onsdag 22. desember 2010

"Reste" meny

Jul og reisa på juleferie nærmar seg med stormskritt. Eg har hatt eit "bruk opp det du har i kjøleskapet og det som har lugge litt for lenge i frysen" prosjekt dei siste dagane. Og med litt planlegging har eg blitt kvitt ganske masse, men har og åte masse god mat.
Søndag: fiskegryte i ildfastform
Ta ei fiskeblokk (valgfritt slag), ha oppå litt pepar. Bland samen yoghurt naturell, kremost, mais, purre og sukkererter (eller noko anna som har ca like lang steiketid). Ha det over fiskeblokka og steik det i 30 min på 220 gr (lengre dersom fiskeblokka ikkje er tint på forhånd). Server med bygg gryn, ris, pasta eller potet.
Mandag: Hakkebøff, potet, gullerot og heimelaga tyttebærsyltetøy.
Hadde ein boks med hakkebøff, kokte potet og gullerot. Tok opp tyttebær som eg hadde plukka på Hovden i haust, moste dei og hadde på litt sukker og vips ein kjempegod middag syns ialefall egg (ps. "brunsaus" middagar er undervurdert).
Tirsdag: Omellett. Kokte ei ekstra potet på mandag. Hakka opp den, ein halv løk og 3 kyllingpølser frå frysen. Blanda 4 egg, 4 ss melk og pepar og hella over. Skar tomater i skiver og la over og dryssa over oliven (oliven er godt på nesten alt, kan ikkje skjønna koffor eg ikkje har begynt å lika da før no). Steikte i ildfast form i ca 30 min, på 200 gr. Middag i går og lunch i dag.
Torsdag: Gullerotsuppa
Kokte 5 gullerøtter, 1 løk og to buljongterningar i ca 30 min. Brukte stavmiksar for å mosa det. Tilsette litt pepar og basilikum og parmasan på toppen. Eg brukte rødløk, derfor litt gusjen farge. Fekk servert denne suppa som ein av tre rettar på ein middag hos Maria tidligare i haus. Ho serverte med creme fresh, basilikumblad og rista brød, da skal eg og gjera neste gong.

Kjøleskapet er no nesten heilt tomt. Kofferten pakka (og ja, eg fekk plass til alt, hadde bestilt to kolli for å vara føre var), badet vaska og leiligheten støvsugd så no gjenstår da berre ein dag på jobben, så er eg klar for juleferie.

mandag 20. desember 2010

Varmepute trekk

Viss du syns det er litt lite håndarbeid her for tida, har eg ikkje slutta med da. Men holde på med siste innspurt på julepresangane og da er ting eg har blogga før. Men her komme noko nytt, varmeputetrekk.
Enkel å laga og fin måte å bli kvitt trårestar. Eg har strikka med dobbel Sally (blå) og topp tå.
Eg la opp 70 masker på pinne 7, og strikka fram og tilbake til det ikkje var meir trå (og flaks for meg var det så stor varmeputa var). Felte av, festa tråa, sydde isamen på vranga, tvinna trå, og vips, trekket var ferdig.
Eg har litt (all) for masse trå liggande. Og har tenkt litt på ka eg kan bruka den til, foruten varmepute trekk. Skal eg prøva meg på julekuler, julestrømpe, trekk til kleshengar.
Alpakka tråen skal eg strikka babyteppe av. Har du noken idear?
I går laga eg siste porsjon med brente mandlar. Og her er boksdekoren. Brukte gavepapir og dobbeltsidig teip. Blei litt luftlommer. Boksane til venstre har det vore honning på, og trur da ville blitt vanskelig å festa med lim på metallet. Boksen til høgre har det vore valnøtter på.
Pappa har samla boksar til meg igjennom heile året. Neste år trur eg da blir barnematglass med glassmaling eller dekopasj.
No gjenstår da ett par lommetøfler, så er eg i mål. Kom ut av tellinga i ka eg laga ein gong iløpet av hausten, så har måtta stå på for å bli ferdig med alt i år.
Men det blir noko heimelaga i alle pakkane i år og.

lørdag 18. desember 2010

Krema røykelaks og "muffinsformtest"

