tirsdag 27. april 2010

Fiskegryte

Hei, i dag har eg hatt fiskegryte til middag. Meininga var å legga ut bilde og oppskrift, men bilde blei så dårlig, og har åte opp, så då blir det berre oppskrift.
Eg syns i utgangspunktet det er veldig godt med fisk, men det er veldige lett å velga noko anna når det er ei torkeblokk som ligge i frysen. Men denne gryta, gjere torskeblokka ganske god.
4 (små) porsjonar:
400 gr torsk i blokk (endra fra tosk)
3 dl yoghurt naturel
1 tube mager rekeost
1 liten boks mais
1 ligen boks champingjong
1 purre
litt salt
Legg fisken i ei ildfast form, dryss litt salt over. Bland alle dei andre ingrediensane og slå det over fisken. Steik fisken i ovnen ved 180 gr til den er gjennomsteikt (tar fort ein time viss fisken er frossen). Server med kokt potet.

onsdag 21. april 2010

Gryteklutar og kjøkkenklut

Eg traff onkelen min i påsken og då snakka han varmt om gryteklutane som han hadde sett hos andre i slekta, og fortalte om alt han hadde prøvd, frå plast til utslitte hekla han brukte no. Og då var ikkje eg vanskelig å be. Eg syns generelt da er veldig kjekt å få skryt for da eg lage, og det er veldig kjekt å gi vekk noko ein veit vil bli brukt. Han hadde ingen preferansar i forhold til farga, men ville ha noko med farge på. Og tru da eller ei, eg hadde eit lager med bomuls trå liggande. Eg har strikka med ein litt tjukk blå trå, og ein tynn som skifta mellom ulike blå og grønn fargar.
Var litt optimistisk i forhold til tråmengden og la opp 85 masker og gjekk tom for trå etter 21 cm.
Dei er 24,5 cm breie.
Gryteklutar i grått.
Eg har vore på utkikk etter denne gråfargen lenge, eller rettare sakt vore innom 4-5 tråbutikka før eg fant noko eg syns passa til formålet. Dette skal vara ein forsinka innflytningsgave til fetteren min som har pussa opp kjøkkenet i grått i nyinnkjøpt leilighet.
Desse er litt mindre enn dei over, 18 * 18 cm.
Tråen heiter soft cotton. Eg pleie å strikka med dobbel trå, men når anbefalt pinne var 4.5, gjorde eg gjorde eg ikkje det denne gongen. God og mjuk trå. Og når eg førs hadde funne denne tråen, kjøpte eg ett ekstra nøste for å strikka ein kjøkkenklut, som så mange andre før meg (sett det på utallige bloggar). Eg la opp 45 masker, ein omgong med berre rette masker, så ein med ei rett og ei rång heile pinnen.
Tatt to bilder så ein kan sjå mønteret på begge sider. Kluten er 23 * 23 cm.Eg var på strikkekafe på Du store Alpakka i går, og der snakka dei om slike klutar. Og då lærte eg at ein skulle ikkje bruka trå som var blank til slike klutar (var eit navn på det, men det huska ikkje eg).
Ha ein forsatt fin onsdag

lørdag 17. april 2010

Ferske rundstykker til frukost

Håpe tittelen på innlegget gjera at du får lyst til å lesa vidare. Eg får iallefall vatn i munnen når eg lese det. Og den gode nyheten er, ein trenge ikkje stå opp med hønsa for å få det til. Eg har besøk av lillebroren min denne helga, eller rettare sakt, han sove hos meg, og deltar på ein konferanse heile dagane. Ein av mange ting eg sette pris på når eg har besøk, er å ha noken å eta frukost med, og lange frukostar med noko anna enn frukostblanding (som eg fort velge i kvardagen). I dag hadde me ferske rundstykker, kaffi av nymalte kaffibønner, juce og godt pålegg (ein anna fin ting med besøk, ein kjøpe inn meir og bedre pålegg, vil jo at gjestene skal ha det så bra som mulig)
Nam, nam...

Og her er baksten. Det geniale med denne oppskrifta er at ein lage deigen kvelden før, har det oppi muffinsformer, klesje det ut på eit bakepapir (brytebrød) eller den formen du foretrekke og lar det stå i kjøleskapet natta over, pensl med vatten før ein sett dei i steikeovnen på 250 gr og steik i 12 min, og ta,ta: ferske rundstykker til frukost.

