torsdag 26. juni 2014

Salat





 
Me har vore i Spania i to veker og der bugne markeda over av gode grønnsaker, frukt, oliver og masse anna godt. Me var i Morsia, og det er der dei fleste grønnsakene og frukene me finne i butikken i Norge kjem frå. Med andre ord, kortreist mat, og det kjentes på smakes:)

 
Salat med skinke, ruccola, paprika, krutongar, god skinke, tomat, agurk og litt god olje.

 
Salat med tomat tomat, agurk, sjaron frukt og litt god olje
 

Klassisk salat som me bestilte på resturant.
 
Me åt salat kvar dag:)

søndag 15. juni 2014

Grilla ytrefilet av svin med steikte poteter, nektarin og salat


Me har fått oss ny grill og to dagar denne veka har grilla. Valget blei ein weber 3000, som kom godt ut i denne testen. Før hadde me ein dårleg elektrisk grill. Grilling må lærast som alt anna, og her i huset har me den "vanlige" arbeidsfordelinga. Mor planlegge, lage tilbehør og marinere og far tar sjarmøretapen og grille når gjestene er komt.  
Til 4 personar trenge du 800 gram ytrefile av svin. 3-4 timar før grilling laga du marinaden og har på kjøttet og lar det stå i kjøleskapet etterpå. Bland samen 1 dl tørre urter (dill, basilikum og rosmarin for eksempel) og salt og pepper. Bland dette med 1/2 løk og 3 ss olivenolje. Ha kjøttet oppi ein brødpose og hell blandinga over og sjå at marinaden fordele seg godt utover kjøttet.  
Vask 800 gram almodipoteter og kok dei. Sil potetene og la dei avkjøle seg litt. Steik potetene i smør, kvitløk (1 fedd finhakka), basilikum, gressløk, persille, salt, pepper og 1,5 dl hakka svart oliven.
Server potene varme.
Lag ein salat.
Eg brukte cherytomat, hjertesalat, mais, sukkererter og agurk.
Skjær 4 nektariner i båtar (4 per stk). Ha 6 ss balsamico, salt og pepper over båtane.
Ha båtane på 4 grillspyd som har vært i kaldt vatn i 30 min
Grill kjøtet på svak varme (tid avhenge av kor steikt du vil ha kjøttet og kor tjukk fileen er). La kjøttet kvila 5 min før du skjære det opp.
Grill nektarin spyda.
Server og nyt alle smakane!
Dagen læring: det smake bedre med grilla fersken enn nektarin. Fordi dei er mjukare og tar kortare tid å grilla. 
Et alternativ til grilla fersken eller nektarin er eple i båtar med honning over.
I dag har me vore å kjøpt grillspyd som kan brukast fleire gongar. Då sleppe ein å legga trespyda i vatn for å unngå brann og det er jo litt meir miljøvennlig;)

lørdag 7. juni 2014

Jentebukse og seriner


 
Strikke korga var full av halvferdige og nesten ferdige prosjekt, ein av prosjekta var denne lilla buksa som eg starta på når eg blei gravid. Eg strikka flitting fram til ultralyden når eg fekk vita at det var ein gut. Etter det har dette prosjektet lugge fint i korga, men no er den ferdig. Buksa er strikka i Hverdags frå Du store alpakka (60% fineste alpakka, 40% peruviansk ull). Buksa er størrelse 9 mnd.
 
 
Syriner er det finaste eg veit, dei luktar og ser nydelige ut!

søndag 1. juni 2014

Melon og jordbær drikk

I dag starta somaren, la oss håpa at resten av somaren blir som dagen i dag:)
Her kjem nokre glimt frå hagen:



Og når da er somar er det godt med noko somarsleg å drikka. Denne mellom og jordbær drikken smaka kjempegodt:)
 
Til ca 12 dl trenge du:
1/4 vannmelom (eller ei halv viss den er liten)
1 korg jordbær
4 dl Farris/vatn frå soda stream
isbitar og ein blender
 
Skjær melona i bitar og ha oppi blenderen.
Rensk jordbæra og ha dei også oppi.
Kjør blenderen i 2-3 minutt (til alt er blanda og til blandinga har ein pure konsistens)
Tilsett Farris eller vatn frå sodastreameren.
Kjør blenderen til dette er blanda inn og hell oppi glass.
Ha isbitar oppi glassa når dei er klar til å serverast.
 
God somar:)