mandag 25. april 2016

Lettlaga knekkebrød

 Det er mange gode "håndlaga" knekkebrød i butikken, men ingen blir så gode som dei du lagar sjølv.
Og når du laga dei sjøl, har du full kontroll på ka du har oppi. Eg har laga knekkebrød før, men disse er veldig enkle å steike. Dei to siste vekene har vore prega av sjukdom, først den eine og så den andre og så den tredje, men forhåpentligvis sleppe me ein ny runde. Eg hadde målt opp alle ingrediensene før eg blei sjuk, og då blei det knekkebrød ved 5 minutts jobb i går.

Til to brett (ca 40 knekkebrød) trenge du:
4 dl grovbakst
4 dl lettkokte havregryn
1 dl solsikkekjerne
1 dl gresskarkjerne
1 dl linfrø
1 dl sesamfrø
1 terning kyllingbuljong
7 dl vatn

Bland alle dei tørre ingrediensene. Varm opp litt av vatnet og rør ut buljongen. Bland det våte og det tørre. Smør papiret med olje. Ta deigen utover to steikebrekk (om du har litt små steikebrett kan det bli litt til overs). Del opp i ønska størrelse  på knekkebrøda med pizzarulle eller slikkepott. Sett inn begge bretta i forvarma ovn på 180 grader (varmluft). Etter 25 minutt tar du det øverste brettet nederst og motsatt. Etter 50 minutt slå av ovnen og sett opp døra halvveis, og vent mist 10 minutt før du tar knekkebrøda ut av ovnen.

Lykke til

søndag 17. april 2016

Drikkeflaske i silikon



På fredag var eg på Apotek 1, og flaska du ser bilde av over, måtte bli med heim. I følge apoteket skal flaska ha god gripeevne, være hygienisk og lett å rengjøre. Flaska er i silikon og forme seg etter hånda, det gjere den lett å drikke av, men lite barnevennlig, toåringen min sølte ut nesten halve innholdet når han ville prøve mamma si nye flaske. Det som appellerte mest til meg var teksten på flaska, dette er noko som er verdt å tenka på kvar dag, spesielt viss ein har møtt på ein motbakke.

Ha ei fin veka!

tirsdag 12. april 2016

Babyjakke i bomull


Frå august til desember strikka eg ikkje ei maske, men no etter jul, og spesielt etter at den lille inni magen har begynt å gi livstegn har eg begynt å strikke noken pinnar kvar kveld. Siden me ventar sommarbaby, har eg strikka med bomullstrå. Jakka er i størrelse 0-3 mnd, men siden bomullstrå gjorde jakka veldig elastisk, blir den stor til ein nyfødt baby, men kan forhåpentligvis brukast lenge. Samme jakka strikka eg i 2010. Oppskrifta er frå boka Myk start.
 Knappane er frå et dødsbo til ein gammal slektning. Gjenbruk er ein fin ting, og det er kjekt å tenka på at disse knappane har ho brukt før (det var 9 stykker av denne typen så eg vil tru dei har vore på ein damebluse). 

søndag 3. april 2016

Gluten og laktosefri iskake

Iskaker er kjekt, dei kan du lage på forhånd og ta opp når du trenge ei kake. Denne kaka har eg lagt ut før, men no har eg laga ein gluten og laktosefri variant.  
 
Til 24 cm form trenge du dette:
10 digestiv kjeks glutenfrie.
Kjeksa skal knusast, dette kan enten gjerast ved å bruke ein kjøkkenmaskin eller sendte mannen i huse ut i boden med kjeksa i ein brødpose, og han knuse dei med ein plastikk hammar. Kjeksa legges i botn av forma.

Pisk samen, 3 eggeplommer, 2,5 dl sukker, 1 ts vaniljesukker, 1 boks laktosefri philadelfiaost og et beger/halvt glass godt syltetøy (jordbær for eksempel).
Tips, ta osten ut av kjøleskapet litt før, då blir den lettare å piska samen med dei øvrige ingrediensene

Stivpist 3 dl laktosefri fløyte (det tar litt lengre tid enn med vanlig fløyte)

Stivpist 3 eggekviter

Bland samen innholdet i dei tre skålene og ha oppi forma
Frys kaka i minimum 4 t.
Ta den opp litt før servering, skjær rundt kanten, legg et fat oppå forma og snu rundt.