Eg har testa ut muffinsformer frå ikea. Eg har erfart at små papir muffinsformer gir etter i "veggene" og at muffinsane blir veldig flate. Sist helg laga eg matmuffins, og det er ein ganske tung deig, så var veldig spent på korleis det skulle gå. Men med to former på kvar muffins, gjekk da bra. Så dei formene kan anbefalast. Syns det er fint mønster på formene, og med ein pris på 9 kr for ein pakke med 65 stk er det ein klar favoritt i små muffinsformer. Euroshooper er favoritt innen store. Dei har ikkje mønster, men er best av dei eg har prøvd ut (du ser dei til venstre i bildet). Oppskrift på matmuffinsane eg laga finne du her: www.tine.no/8533.cms


Krema røykelaks (2 porsjonar)
Finhakk ein løk og fres den i olivenolja. Tilsett grovhakka 150 gr sopp og fres den samen med løken. Hell over 2 ss kvitvin (eller eplejus), 1 dl matfløyte og 1 ss grovhakka sennep, la det koka til veska er halvert. Tilsett 100 gram spinat (fråsen fungerte heilt bra)
Tilsett 200 gr røykelaks og kok opp. Server med fullkornspasta.
Smaka god både varm og kald.

I kveld har eg sett filmen Julie og Julia. Ein film alle om er glad i laga mat eller blogge burde sjå. Filmen handla om ei som sette seg som mål å laga alle rettane i ei kokebok (over 500 stk) iløpet av eit år. Alle utfordringane hu møtte i forhold til da og parallellt fulgte me livet til hu som hadde skreve boka. Kansje det skal vara nyttårsforsett, laga alle oppskriftene i ei kokebok? Eg hadde tenkt å laga alle smoothiane i smoothie kokeboka mi men det går ganske dårlig. I kveld enda eg opp med blåbær smoothie igjenn (absolutt ein av favorittane). Er blit anbefalt kokeboka til Kari Jackeson (god, enkel og sunn kvardagsmat), så viss eg får den til jul, kansje eg skulle jobba igjennom den, time will show....

mandag 13. desember 2010

Luciakonsert

Eg har vore på luciakonsert i den svenska margaretakyrkan i kveld. Her komme to songa dei song der (opptaket er ikkje der ifrå)



Flott konsert og kjekk gløgg og pepperkake samling hos Maria først.

Og her eit bilde eg laga for lenge lenge sidan. Eg har sydd rundt alle figurane på bildet og mamma har sydd ramma, bakside og lagt vatt inni.



torsdag 9. desember 2010

Marsipan


På søndag var eg å laga marsipan med kjæresten til søskenbarnet mitt. Marsipanen blei god, og me hadde det veldig kjekt. Ein fordel for meg er at eg er ikkje veldig glad i marsipan, så den ligge fint i kjøleskapet og ventar på å bli gitt vekk eller bli sett fram viss det komme besøk.

Eg skolda mandlane, dvs, hadde mandlane oppi ei panna og hadde varn over og kokte opp. Lot det stå og trekka til skalet blei laust. Eg tok av skallet på alle mandlane og lot dei ligga på eit kjøkkenhåndkle og tørka i 6 dagar.

Så malte me me mandlane, me malte tre gongar på mandelhåndkvern. Har ein ei kvern som ein kan mala i ulike finheta kan da holda med to (1 gong på grovt og ein gong på fint).

Bland like masse mandlar og melis (kan vara lurt å holda igjenn litt mandlar til utbakinga/hatt i konditorfarge). Bland isamen mandlane og melisen, tilsett eggekviter litt etter litt (nb., da blir veldig fort for masse, og ein trenge masse mandlar og melis for litt for masse eggekviter). Eg brukte ca 4 på 750 gr melis og 750 gr mandlar. Tilsett romessens (ganske mange dråpar). Kna til marsipanen er klar til å laga figurar av. Tilsett konditorfarge viss du vil ha det. Form figurar eller kjevl ut og stikk ut figurar (som eg gjorde).

Me lagde og noken kuler som me dypte i sjokolade og hadde strø på, men dei har eg vist gløymt å ta bilder av:)

Legg marsipanen i ein tett boks og oppbevar den kaldt.

