mandag 29. mars 2010

Bryllup

Gratulera med dagen Solveig og Simon!
Solveig, ei barndomsvenninde gifta seg i Bremnes kyrkja på lørdag. Eg var invitert i middag og kaffi på Stord hotell. God mat og kjekk fest.

Bruda var nydelig, men var fornøyd med anntrekket mitt eg og. Eg brukte ein kjole fra tante Stine (bestemor si søster i Amerika). Kjolen er gammal, og er brukt av hu, mi søster og no meg. Eg hadde kvite sandalar med "diamantar" på til, hårspenne i samme stil, ellers ser ein resten på bilde.

Ein skal lida for skjønheten heite da, og i mitt tilfelle blei det å sova med rullar for å få krøller for ein dag. Og til min store glede holdt dei heile dagen, så då var det vert ei natt med dårli søvn.

Til vanlig bruke eg briller, men på lørdag hadde eg på meg linser. Det var vanskelig å både få dei av og på, men kjekt å ikkje bruka briller. Eg hadde god hjelp av min lille søter til sminken. Har aldri hatt så mange lag på lag, men syns aldri eg har vore så fint sminka før heller.

Blei masse skryting dette, men no er kvardagskleda på igjen, og ein kjedeli hårstrikk. Og trivest i grunn best med det.

torsdag 25. mars 2010

Chili Con Carne

400 gr kjøttdeig
1 løk
1 boks bønner
1 boks hakka tomater
1 boks tomatbønner
pepper
chilikrydder
kjøttbuljong
Brun kjøttdeigen og løken, ha oppi bønnene, la det koka i 10 min. Smak til med krydder.
Enkelt god og sunt.
Når eg lage dette, blir det til to dagar, så no skal eg snart varma opp frå torsdag.
Ha ei forsatt fin helg, og håpe det er sol der du og er.

lørdag 20. mars 2010

Aprikos og appelsin smothie

2.5 dl kokande vatn
125 gr tørka aprikos
safta av 4 middels store appelsiner (ca 3 dl)
2 ss yoghurt naturell
1 ts mørkebrunt sukker
Legg dei tørka aprikosa i ei skål, og ha det kokande vatnet øve. La det ligga i bløyt i 12 timar.
Ha aprikosa og vatnet i blenderen, og kjør til det er pure. Tilsett appelsinsafta /juce i puren og kjør til det er blanda.
Hell blandinga over i eit glas, legg 1 ss yoghurt naturell og eit dryss med brunt sukker på toppen av glasset og server.
Denne får terningkast 5 i min personlige utprøving, så med andre ord, veldig god og bør prøvast.

onsdag 17. mars 2010

Vottar og pulsvottar

I helga strikka eg dette, vottane er til ein tidligare kolega og pulsvottane til epla butikken eg har tenkt å oppretta. Oppskriftene fant eg i boka "Gøy og strikke med tykke pinner" som eg har fortald om før. Eg brukte Gull garn som er kjøpt på Spar kjøp, god og mjuk.
Ellers har eg ett par andre strikke prosjekt på gong, body til min niese, årets sokke koleksjon og bomuls gryteklutar. Så, det er godt det snart er påske, og eg får litt bedre tid til å strikka :)


fredag 12. mars 2010

Krydderkaka og vestlandslefsa

I kveld har eg hatt besøk av farmor og farfar, og eg tenkte på ka passa det å servera til dei som har pasert 80. Det blei krydderkaka og vestlandslefser med pålegg inni, og det falt i smak.
Eg rørte samen denne krydderkaka i går, eg veit ikkje navnet, men mamma sa at eg kunne kalla den korps kaka, for det er alltid noken som har den med på korps arrangemang.
Oppskrifta er:
7.5 dl kefir melk
3 ts natron
1 pakke kanel (ca 20 gram eller 3-4 ts)
600 gr mjøl
600 gr sukker
180 gr smør
Rør ut natronene i kefir melk, bland sammen alle ingrediensane og ha det i ei langpanne
Steikes i 30 min på 200 gr
Eg har ikkje laga fyll, for store delar av kaka komme til å havna i frysen. Men her er oppskrifta,
50 gr smelta smør
250 gr melis
2 ts vaniljesukker
3 ss kako
4 ss kaffi
Rør inn dei øvrige ingrediensane i det smelta smøret, og smørr på på kaka
Enkel og god kaka.
Og så vestlandslefsa...
Eg prøvde ut serveringstipsa bak på pakken og fant på noko sjøl, dvs
* laks, salatblad og kremost
* skinke, ost, salatblad og kremost
* leverpostei og avokado
Veldig god, passe godt å servera når ein har besøk, eller ta med til lunch eller ut på tur.
Og da er berre fantasien som sette grenser for ka ein kan ha inni, har prøvd med "taco-ting" og, kan anbefalast.


Ha ei fin helg!

lørdag 6. mars 2010

Sjal med fleire mulighetar

Eg såg eit sjall hos ei på jobben, likte det, og tenkte, eit sånt må jo eg kunne strikka. Og her er resultatet. Eg la opp 78 masker, strikka tre rette og tre ronge til det målte 120 cm. Eg bretta det dobbelt og sydde 30 cm, dvs det er 30 cm åpning. Sjallet kunne vore lengre, men eg var lei etter 120 cm. Og her har eg det på meg. Ein kan ha det over skuldrene, motsatt vei viss ein feks har ei jakke som er for åpen framme eller øve hove.



Eg har strikka i Ramona trå i merket California, 100 % acryl. God og mjuk trå, og tiltross for at det ikkje er ull, er sjalet godt og lunt å ha på seg.



Sist veka skulle eg på ein liten Norges rundreise, den starta hos søster mi på Lier, så til foreldre og besteforeldre og så skulle eg vidare til Trøndelag fylka med jobben. Men det blei kunn første dagen som gjekk etter planen, før eg gjekk ned for telling, dvs blei sjuk. Men når ein først skal vara sjuk, er det ein veldig stor fordel å vara heima, noken som holde ein med selskap når ein orke det og noken som lage mat til ein. Eg kom meg aldri til Trøndelag, men tilbrakte dei dagane på sofaen, med å sjå på det fine været.

Bilde over er utsikten frå huset til søster mi, Liervatnet.

Og her er min niese, hu er no blitt 10 månedar, og under Beauty.
Meininga var å få dei inn på ett bilde, men det var lettare sakt enn gjort, og etter tre forsøk, gav eg opp. Me gjekk ein tur longs vatnet i det fine været. Beauty nyte livet som gardshund, men syns det er ekstra kjekt når noken blir med hu på tur, og eg og hu er gode venner. Når eg er det lure hu seg inn med meg, og ligge med beina mine.

Ha ei forsatt fin helg!