Av denne oppskrifta fekk eg 12 middels store rundstykker (hadde dei i store muffinsformer)
Dette er ein gjærdeig og lagas på den vanlige måten, og består av:

1/2 pk gjær
5 dl vatn
1.5 ts salt
1 dl havrekli
1/2 dl knuste linfrø (gløymte eg å ha oppi)
9 dl kveitemjøl

Oppskrifta komme frå blogg eg ikkje huskar navnet på i farten, og blir der kalla morgonbullar.

Prøv dei du og då!

lørdag 10. april 2010

Body

Og her er bodyen, hadde litt tekniske problem med å få den inn på forrige innlegg. Men er fornøyd med å få lagt ut sång frå første gong.
Har strikka denne bodyen i baby silke frå Du Store Alpakka. Eg har heilt forelska meg i denne tråen, den er fantastisk å ha på pinnane, og vil tru det er behagelig å gå med noko som er så mjukt. Denne er i str ett år, men eg har brukt ein tjukkare trå og pinna enn i oppskrifta, så trur den er nermare str 18 mnd.

Og når ein først har brukt trå til 59 kr nøsta, måtte eg ha knappa i samme kvalitet. Dei kjeme frå samme butikk og er håndlaga. Syns da blei fint med ein kontrast farge på knappane.


Oppskrifta er henta frå familien nr 4/2010. Oppskrifta er laga av www.coatscrafts.


Gratulera med dagen Karen Oline

Gratulera med dagen Karen Oline, håpe du får ein fin dag, like bursdagsfilmen, får kjekt selskap og bodyen blir behagelig å ha på.

torsdag 8. april 2010

Utfordring,

Eg er blitt utfordra av strikking (netta maie), du finne hu på lista over bloggar eg følge med på.
Netta Marie har ein veldig kjekk blogg syns eg, skrive om alt frå sammenligning av håndkrema, gode oppskrifter og masse strikking, så ta ein kikk.
Utfordringen er:

* velg den 6 mappa
* velg det 6 bilde
* sett inn bilde på bloggen og skriv litt om det
* utford 6 andre bloggara (husk å informer dei)
Og her er mitt bilde:

Tok bildet av denne middagen for eg hadde tenkt å blogga den, men den ser ikkje så spennande ut, så har ikkje gjort da. Men tiltross for at den ikkje ser så spennande ut, var det veldig godt.

Kok pasta, eg har brukt skrua med ulike farga. Steik middagspølse, løk og eple. Bland alt. Ta,ta, enkel, god og sunn middag.

Eg utfordre:

http://www.frupedersensliv.blogspot.com/

http://www.nytelivet.blogspot.com/

http://www.toneab.blogspot.com/

www.lises.nett/blogg/

http://www.kreakris.wordpress.com/

http://www.livetpaalier.wordpress.com/

søndag 4. april 2010

God påske

Hei og god påske alle samen. Eg kom frå påskeferie på Bømlo no i kveld. Har vore der i 9 dagar. Heima hos oss blir ein aldri for stor til å få påske egg, og her er mitt. Masse godt, og noken av mine favoritar, som feks ferrereo rocher og spesial frå den lille nøtte fabrikken.
Det er lett å ha store forventningar og planar før ein ferie, og når den er over, har det ofte vore anerledes enn ein forventa, og ein får skjelden gjort alt ein planlegge. Men tiltross for dette, eg har hatt ein fin ferie, bortsett frå at eg hadde tenkt det skulle væra sol og varmt, slik at eg kunne vara med og på sjøen. Men som sikkert mange andre i sørnorge kan vara enige med meg i, været har ikkje vore alverden denne påsken. Det var ein halv dag med sol og masse vind og ein kveld uten masse regn og vind. Og då var eg på båttur.

Her er sola på vei ned uti havetInni Førdes fjorden var det ikkje ei bølga, utenom dei me laga sjøl
Ein av mange fine holmar, eg satsa på ein bra sommar så ein kan dra på båttur og slå seg ned på ein holme og nyta strand og sjølivet.
I mårå skal eg lada opp til å begynna på jobb igjenn, med å lesa ferdig boka eg har holdt på med i påsken, og ta ein tur på Elixia.
Håpe du og har hatt ein fin ferie