Eg fekk 1.5 kg marsipan, og då brukte eg ca 4 timar frå ein starta med malinga til ein var ferdig. Medberegna at tante var "kjøkkenassistent" og fant fram ting ein trengte og hjelpte meg med knainga.

lørdag 4. desember 2010

Malaysisk suppe

Haust er suppetid, og mitt hove er gode supper, supper ein har laga frå botn.
For å få denne suppa starte du med å grovhakka 1 stor løk og 1 fedd kvitløk og surra da i olja. Tilsett ein boks med opphakka tomater, 1 ss hot karry og 1 liter grønsaksbuljong. La dette koka i 15 min. Hakk opp 1 boks hermetiske fersken og tilsett det (uten sø) og 3 dl matfløyte/h-melk etter att suppar har kokt i 15 min, la så suppa koka i 5 min til. Steik kyllingfile i bitar og tilsett til slutt.
Eg hadde korianderruter til, dei blei ikkje så luftige som eg hadde trudd, så må "forska" litt meir på den oppskrifta før eg dele den. Kort fortalt er det å tilsette koriander i ein grov gjærdeig og steika den i langpanne og ruta den opp.
Eg har vore på ikea i dag, målet var nytt korgstativ til skyvedørsgarderoben og list til å setta bilder på. Etter å ha snakka med ikea-mannen og pappa, fant eg ut at det blei for komblisert for meg å båra i betong osv, så då blir bildene hengt opp ett og ett i staden.
I staden kjøpte eg nattbord med hjul og lampe.
Borde må lett kunna flyttast for å komma inn i garderoben, og med samme problematik som med bilder, passa ein bordlampe perfekt. Sengeteppet er arva frå farmor-
Eg selde bilen i mars, og har skrytt litt av at eg ikkje har savna den ein dag, men i dag gjorde eg da. Det går greit så lenge ein er inne på butikken og har alt oppi ei korg, komma seg inn på ikea bussen gjekk og greit. Men frå ikeabussen og bort til drosjeplassen hadde eg store problem. Og til min store glede var det ein narkoman som oppdaga meg. Han kom bort og hjelpte meg. Til vanlig går eg fort forbi dei narkomane og holde litt ekstra godt på veska. Men i dag når eg trengde hjelp, fekk eg ein koselig samtale med ein narkoman. Har tenkt på det etterpå, at når eg trengte hjelp var det greit å ta snakka og ta imot hjelp, men til vanlig ville eg sett ned på han.
......................

torsdag 25. november 2010

Fisk i folie * 2

Å steika fisk i folie er ein enkel, grei, rask, god og sunn måte å tilbereda fisk på. 150 gr laks

Skjær 1 gullerot, 1/4 squash og 1/4 purre i strimler. Kok da i 3 minutt. Legg grønnsakene på folie, ha litt salt, pepar og balsamicoeddik oppå. Legg ein laksefile oppå, tilsett litt meir salt og peppar og litt timan før du pakke det inn i folien.


Steik på 200 grader i ca 15 min (litt lenger viss du vil ha den 100% gjennomsteikt), server med fullkornpasta.




Torsk med potet, grønsaker og gressløk smør

Følg framgongsmåten som over, men bruk brokkoli i staden for squash og ikke balsamiccoedikk og bruk torsk i staden for laks.



Smøret er laga av å piske saman smør, 1 egg og gressløk. Form det som ei pølse inni bakepapir og putt det i frysen. Skjær ein bit av pølsa i fråsen tilstand og legg oppå fisken.


God middag!





Berits brune pinnar

I går var eg på julekakebaking hos ei venninda. Me var sju jenter. Eg laga mine favorittjulekaker; Berits brune pinna. Og til dei trenge du:
200 gr sukker og 200 gr meierismør som røres kvitt.
1 eggeplomma, 1 ss lys sirup, 1/2 ts kanel, 1 ts vaniljesukker, 1 ts natron, 300 gr mjøl. Dette blandes i sukkeret og smøret når det er blitt kvitt.
Del deigen i 6, rull det til pølser, trykk ut på bakepapir, pensla med eggekvita og ha mandla og sukker oppå. Steik på 175 gr i 10-12 min. Skjær dei pinnar mens dei er varme og ha det over på rist for avkjøling.
I tillegg til Berits brune pinna har eg tenkt å laga brente mandlar, marsipan og kansje sjokoladekjeks som eg har funne oppskrift på hos http://www.passionforbaking.com/ (som for øyeblikket er min favorittsøtsak blogg), så følg med.

