og takk til "kjøkkenassistenten" min.

Ingen sak å baka når "kjøkkenassistenten" hakkar mandlar og rør samen alle ingrediensane:)

søndag 14. august 2011

Fiskegryte

Enkel og god fiskemiddagOg du trenge ikkje meir enn dette til 3 porsjonar:
Kok opp suppa som anvist på pakken, men bruk kunn 4 dl vatn. Tilsett 2 dl melk gulrotskiver og purreringar, la gryta småkoka i 3-4 minutt. Tilsett mais og fisk (torsk) i porsjonsbitar. Sett på risen (evt gjer da før dersom du har ein ris som trenge meir enn 10 minutt kokig) Kok opp gryta, legg lokk på panna og sett plata på ein, la fisken trekka i 12-15 minutt.


Denne delikatesen har eg hatt glede av å eta fleire dagar på skjeva.


Desverre blei da ikkje noko "fangst" denne helga.

85 års dag

Sist helg feira me bestemor sin 85 års dag på Haaheim gaard på Tysnes. Ein flott plass, god mat og kjekt selskap. Du kan lesa meir om plassen her. Selskapet starta med middag (oksesteik, potet, grønnsaker og ein kjempegod fløytesaus)

Ett av drikkealternativa var hylleblomssaft, utrulig godt.
Til deser, dronning maud puddin og kaffi.
Dei serverte og ein kjempegod peppermynte te, peppermynten blei dyrka på garden og teen blei laga av ferske blad i kokande vatn.


Kakaene hadde me med sjøl, tantes ostekaka, bestemors firkløver kaka, bløtkaka (botn frå bestemor og fylt og pynte av mamma) og suksess kaka som mamma hadde laga.


I tillegg til god mat, hyggelig vertskap var det veldig fint der.

Sjølv på badet var det pynta.




Masse fine blomster og dyr. Den dagen me var der starta dagen med at himlens sluser var åpne, men heldigvis var det opplett etter deseren, så me fekk sjå oss litt rundt og strekka på beia.


Ein veldig kjekk dag og ein flott plass.

tirsdag 2. august 2011

Safari i Sør-Afrika

Eg er no tilbake frå mitt livs største opplevelses ferie. Eg har sett dyr eg ikkje har høyrt om, klappa ein geopard, sett "The big five" (løve, leopard, elefant, bøffel og neshorn), slappa av på solsenga, åte masse god mat og masse anna. Meg og geoparden i Thsukudu viltreservat.
Leopard


På vei heim fra ein utflukt møtte med på denne løva og ungen. Me var heldige for dei hadde ikkje sett løver i dette området på 2 år, og me såg løver 3 daga på rad!





Elefantar er flotte dyr. Her er noken frå flokken på 24 som me traff på i Kruger Nasjonalpark.




To sebraer ute på vandring




Deilig lunch: marinert kyllingspyd med bacon og persille pesto. Cous cous salat med urter, tomat og fetaost.




Ein av krokkodillane me såg. På elvesafarien såg me mange, i tilleg til flodhestar, fuglar og skilpadder.




Eit nashorn med ein fugl inni øyra.


Sjiraff var det første som møtte oss etter at me kom til flyplassen. Flotte dyr, men ser ganske klomsete ut når dei bevege seg.



Apekattar var det over alt, blant anna rett utenfor bongaloen me sov i og i venteområdet på flyplassen. Ein kunne ikkje legga frå seg noko ute, for før ein viste ordet av det, var dei der som å "stjela".





Deilig frukt




Salat med blomster i og Niaty boller, kjempegode:)




Bongaloen "vår". Når me gjekk til middag på kveldane, kom dei og redde opp senga, satte på varmelaken og tok ned myggnettet. Varmelaken var heilt fantastisk, så viss eg får tak i da i Norge, det ikke er brannfarlig og ikkje bruke all for masse strøm står det høgt på ønskelista.


Varmen gjorde godt for stive musklar etter ein lang dag på hompete safarivegar



Alt i alt ein super ferie, men godt å komma heim etter 29 timars heimreise.


No er kleda vaska og kofferten pakka til vestlandstur. Eg skal slappa av og nyta da fine været.




I går var eg i byn og såg på bombinga, det er heilt forferdelig. Da har vore uvirkelig at da har skjedd når ein har vore så langt vekke, men da gjorde sterkt inntrykk og sjå bygningane, legga ner blomster, sjå på alle blomstrane, lesa kort, tenna lys og vara der.