onsdag 6. januar 2010

Vottar og hals

Eg har lenge hatt lyst å læra meg å strikka votta, eller rettare sakt, læra meg å strikke fleire overkommelige og nyttige ting. Men problemet er at eg er veldig dårlig å lesa oppskrift. Men eg starta, tok med meg oppskrift og strikketøyet og gjekk til Liv, og hu hjelpte meg med resten, og når eg hadde strikka ein, gjekk det greit å strikka den andre. Oppskrifta fant eg i boka Gøy å strikke med tykke pinner av Gunn Birgirsdottir. Der er det masse fint, som eg vil prøva å laga. Og kansje eg ein dag kan læra meg å strikka selbuvotta, det går jo aldri av mote, og hadde vore kjekt å kunna. Eg brukte litt over ett nøste Oda trå frå Trysilgarn på vottane, og resten brukte eg til ein hals (sånn som så mange har laga). Strikk fram og tilbake og sy den skeivt samen.
Og korleis helde eg varmen på hendene i kulden? noken gamle selbuvotta som er godt brukte i all slags vær at dei er blitt tova, det einaste som fungere. Når eg stod opp i dag var det -18 i 4 etasje. Dei har hatt store problem med oppvarminga på jobb etter nyttår, men no er det bra. Så etter lang dag med overtidsobbing, var det nesten som eg ikkje ville gå ut. Men eg gjekk, åt middag, og no har eg trent pilates. Tven står på, strikketøy og pcen er framme så no er det berre å slappa av fram til senga frista. Det tok to dagar før eg fekk de godt og varmt i leiligheten, men no er det bra. Eg fekk fleire ulike typar te til jul, og det er godt, varmar ein opp innvendig, og tenka litt på dei eg har fått det av.

Var ikkje desse søte? sokkar i str 1/2 år (ca 11 cm i foten). Eg strikka desse til Even til jul. Strikka ein sokk på ein kveld, synd at så få av dei eg strikka til, har så liten fot. Men det er noken, og fleire blir det nok framover.
Har du ein kuldehistorie, eller triks mot kulden? Hadde vore kjekt å lesa i kommentarfeltet.
Ha ein forsatt fin kveld, og kle deg godt når du skal ut.

1 kommentar:

  1. ditta hørres bra og kaldt ut! Viss du vil gleda deg sjøl anbefale eg den nye SNOW PATROl cd'en UP TO NOOW! Den e veldi bra:D idag har eg vore ute å passt.. da va kaldt.No e da -8-9'c så da sikkert -6 når eg va ute... stakkar sam frøys sånn... no ska eg gå å legga meg:)

    Go natt, kjempe gla i deg<3

    Ingeborg:D

    SvarSlett