lørdag 12. desember 2009

Dekorering av lys

Hei og god lørdag. Vil starta med å takka for kommentarar for innlegget med bilder av leiligheten. Eg blir veldig glad for kommentarar :)

Lillesøstera (Ingeborg) mi har lært meg å dekorera lys. Ein starte med å finna ein serviett ein like å klippe ut så masse ein trenge for å dekka lyset. Ein tar vekk to av tre lag på servietten. Så trenge ein ei plata, eller separat kokeplate, og ein steikespane i metall/kniv (noko som lede varme). Ein tar steikespaden bort på plata, og så rett bort på lyset. Då smelte starin og servietten feste seg. Gjer dette over heile lyset. Det vil komma litt stearin på steikespaden, så tørk vekk det, slik at det ikkje feste seg på plata.


Eg har akuratt laga ein firkløverkaka som eg skal ha med meg på julebord i kveld, men eg fekk ikkje fyllet stivt, så det blei masse gris når eg laga det, men smaka heldigvis godt, og det er vell viktigast når alt komme til alt.
Ha ein forsatt fin lørdag!

søndag 6. desember 2009

Kromkaker

Når eg var heima sist helg, laga eg og bestemor kromkaker. Kromkaker er ikkje min favoritt, men det er kjekt å gjera noko saman og det var kjekt å læra å laga kromkaker. Bestemor steikte og eg rulla. Me brukte ca 2 timar på å steika ei oppskrift, og det blei 80 stk. Tenke eg ser meir til desse kromkakene i jula. her tar bestmor kaka av hjernet

" rullinga", må gjerast med ein gong kakene komme av hjernet


4 egg
300 gr sukker
250 gr smelta smør
2 dl vatn
250 gr mjøl
250 gr potetmjøl
Visp egg og sukker til eggedosis. Tilsett lunka smør, vatn og begge typa mjøl. La røra stå kaldt i 5 timar, før ein steikjer. Viss røra er blitt for tjukk, tilsett litt vatn.
Steik på kronkakehjern, bruk ei "rulle" eller ein kopp til å forme kakene når dei er varme. Avkjøl før ein tar kakene oppi ein tett boks.

lørdag 5. desember 2009

Bilder fra leiligheten

Hei og god lørdag
Eg blei spurt for ei stund sidan og å legga ut bilder fra leiligheten. Når ein legge ut bilder vil ein helst at det skal sjå bra ut osv, men heilt ferdig er eg ikkje enda. Men her komme bildene

Velkommen til meg, no står eg i ytterdøra. Til høgre er badet, soverom rett fram og stove/kjøkken til høgre. Flislagt bad med dusjhjørne, vask, toalett og vaskemaskin.

Soverommet mitt. Her er eg ikkje heilt ferdig, skal blant anna ha ein komode kor eg kan ha alle hobby tinga mine i.

Kjøkken, med spisebord. Bruke ei hylle som romdelar mellom stova og kjøkkenet.

Her er romdelaren julepynta. På denne går det i englar, andre stader nissar og på kjøkkenbordet lilla. Ikkje heilt gjennomført nei, men syns det var koseleg å finna det fram i går. Og julebamsen har ein viktig jobb, passa på adventskalenderen min og julepresangar, ettersom dei kjem i hus. Eg er så heldig å ha både pakkekalender og hello citty sjokoladekalender (ja, eg er 25 år, men blei veldig glad for dei kalenderane eg har fått

Her er "go" stolen, og nissane eg fekk plass til på tv benken.


Og til slutt, heile stovedelen.


Ha ein forsatt fin lørdag!





















tirsdag 1. desember 2009

I dag har eg hatt middagsbesøk av fetteren min, og eg har servert ein av mine favorittar. Grunnen til at det er ein favoritt er at det er nesten umulig at det blir misslykka og det lage seg sjøl. Det skal stå ein time i ovnen, så då kan ein gjera dei andre forberedelsane og det er lett å laga til mange.
Retten består av potetbåtar, gullerot i skiver, opphakka rødløk, bacon i skiver, brokkoli og krydder.

Sett potetene og gullerøttene inn i steikeovnen på 225 grader, steik dette i 40 min før ein tilsette dei øvrige ingredielsene og steike til baconet har fått fin farge. Total steiketid er min 1 time, steiketida variere etter ka poteter ein bruker og størrelsen.

Til deser hadde me bringebær smoothie. Framgongsmåten er den samme som for mango smoothien eg har laga før og består av: bringebær, banan, skogsbær yoghurt, yoghurt naturel og appelsinjuce.
God mat og kjekt besøk