onsdag 28. august 2013

Appelsin muffins/kaka

Denne oppskrifta er til 30 muffins eller ei kake på langpanna.
 
Rør saman 6 dl sukker og 6 egg
Tilsett 300 gram smelt smør
Bland 10 dl mjøl, 6 ts bakepulver, 3 dl appelsinjuce og 3 ts vaniljesukker, og ha oppi eggedosis og smørblandinga.
 
Langpannekaka steikes 30 minutt på 180 grader.
Muffins 15 minutt på 220 grader.
 
Enjoy! 
 
 

mandag 19. august 2013

Babyteppe


Sommarens strikkeprosjekt er ferdig, og ett godt og varmt teppe er klart til lillegutt i magen komme ut. Teppet er laga av restetrå frå dette, dette, dette og dette prosjektet. All tråen er Alpakka.
Eg begynte i midten med 16 masker fordelt på 4 pinnar, og enda opp med ca 600 masker på pinne 4, lengde 100 cm. Eg brukte samme pinnetjukkelse heile veien. Eg auka 8 masker kvar 2 omgong, ei før ei før og ei etter ein merketrå.

tirsdag 13. august 2013

Rundstykker med kyllingfyll


 

 
 Rundstykker med kyllingfyll er ein god lunch eller lett middag.
 
Til 3 trenge du: 2 kyllingfilea, 1 ss olje til steiking, 1 ts salt, 2 dl yoghurt naturell, 1/2 dl pesto, 1 pakke Cherry tomater og 100 gram ruccolasalat + 6 rundstykker
 
Skjær fileane i små bitar, steik i olje og ha litt salt over. Avkjøl.
Bland yoghurt og pesto.
Vask tomatene og skjær dei i to og ha oppi yoghurt blandinga.
Tilsett kyllingbitane når dei er blitt avkjøl.
 
Ha ruccolasalat på rundstykke og kyllingfyllet oppå.

Kos deg! 
 

 

 

onsdag 7. august 2013

Flor og Fjære

 
Sommarferien er over for denne gong. Me sitte igjenn med alle dei gode minnene, eit av dei er frå Flor og Fjære. Me var der på lunchtur ein solfylt tirsdag, ein kjempefin plass :)