onsdag 24. februar 2010

Sykurs

I januar gjekk eg på kreativt sykurs to kveldar hos Siv Lind som er designar og drive butikken Mormors kommode på Grynerløkka i Oslo. Siv var ein god lærar, og dei tre andre kursdeltakerane var kjekke. Kurset var i butikken. I utgangspunktet skulle det vara i fire timar, men det blei seks og eg har gjort ein del på kjolen heima. Men med butikken rett over gata frå jobben min, gjere ikkje det noko, for står eg fast kan eg stikka innom. Bli inspirert av noko hu holde på med, kjøpa ein green gate kopp eller få hjelp til å setta glidelåsen rett vei. Er du blitt litt nysgjerrig? stikk innom www.mormorskommode.no eller butikken. Og har du og lyst å læra desse tinga, og bur i Oslo området, anbefale eg kurser, det komme fleire.

Først, kjolen i alle vinklar. Den er laga av svart "joggetøy". Dei lilla rundingane er i samme tøy som foret i hetta. Rundingane er pynta med blomsterknappa og paletar. Lillesøster stilte opp som modell, her i ein vinkel som framheve den fine blomsterknappen som er med å holde kjolen på plass.
Og bakfrå, hetta er ein viktig del av kjolen, og er fort med lilla tøy frå Panduro.
Deilig å ha på hove når ein skal heim i vinterkulda.

Og så inni, festemekanisme som gjere at kjolen ikkje sige ner framme.


Eg er kjempefornøyd med kjolen. Den er behagelig å gå med, og samen med høge svarte støvlettar og smykke som matcha blei ein pynta. Har hatt den på meg ein kveld, og har aldri fått så mange komplimang for antrekket, og då er det ekstra kjekt og sei at ein har laga den sjøl.


Og så resten

Sofa pute, med strykemerke på. Her var poenget å læra seg å sy skjult glidelås.
Strykemerka kan kjøpast i butikken til Siv.

Og sist, toalettveske/sminkepung.
Kansje dette blir årets julegave? Her skulle det egentli vore omvent, dvs rosa prikka utenpå osv. Men noko blei feil med glidelåsen, men syns den blei fin likevel.
Og kansje like praktisk med voksduk oppi.

Her blei det som planlagt, rosa tøy med prikka på utenpå, og grønt inni.

Ja no er det berre å la seg inspirera til å finna fram symaskinen eller melda seg på kurs. Eg har lite erfaring med å sy, men har greid dette, og syns det var veldig kjekt å komma eit steg vidare. Har du ein symaskin, og ferdighetane eller melde deg på eit kurs, skal du greia dette.
Ha ein forsatt fin kveld!

søndag 21. februar 2010

Maispannekaker

Eg ønska meg abonemang på bladet familien til jul, og det fekk eg hos tante. Og eg lese forsatt i det første bladet som kom i januar, dvs prøve ut menyen "sunt og enkelt hele uken". Grunnen til at eg ønska meg abonemang på dette bladet er pga mat og strikke oppskrifter, og eg er blitt inspirert kvar gong (4 blad så lang). Har prøvd 4 oppskrifter frå den menyen.



Og denne oppskrifta oppfylle absolutt navnet på menyen. Eg laga to tjukke pannekaker av denne oppskrifta. Åt ei sist søndag, og ei til lunch mandag. Eg hadde inni ulike typar spekemat og rocola salat, godt både varmt og kaldt.



Og her er oppskrifta (2 personar)

1 liten boks mais

3 egg

1 dl kveitemjøl

1.5 dl melk

1/4 ts salt

smør, margarin eller olje til steiking.



La maiskorn renna av seg. Knus dei med gaffel, eller som meg, ha dei oppi røra, når dei øvrige ingrediensane er vispa samen. La røra stå i 15 min å svella. Steik røra i panne med moderat varme.

lørdag 20. februar 2010

Daim is

I dag har eg hatt besøk at ei studievenninde med familie, kjekt å laga til, kjekt med besøk og kjekt med barnestemme og litt liv. Eg serverte boller (laga av ein pakke bolle på 123) og daim is, med litt snacks til.
Daimglass (oppskrift fra mi svenske venninde)
3 dobble plater daim knuses
0,5 l kremfløyte (vanlig eller lett) piskes til krem
2-3 ss kaffi
3 egg og 3 ss sukker piskes til eggedosis
Bland opphakka daim og kaffi i kremen, rør deretter inn i eggedosisen, ikke for kraftig bevegelse
Blandingen helles i frysebeholder og legges raskt i frysen. Klar til bruk etter 12-24 timer

søndag 14. februar 2010

Sweet and sour smothie

Sweet and sour smothie, eller rødbet smoothi som kalla den.
Dette trenge du:
2.5 dl nypressa appelsinsaft (3 appelsiner)
175 gr kokt rødbet (kok den i 30 min)
5 ss yoghurt naturell
1.5 dl vann
Ha appelsinsaft, opphakka rødbet og yoghurteren i blenderen, og tilsett vatnet. Kjør blenderen til ingrediensane er godt blanda og konsistensen er jevn.
Var spent på korleis denne smoothen kom til å bli, alternative ingrediensar i forhold til ka eg pleie å ha i ein smoothie, men den ble god. Og som eg har skreve om før, har eg store planar om å prøva alle smoothiane i smoothie kokeboka mi, må eg skriva kommentarar, og då vil den få karakternen 5-. Ved å drikka dette fylle ein på jernlagera i kroppen og styrke imunforsvaret.
Men ein skal ha "respekt" for rødbeten, de er enormt med farge i den. Når eg gjekk på hotell og næringsmiddelfag hermetiserte eg rødbetar. Kokkekleda eg hadde på meg den dagen blei aldri kvite igjenn, tiltross for at eg prøvde å klora dei 5 gongar. Men med denne historien i bakhove og litt forsiktighet blei det ingen varige tegn på denne smoothien.

onsdag 10. februar 2010

Heimelaga tomatsuppe og Bruchetta


Dette hadde eg til middag ein dag, det var godt og gjekk raskt å laga.

Tomatsuppa
1 boks opphakka tomat med basilikum
1 terning grønsaksbuljong
litt løk og 1 fekk kvitløk

Fres løken, ha oppi dei andre tina og la det små koke i 10 min.
Eg hadde ei spiseskei rømme og parmasanost oppå, når eg skulle eta.


Bruchetta
daggammal loff
modne tomater
basilikum
olivenolje
sitronsaft
litt salt og pepper

Bland alt og ha det oppå rista loff.

tirsdag 9. februar 2010

Babyklær

Blei da ikkje fint, har strikka dette til plutten til Anna-Karin (svensk kjælenavn for guttebaby)i str 3 mnd.
Begge dela er strikka i silkealpakka. Ein veldig god og mjuk trå, kan absolutt anbefalast. Eg har vore på strikke kafe på Dustore Alpakka, og link til bloggen deiras finne du på venstre side. Klikke du deg inn der og på heimesida, kan finne ut kor du og får tak i denne tråen, og mange andre kjekke ting, for ein strikkar.
Buksa er strikka i to rette og to ronge, strikk øverst.


Oppskrifta er henta fra nøstebarn si bok. Knappane er frå knappehuset og har bilde av ein liten hund på seg.



Så no gjenstår det berre at plutten blir født, og eg får tatt meg ein tur til Moss å sett han og gitt han dette.




fredag 5. februar 2010

Kofa kaka

Jobben min er å kjøpa inn hjelpemidler til alle landets hjelpemiddelsentralar. Me skal følga regelverket for offentlige anskaffelsar, som blant anna omfattar muligheten for å bli klaga inn for KOFA (klageorgan for offentlige anskaffelsar). Og det er noko me ofte blir, så eg slapp ikkje unna eg heller. Men saken min blei avvist i sekreteriatet, for det var så klart at me hadde gjort rett, at den ikkje var egna for behandling. Og dette skulle me feira. Tradisjonelt blir det feira med marsipankaka, men det like jo ikkje eg, så eg hadde med meg heimelaga firkløverkaka, dekorert med kofa seier nr 14 (totalt på min seksjon). Kaka er dobbel oppskrift av firkløverkaka eg har lagt ut oppskrift på tidligare. Men prøvde meg på eit nytt fyll, dvs samme ingrediensane, men ikkje "koppe" oppskrift, men dl og gram. Eg aldri har fått fyllet stivt med "koppa" oppskrifa, så anbefale eg å bruka denne:
200 gr firkløver
1/2 dl melk
40 gram margarin
90 gr (1.5dl) melis
Knekk sjokoloaden i bita og smelt den på svak samen med dei andre ingrediensane. Når alt er smelta, ha oppi melisen. Smør på kaka (oppå og inni). Eg brukte dobbel oppskrift.

Og til pynt, sjokoladeglaserte solsikkefrø, som på bildet over. Dette er eit nærbilde, det framkomme bedre på kaka, at dei er veldig små. Er godt å eta, og var godt oppå kaka.

Som eg sikkert har skreve før, består leiligheten min av to leiligheta, dvs ein to roms eg bur i, og ein 1 roms eg leige ut, den ligge på finn no, viss du vil sjå korleis den ser ut, kan du stikka innom http://www.finn.no/, til leie, oslo, sinsen-helsfyr og overskrifta er 1 roms.
La den ut for tre daga sidan, har hatt god respons, funne ein ok leigetagar, men ikkje den "perfekte" enda. Så kjenne du noken, tips dei om annonsa mi.