Eg pleie å pynta til jul 1 søndag i advent, men sidan eg får besøk i helga, har nissane
adventsstjerna
og englane allerede flytta inn.
No sitte eg å vente på barndomsvenninda mi som komme på besøk. I mårå blir da halv dag på jobben, og julegaveshooping på programmet.
Ha ei fin helg du og!





søndag 21. november 2010

Lommetøfler

Som avreagering etter å ha strikka ein genser med mønster og rundfelling, har eg den siste veka strikka tre par lommetøfler. Det har vore avslappande for håve, ein ser raskt resultat og et bidrag til tre julepresangar. Her er dei, pynta med knappar frå Du store Alpakka.



Dei to øverste er strikka i viking sokkagarn, brukte et nøsta på ett par. Nederste er stikka i eit veldig tynt sokkagarn med ulike fargar, i samen med eit grått.

Legg opp 5 masker på pinne 4 (med eit garn som passa til den pinnestørrelsen).
Strikk 6 pinna fram og tilbake.
Forsett med å auka 1 maska i begynnelsen av kvar pinne til du har 22 masker.
På neste pinne aukes det i kvar maska (44 maska)
Forsett med å strikka to rette og to ronge i 15cm
Fell av på samme måte som du starta.

Sy i saman dei smale remsene og sidene på vrangbords.
Vrangborda gjere at tøflene passar til "alle" (ialefall voksne damer feks.)

Ps, tusen takk for kjekke kommentarar på både maten og tinga eg lage!


fredag 19. november 2010

Foccacia med fyll

Blei tipsa om denne oppskrifta av søster mi, eller rettare sakt, det var ingen oppskrift, men hu hadde tatt det hu hadde i kjøleskapet og blanda det og hatt det oppå ein foccatsja. Eg kjøpte inn da hu hadde hatt oppi, og eg gjorde da samma, og det blei veldig godt.
Start med å laga foccacia deigen.
Og til ei lita langpanne trenge du:
50 gr gjær
7 dl vatn
4.5 ss olja
15 dl mjøl
1 ts salt
1 ts sukker
Bland tørrgjær med det alt det tørre, tilsett lunka vatn (37 gr) og olja. Elt dette godt i samen. Deigen skal vara grautere. Når du er ferdig ha litt olje over før du sette deigen til heving til den har gått dobbel størrelse.
Bland samen fyllet
1 boks skinka
svarte oliven
1 løk
1 glass pesto
soltørka tomater
Hell deigen over i ei langpanne med papir, fordel fyllet oppå og la det etterheva i 20 min.
Steik på nederste rilla i ca 40 min på 225 grader.
Strø ost oppå når foccacian er ca halvsteikt.
NB, pass på at dei soltørka tomatene ikkje blir svidde, da blei mine :(

Server med salat til.
Neste gong skal eg prøva uten ost, og legga bakepapir oppå viss eg ser dei soltørka tomatene begynne å bli svidde, legga bakepapir oppå.

Og viss du er intresert, er julekorta eg laga tidligare i haust, no komt i epla butikken min som du finne her:

www.epla.no/shops/oddbjorgshobbyhjorne/

tirsdag 16. november 2010

Fargerik genser med rundfelling

Har strikka denne genseren til Even på 15 måna. Fant oppskrifta i Familien nr.3 2010.
Genseren skulle strikkas i Sandnes mini duett, men eg strikka den i tråen Fin frå Du Store Alpakka. Dette er den første genseren eg strikk, så det vil ikkje vara noko utfordring å finna skjønnhetsfeil, men ein plass må ein begynna. Mønsteret oppe blei veldig stramt, men blei bedre etter litt damping. Og neste gong skal eg følga tipset frå Kaja (min gode nabo og strikkedesignar), og strikka mønsteret på ein størrelse større pinna enn resten.

lørdag 13. november 2010

Gullerotkaka

9 egg
540 gr sukker
225 gr smør
450 gr mjøl
6 ts malt kanel
6 ts natron
465 gr reven gullerot
Skrell gullerøttene og rasp dei.
Smelt smøret og la det avkjøla seg mend du vispe eggedosisen.
Pisk egg og sukker til luftig eggedosis (jo lengre du piske, jo bedre)
Tilsett smøret i eggedosisen.
Bland da torra, og løft da inn i røra med ein slikkepott
Tilsett raspa gullerot på samme måten.
Ha røra oppi ei lita langpanne (27*37 cm) med bakepapir i bot
Steik kaka i ovnen på midterste rille på 175 gr i ca 45 min.
Kjenn med ein strikkepinne at den er ferdig.
Legg evt eit bakepapir oppå på slutten, så kaka ikkje blir svidd på toppen.
Avkjøl kaka
Visp samen 125 gr kremost natureal, 60 gr mjuk margarin, 4 dl melis og litt sitronsaft.
Smør kremen utover kaka
Hadde med denne kaka på jobben til fredagskaffien i går, grei kaka og ta med og god på smak.
Kansje eg prøve å ha oppi litt hakka mandla eller solsikkefrø neste gong eg lage den.
Ha ein fin lørdag!

