lørdag 30. juni 2012

Ny sofa og fylt focatsja


I kveld har me kost oss med fylt focatsja i den nye sofaen vår:)


Sofaen er kjøpt på Skeidar. Søskenbarnet mitt, kjæresten og valpen hjelpte til å montera, takk for hjelpa:) 
Valpen var ikkje så mykje til hjelp, men syns det var kjekt å hoppa oppå eigarane og ville hels leka litt med putene. 

Focatsjaen er ein grov gjærdeig med kvitløkpulver, oregano og basilikum oppi.
Når eg hadde kjevla ut deigen og hatt den oppi langpanna smørte eg pesto over heile. Hadde halve chery tomater, opphakka skinke, soltørka tomater, oliven og mais oppå. Trykte det eg hadde hatt oppå, ned i deigen med ein steikespade, og steika på 220 grader i ca 30 minutt. 
Kjempegodt:)

Ha ei forsatt fin helg!

torsdag 14. juni 2012

Huset vårt:)

I dag har me budd ei veka huset.
Soverom 1 er malt to strøk, det gjenstår å mala liste rundt døra (som snikkeren har snudd).
Soverommet ligge vegg i vegg med stova og kjøkkenet. Her skal me ha kontor/hobbyrom

 I stova har lagt eike parkett og på veggene har me lagt mdf plater i eggekvitt.

Etter mykje leiting har me funne ett rundt spisebord, med to ilegsplater på finn, lite til vanlig, men plass til 10-12 stk med ilegsplater. Bordet skal pussast og malast.
Kansje me trenge ei lysekrone i trappeoppgangen?:)



Me hadde kjøkkenøy, men den har me satt inntil veggen og fått meir skuffer.
Lenestolen skal inn i stova, og me skal ha ei bokhylle der den står.
Salongbordet skal og i stova, det er i heiltre og me har fått det fra ett dødsbo.  



Masse benkeplass med godt lys.


Inngang skal malast og få nye lister.
Men først skal me få ny ytterdør igjennom boretslaget.
Her skal me ha skoskap og knaggar.
Døra til venstre er inn til gjestetoalett.
 Gjestetoalett var lilla, men no er det blitt skygge (som alle dei andre romma me har malt).
Speilet ha sjøtema, eg er på utkikk etter passande servietar til dekopasj, og skal sjå etter effektar når eg skal heim seinare i sommar.  
 Gangen nede.
 Gangen nede, bak alt rotet er det veovn.
 Soverom 2
Her har me sofaen eg hadde (dobbel sovesofa). Rommet er vegg i vegg med gangen og veovnen, så her har ein ei mini stova.
 Soverom 3, total kaos foreløbig, men skal bli gjesterom
 Bod med varmvannstank og fryseboks.
 Soverommet vårt, har malt tak og vegger.
Har store planar om å dekorera skyvedørsgarderobe dørene.
 Bad med ei vask til kvar og egen plass til vaskemaskin og tørketrommel.
 Toalett med innebygd sisterna og badekar med dusjdør.

 Hagen vår
Uteplass både oppe og nede med ettermiddagssol.
Her er det bringebær og amerikanske blåbær som står med kart og med litt sol og varme håpe eg me kan hausta frå egen hage.

I dag blei sofaen levert og med snikkeren ut av huset kan me snart begynna på dei kjekke tinga, innreda og pynta litt.


lørdag 2. juni 2012

Taco pai


Veit du ikkje ka du skal ha til middag/kvelds i kveld? Då vil eg anbefala og laga denne.
Oppskrifta er til 3 vaksne.

Bland 50 gr mjukt smør, 4 dl mjøl, 1,5 dl melk og 2 ts bakepulver. Elt det samen.

Ha det i ildfast form eller paiform, legg sammenrulla aleminiumsfolie rundt kanten og steik i 8 minutt på 225 grader.

Hakk og steik ein liten løk. Steik 400 gr kjøttdeig, tilsett ein pakke taco krydder og 1 dl vatn. Kok inn vatnet.

Bland 1 beger cream fresh og 100 gr ost, tilsett løken og kjøttdeiblandinga, og bland alt samen.  

Ha blandinga oppi pai "skallet".

Steik i ca 20 minutt på 225 grader.

Server med salat og brød til.


Enjoy!