lørdag 7. mai 2011

Smikker

Etter å følt med på bloggen hobbyrommet og sett alle dei fine smikkene hu har laga og som du kan sjå her: http://kreakris.wordpress.com/category/hobbyprat/s%c3%b8m/smekker/ har eg tenktat dette må eg og læra meg. Kan gjerast enkelt og er ein nyttig ting å få for dei søte små. Som sakt som gjort, starta med å tegna av ei smikka til ein av niesene mine. Og her gjorde eg første feilen, eg bretta ikkje oppskrifta for å sjå at da blei symetrisk. Når eg skulle laga smikker med for, blei dette heilt feil, og eg måtte kløppa vekk ein del for å få kantane til å gå kant i kant. Men da kan jo vara nyttig med små smikker og..:) Nest steg var å klippa ut vatt til å ha inni smikkene (klipte ut lika stort som smikkene). Eg sydde saumar på skrå på grisesmikka og gjennom blomstrane på den lilla, for at vatten skulle holda seg på plass. Og sjøl om eg brukte masse knappanåler, var ikkje dei tre laga kant i kant når eg var ferdig, så eg måtte klippa litt til.


No gjenstod skråbanda, men då viste da seg at da var ganske vanskeli å sy skråband på ei smikke så hadde så store "svingar". Grisesmikka var førsteman ut, og etter denne klippa eg litt meir av den blomstrete oppe, for at det skulle bli både lettare og finare.







Egentlig burde dette innlegget vore skreve i me eller mamma form. For desse smikkene blei til ein søndag hu var hos meg. Eg hadde kløpt ut, men bortsett for da og sy noken saumar for å festa vatten, var det mamma som gjorde resten. Grunnen til at da blei slik, var for da førsta at eg var i dårlig form denne dagen og orka nesten ikkje sitta oppreist på ein stol, og at mamma er veldig flink å sy. Takk for hjelpa og god opplæring!




Og etter god opplæring og at helsa heldigvis sakte,sakte begynne å gå rette veien, komme da nok meir smikker om ikkje så veldig lenge.




Ha ein fin søndag!

2 kommentarer:

  1. Takk for da!!!
    Og me fann vel ut i fellesskap at det greiaste er å vattera eit stoffstykke ferdig (på str. med ferdig smikke) og klippa ut etter mønster etterpå; då slepp ein justering av kantar som kjem i ulag.
    Kjempekoselige smikker!!!
    Ha ein fin søndag; - - - - eg er i den digitale verda for tida og har masse arbeid der.

    SvarSlett
  2. Takk for fin omtale! Så kjekt at eg kan inspirere. Fine smekker de har laga du og mor di :) Ein del meir forseggjort enn mine smekker vil eg påstå. Eg er ikkje så god ven med skråbandet, så det meste blir vrengsydd her i huset. Men det ser ut som de fekk dreisen på det! Lykke til med vidare produksjon ;)

    SvarSlett