mandag 8. november 2010

Gratulera med dåpsdagen Anne Sofie

I går var eg i barnedåp til denne jenta, min niese er blitt tre månar og eg var fadder i dåpen. Det er ei grei og snill jente, med glimt i auga, så då får det våga seg at eg såg ned.
Borda var pynta med rosa gotteri, lys i ulike fargar og roser.
Bordkorta var muffins, med rosa flagg med navn på. Til middag hadde me smørbrød. Til kaffien var det kaker
marsipankaka
lefser
suksekaka
karamellpudding med fløyte
firkløverkaka og
bløtekaka
Kjekt dåpsselskap og god mat.

torsdag 4. november 2010

Se min kjole...

Se min kjole, den er grå som garne, alt hva jeg eier, det er grått som den...
Fliskjole i flis og mønster fra Stoff og stil.
Dekorert med blonde og hjerter frå samme plass og hals strikka i trå frå Du store alpakka.
Kjolen blei påbegynt i samen med Sylvia, og ferdiggjort med hjelp frå mamma.
Enkel og grei og sy, og skal bli god og varm når gradestokken begynne å krypa ned til andre sida av null.

onsdag 3. november 2010

tirsdag 2. november 2010

Adventskalendera 2010

Her er årets adventskalendera ferdige! ganske tilfeldig at dei er ferdige så tidlig, men det paste greit å fylla opp kofferten med pakkar når eg skulle heim. Og i dag har eg brukt 5 tima på å pakka inn og organisera pakkane. Og her komme årets gaveidea. Vil oppfordra dei som har fått/ trur dei komme til å få adventskalender, til å ikkje lesa vidare. Eg skal gi til fem personar i år, med eit alderspenn frå 6 til 21 år.
Idear (utover det eg har gitt før, som du kan lesa om under kategori jul)
håndkle
skopose (vil bli blogga seinare)
gryteklutar
kjøkkenklut
gløgg med mandlar og rosiner
vitamintabellettar
"gaverkort" på frukost hos meg
lydbok
hobby pakke
lapskaus på boks
Har du noken gode pakke adentskalender idear?

onsdag 27. oktober 2010

I helga har eg hatt besøk av mamma, og då har me åte masse god mat. Her er menyer:
Fredag kveld: Purre suppa
Til to personar trenge du 200 gr kjøttdeig, 1 purre, 1 buljongterning, 8 dl vatn og 100 gr kremost.
Start med å steik kjøttdeigen, ha oppi opphakka purren, vatn og buljong.
Når det nermar seg servering, ha oppi kremosten.
Suppa blir bedre jo lenger den står å trekke.
Lørdag:
Steikte kokebananer og nøttegryte
Start med å skjær opp kokebanana (ca 1.5 per person) i skiver. Steik dei i ca 30 min (eller til dei er mjuke inni) i godt med smør eller olje. Skjær kjøttet (eg bruke flatbiff) i terningar. Steik til bitane har fått steikeskorpe. Ha dei over i ei panna, tilsett opphakka tomater (4 stk til 2 personar), tilsett 1/2 glass pianøtt smør og la det stå og småkoka til banane er ferdige.
Og etter ein sånn middag, trengs ein frisk deser.
Oppskrifta på den finne du her:
På søndagen var det meininga me skulle ha steikt torsk med mandlar og druer som eg har lagt ut oppskrift på tidligare, men når eg kom på Meny, hadde dei berre fisk med bein i, så då blei da:
Posjert laks med fersk pasta og grønn salat. Fisken trakk i ca 15 min, pastaen kokte i 3 min og salaten består av brokkoli, rucola, mandlar, druer, sukkererter og olje og hvitvins dressing.
Og etter ein lett middag, passa det godt med lune brownies med heimelaga daim is og ein kopp kaffi med Malabar monsooned bønner.

I tillegg til å laga og eta all denne gode maten fekk me tid til å høyra på lillesøster mi spela i ein emsamble konkurranse for korps, shoopa, opera og kvilteutstilling.

søndag 17. oktober 2010

Enkel fiskegryte i form og eple deser

2 porsjonar, sett steikeovnen på 200 gr. Kok opp ein pakke med bergensk fiskesuppe, men bruk 1/2 parten av veskemengda som står angitt på pakken. Legg ei torskeblokk på 400-600 gr i ildfast form med litt olje i. Legg frosne grønsaker (brokkoli, blomkål og gullerotblanding feks) rund (ca 1/2 pakke). Ha "suppa" over. Ha ost oppå. Sett det midt i steikeovnen og steik i ca 40 min. Server med kokte poteter.
Deser
Pakk inn epler med kanel, mandlar og solsikkefrø i ein aliminiumsforlie. Steik på 200 gr i ca 25 min. Server lunt sammen med vaniljekesam.

God, enkel og relativt sunn middag.
Har vore litt ute å åte i da sista, og her er noken resturang anbefalinga:
http://www.cafenoahsark.no/ (bla. grilla mat)

onsdag 13. oktober 2010

Fisk med sennep og urter

Testa ut ei ny oppskrift på fisk i går. Ein fin rett, viss du ikkje likar at maten skal smaka fisk. No har eg litt vell ivrig med toppinga, så fekk den ikkje crispy men det var godt.
Start med å få potene på kok. Kok brokkolien i 3 min og avkjøl den litt. Ha sitron og balsamiccoedikk oppå. Sett steikeovnen på 180 gr. Legg porsjonsstykker med kvit fisk i ildfastform med litt olja i botn. Start med å smør sennep oppå fisken. Bland griljermjøl, persille, gressløk, parmesanost, salt og peppar og ha det oppå sennepen og ha det oppå fisken. Steik i 8-10 min, det siste minuttet under grill (for å få sprø skorpe).

Og her, ein enkel og grei borddekorasjonen.

søndag 10. oktober 2010

Julekort

Ja, du ser rett. Her hos meg er da juleetikett og julekort. I Tyskland var julesjokoladen på plass, KK har komt med julemagasin og fleire bloggara har allerede lagt ut juleproduksjon. Og i dag er da 75 dagar til jul. Eg kjøpte ein pakke med materiale til 10 julekort frå Panduro på romjulssalget i fjord. Her er noken av dei:



Da komme nok meir julekort her og i epla butikken min framover.
Men tiltross for at eg har starta julekortproduksjonen er me berre halveis i den andre hausmånen, noko desse sjølvhausta epla er eit bevis på. I helga har eg vore å besøkt ei studievenninde i Sande, og i tillegg til desse fine og gode epla eg skal kosa meg med framover, har eg fråse skrelte eplebåtar som skal nyttast i eplekaker og i smoothie utover hausten. I tillegg til eplehausting, kafebesøk, leking med sånen på 14 mnd, skravling, rakk me eit besøk på Stoff og stil, og med mønster og flisstoff i påsen, blei me nesten ferdig med kvar vår kjole.
Da gjenstår å sy ein saum og stikka hals.

mandag 4. oktober 2010

Tova tøfler

Hadde to nøster Rosendahl 100% ull liggande, og hadde lyst å prøva meg på eit par tova tøfle. Fant oppskrift i boka "Gøy å stikke med tykke pinner".
I følge oppskrifta skulle dette bli størrelse 7-9 år. Det stod ingenting om ka trå ein skulle bruka, så eg prøvde lykken, og dei passa til ein kolega som blei 50 år i sist veka og bruke str 36-37.
Legg opp 48 m på pinne 6. Strikk rillestrikk fram og tilbake (r på begge sider) til arbeidet måle 22 cm. Fell 4 m på kvar side av arbeidet. Fordel maskene likt på 4 pinna. Stikk 12 cm. Fell til tå ved å stikka dei to første maskene på kvar pinne rett samen på kvar omgong til det er 4 masker igjenn (4 fellingar per omgong). Klipp av tråen, trekk den gjennom dei 4 maskene og fest endel. Sy samen åpningen bak på tøffelen og fest alle lause tråar.
Tov på 60 grader med grønnsåpa og 2 hånkler inni vaskemaskinen.
Har noken oppskrift på tova sitteunderlag?