onsdag 22. desember 2010

"Reste" meny

Jul og reisa på juleferie nærmar seg med stormskritt. Eg har hatt eit "bruk opp det du har i kjøleskapet og det som har lugge litt for lenge i frysen" prosjekt dei siste dagane. Og med litt planlegging har eg blitt kvitt ganske masse, men har og åte masse god mat.
Søndag: fiskegryte i ildfastform
Ta ei fiskeblokk (valgfritt slag), ha oppå litt pepar. Bland samen yoghurt naturell, kremost, mais, purre og sukkererter (eller noko anna som har ca like lang steiketid). Ha det over fiskeblokka og steik det i 30 min på 220 gr (lengre dersom fiskeblokka ikkje er tint på forhånd). Server med bygg gryn, ris, pasta eller potet.
Mandag: Hakkebøff, potet, gullerot og heimelaga tyttebærsyltetøy.
Hadde ein boks med hakkebøff, kokte potet og gullerot. Tok opp tyttebær som eg hadde plukka på Hovden i haust, moste dei og hadde på litt sukker og vips ein kjempegod middag syns ialefall egg (ps. "brunsaus" middagar er undervurdert).
Tirsdag: Omellett. Kokte ei ekstra potet på mandag. Hakka opp den, ein halv løk og 3 kyllingpølser frå frysen. Blanda 4 egg, 4 ss melk og pepar og hella over. Skar tomater i skiver og la over og dryssa over oliven (oliven er godt på nesten alt, kan ikkje skjønna koffor eg ikkje har begynt å lika da før no). Steikte i ildfast form i ca 30 min, på 200 gr. Middag i går og lunch i dag.
Torsdag: Gullerotsuppa
Kokte 5 gullerøtter, 1 løk og to buljongterningar i ca 30 min. Brukte stavmiksar for å mosa det. Tilsette litt pepar og basilikum og parmasan på toppen. Eg brukte rødløk, derfor litt gusjen farge. Fekk servert denne suppa som ein av tre rettar på ein middag hos Maria tidligare i haus. Ho serverte med creme fresh, basilikumblad og rista brød, da skal eg og gjera neste gong.

Kjøleskapet er no nesten heilt tomt. Kofferten pakka (og ja, eg fekk plass til alt, hadde bestilt to kolli for å vara føre var), badet vaska og leiligheten støvsugd så no gjenstår da berre ein dag på jobben, så er eg klar for juleferie.

1 kommentar: