mandag 28. januar 2013

Club sandwich med aubergin



Skjær ein aubergine i tynne skiver, legg skivene på et bakepapir og drypp over litt olje, smør utover med ein kost, og ha slat og paprikapulver oppå.
Bak auberginen i ovnen på 200 grader i ca 10 minutt
Skjær 2 kyllingfileen i skive og steik i smør
Rør samen 3 ss cream fresh, 1 ts dijonsennep og smak til med karri og salt
Varm grove pitabrød i steikeovnen, del dei i to på midten
Smør pitabrøda inni med dressingen
Legg inni eit salatblad, tomat, aubergin og kylling.
 
Enjoy!

lørdag 19. januar 2013

Det er alltid kjekt når ein finn noko ein treng på finn, spesielt når ein ikkje har funne noko ein likar til ein pris ein likar i butikken. Me kjøpte nattbord på finn i sommar. Det eien var lyseblått og det andre lysegrønt, var ganske stilig når me ikkje hadde noko med farge på, på soverommet. Men etter at me tapeserte skyvedørsgarderoben og fekk opp litt bilder på veggene, syns eg det blei styggare og styggare. Så etter å ha hatt juleferie og samla energi, sette eg i gong med malig. Nattborda blei kvite med lilla knotta frå Kremmerhuset. Og ekstra kjekt med "nytt" nattbord når ein har ei kjekk bok oppå, "Syersken fra Madrid".
 
Etter at eg var ferdig med nattborda, satte eg i gong med gelenderet på trappa. Eg er ferdig med det og, men har igjenn og vaska vekk malinga som er søla, tiltross for iherdig teiping.
 
No skal me ut og kjøpa nytt glas til ovnsdøra vår, det sprakk i går.
Med -18 ute håpe eg dei har det på lager, så me kan fyra igjenn.

mandag 14. januar 2013

Pølsehorn

 
5 dl kveitemjøl
5 dl grovbakst
1 pakke gjær
1 ts salt
1 ss sukker
1 ss oregano
1 ss basilikum
3 ss smør
6 dl lunka lettmelk
 
Bland det tørre, smelt smør og tilsett melka og varm opp til det er lunka.
Ha veska oppi det tørre og arbeid med deigen til den er blitt smidig og hev i 30 minutt.
 
Ta deigen på mjølete bakebord. Del den i to og kjevl kvar del ut til ein rund leiv (ca 30 cm i diameter). Del kvar leiv i 8 spissa. Ha på litt ketchup, legg ei wienerpølse i spissen og rull deigen rund og form til horn. Etterhev horna i 20-30 minutt. Pensla med sammenpiska egg. Steik horna midt i ovnen på 225 grader i 15 minutt.
 
Smake godt både varme og kalde:) 

lørdag 5. januar 2013

Hua med refleks

Eg har sett bilder av hue med refleks og når eg fant refleksgarn på ein interiør butikk på Åmot ville eg og prøva. Bilde er tatt når det er heilt mørkt. Hua er strikka med to rette og to range og eg hadde reflkesgarnet samen med den andre tråen i to omgongar på kvar stripa.  
 
 
Ha ei forsatt fin helg:)