tirsdag 6. oktober 2009

Firkløver kaka

Nam, bestemor si firkløverkaka. Denne laga hu til meg når eg var på Bømlo og feira 25 års dagen min for nokre veke sida. Trenge du ei kaka som både små og store munna like, er denne perfekt. Her er oppskrifta, 24 cm form.

125 gr smør
1 plata dronning sjokolade
5 egg
250 gr sukker
125 gr mjøl
1 ts bakepulver

Pisk egg og sukker til eggedosis.
Smelt sjokoladen og smøret.
Ha de "tørre" oppi eggedosisen, og tilsett den smelta massen.

Steik kaka på 175 gr i 45 min

Fyll
2 kp melis
1 kp fløyte
1/2 kopp meierismør
200 gr firkløver

Kok opp melisen og fløyten og rør inn dei andre ingrediensane, rør/vent til fylle har fått passe tjukkelse.

Bestemor mi seie at ein kan ikke koka suppa på ein spiker, og med å lesa ingrediensane her, skjønne ein det blir godt, for her er det lite "spiker".

4 kommentarer:

  1. Der fekk du fram gode minner.... svigermor hadde alltid ei firkløverkake på lur, og den var så saftig og god.
    Ha ein fin dag.

    SvarSlett
  2. Mmmm...du må gjerne komme hit igjen og lage sjokoladekake:) Hehe! Håper du har kommet deg litt mer til rette i den nye leiligheta. Hadde vært moro og sett bilder derifra...

    SvarSlett
  3. Hvor mye er en kp/kopp?

    SvarSlett
  4. Ein kopp er ikkje ett krus, men ein litt stor kopp som høyretil kaffiservise. Du finne oppskrifta på fyllet i andre måleenheta her: http://oddbfurre.blogspot.com/2010/02/kofa-kaka.html

    Lykke til:)

    SvarSlett