tirsdag 29. november 2011

Adventslys og sirupssnippar

Inspirert av ein adventsstake eg såg i et ukeblad har eg laga min eigen variant.

Lilla kuler i to størrelsar og i ulike lillafargar. Lys med tall og to med englar. Fatet har oldemor mi hatt. Med kubbalys, kan ein brenna så masse lys ein vil iløpet av adventstida:)



Så tenner vi ett lys i kveld.

Vi tenner det for glede.

Det står og skinner for seg selv

og oss som er til stede.

Så tenner vi et lys i kveld.

Vi tenner det for glede




Og så sirupssnippane.... Som du ser gjekk ikkje det heilt etter planen, eller rettare sakt, dei blei gode, men er for tjukke for store og litt misforma. Men etter å ha snakka med bestemor i dag, som har laga dette sikkert 70 gongar og sa det var vanskelig, er dette ok resultat første gong:)


Til ca 70 store og tjukke trenge du: 200 gr smør, 3 dl sukker, 4 ss sirup, 2 dl vatn, 1 ts ingefær, 2 ts kanel, 1 ts malt nelikk, 1 ts kardemomme, 0,5 ts pepar, 1.5 ts natron, 7 dl mjøl.


Rør smør, sirup og sukker kvitt og luftig. Tilsett vatn, krydder, natron og mesteparten av mjølet. Deigen skal vara smidig. Sett deigen kaldt, minimum 2 timar.


Kjevl ut deigen (nb mjøl under), så tynt som mulig men mulig å ta opp av bakeunderlaget. Skjær ut med snippane, med hjul med bølgemønster. Legg på bakeplate og ha på ein halv skolda mande. Steik på 200 gr i 6-8 minutt. Avkjøl på rist og oppbevari tett boks.

torsdag 24. november 2011

Røykelaks salat

Eg skulle starta på middagen, men fekk ein innskytelse om at eg skulle sjekka datoen på røykelaksen. Den gjekk ut veldig snart, og sidan røykelaks er det beste eg veit, blei middagsplanane fort enda. Eg kom rett frå butikken og hadde slitt meg opp 4 trapper for heisen var i uorden, så å gå på butikken igjenn føltes uaktuelt, så denne salaten blei til av det eg fant i kjøleskapet:)


Eg starta med å dela fullkorn spagetti i fira og kokt den og avkjølte de

Hakka opp ei tomat, litt sukkererter, agurk, delte oliven i to og skar laksen i bitar.

Blanda samen dei opphakka ingrediensene, tilsette fetaost, litt solsikkefrø, litt mais og hadde litt god olivenolja oppå.


Ta,ta, ein veldig god salat!


I kveld skulle eg egentlig vore på julekakebaking i Sande, men sidan formen har hatt eit tilbakeskritt, blei eg heima. Men deigen til sirupssnippar var allerede laga, så i dag har eg baka. Resten av historien kome seinare.

tirsdag 22. november 2011

Køben tur

I helga tok denne kjekke karen meg med på Danske tur:) Tok båten frå Oslo lørdag ettermiddag og tilbake mandag formiddag. I Køben var me i Tivoli og gjekk i Strøget. Såg masse fin julepynt og kjøpte håndlaga drops.

På båten kosa me oss med 4 retters første kvelden og 2 andre. Og kosa er det rette ordet, for begge måltida var ein smaksopplevelse.


Me tok boblebad og bada på dekk.
Takk for ein kjempefin tur!


tirsdag 15. november 2011

Middagsanbefaling


Lyst på ein god og sunn middag? då anbefale eg denne, du finne oppskrifta her. Og med god hjelp av "kjøkkenassistenten" gjekk da raskt å laga den, foruten steiketida. Me tilsette kolerabi i tillegg til rotgrønnsakene i oppskrifta.


Takk for dei fine kommentarane til musetøflene og god helg!

mandag 14. november 2011

Musetøfler *4

Eg er glad ikkje alle desse musene bur i veggen min:)

Ett par i str 44-45, to i 43-44 og ett i 39.

Tøflene skal få ny eigara å torsdag.

mandag 7. november 2011

Calzone ute i da fri

I helga har eg vore med på ein kjekk speidar tur til Nordtangen. Og eg fekk vara med å laga noko av dette: Innpakka i aliminiumsfolie, og steikt på bålet

Fekk ein dette:


Nermare bestet calzone.



Ein hadde laga ein fin gjærdeig før ein gjekk ut (så mykje mjøl at ein ikkje trong noko mjøl for å baka ut). Hakka skinke, løk, paprika og chambingjong.



Deigen blei trykt ut på aliminiums folie. Pasta saus blei smørt utover halve, så ønska fyll og til slutt ost. (skal prøva å smørra aliminiumsfolien neste gong, for då vil ikkje deigen brenna seg fast).



Calzonen var kjempegod ute i da fri:)