tirsdag 2. august 2011

Safari i Sør-Afrika

Eg er no tilbake frå mitt livs største opplevelses ferie. Eg har sett dyr eg ikkje har høyrt om, klappa ein geopard, sett "The big five" (løve, leopard, elefant, bøffel og neshorn), slappa av på solsenga, åte masse god mat og masse anna. Meg og geoparden i Thsukudu viltreservat.
Leopard


På vei heim fra ein utflukt møtte med på denne løva og ungen. Me var heldige for dei hadde ikkje sett løver i dette området på 2 år, og me såg løver 3 daga på rad!





Elefantar er flotte dyr. Her er noken frå flokken på 24 som me traff på i Kruger Nasjonalpark.




To sebraer ute på vandring




Deilig lunch: marinert kyllingspyd med bacon og persille pesto. Cous cous salat med urter, tomat og fetaost.




Ein av krokkodillane me såg. På elvesafarien såg me mange, i tilleg til flodhestar, fuglar og skilpadder.




Eit nashorn med ein fugl inni øyra.


Sjiraff var det første som møtte oss etter at me kom til flyplassen. Flotte dyr, men ser ganske klomsete ut når dei bevege seg.



Apekattar var det over alt, blant anna rett utenfor bongaloen me sov i og i venteområdet på flyplassen. Ein kunne ikkje legga frå seg noko ute, for før ein viste ordet av det, var dei der som å "stjela".





Deilig frukt




Salat med blomster i og Niaty boller, kjempegode:)




Bongaloen "vår". Når me gjekk til middag på kveldane, kom dei og redde opp senga, satte på varmelaken og tok ned myggnettet. Varmelaken var heilt fantastisk, så viss eg får tak i da i Norge, det ikke er brannfarlig og ikkje bruke all for masse strøm står det høgt på ønskelista.


Varmen gjorde godt for stive musklar etter ein lang dag på hompete safarivegar



Alt i alt ein super ferie, men godt å komma heim etter 29 timars heimreise.


No er kleda vaska og kofferten pakka til vestlandstur. Eg skal slappa av og nyta da fine været.




I går var eg i byn og såg på bombinga, det er heilt forferdelig. Da har vore uvirkelig at da har skjedd når ein har vore så langt vekke, men da gjorde sterkt inntrykk og sjå bygningane, legga ner blomster, sjå på alle blomstrane, lesa kort, tenna lys og vara der.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar