mandag 4. oktober 2010

Tova tøfler

Hadde to nøster Rosendahl 100% ull liggande, og hadde lyst å prøva meg på eit par tova tøfle. Fant oppskrift i boka "Gøy å stikke med tykke pinner".
I følge oppskrifta skulle dette bli størrelse 7-9 år. Det stod ingenting om ka trå ein skulle bruka, så eg prøvde lykken, og dei passa til ein kolega som blei 50 år i sist veka og bruke str 36-37.
Legg opp 48 m på pinne 6. Strikk rillestrikk fram og tilbake (r på begge sider) til arbeidet måle 22 cm. Fell 4 m på kvar side av arbeidet. Fordel maskene likt på 4 pinna. Stikk 12 cm. Fell til tå ved å stikka dei to første maskene på kvar pinne rett samen på kvar omgong til det er 4 masker igjenn (4 fellingar per omgong). Klipp av tråen, trekk den gjennom dei 4 maskene og fest endel. Sy samen åpningen bak på tøffelen og fest alle lause tråar.
Tov på 60 grader med grønnsåpa og 2 hånkler inni vaskemaskinen.
Har noken oppskrift på tova sitteunderlag?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar