lørdag 17. desember 2011

Bakte poteter, tomater og squash

I går hadde me koselig besøk av fetteren min og kjæreste. Alle lysa i julepynten blei tent, ny oppskrift prøva ut og julekakene kom på bordet. Bakt potet, tomat og squash med texmex fyll

Til fire personar starter du med å bake 6 store poteter (1 time på 225 gr). Del potene og det andre du skal fylle i to og ta ut massen (ei skål til kvar masse), squashen i 4 og middels tomater ta av på toppen så du får ut massen. Rens og finhakk 4 fekk kvitløk og ein stor løk. Skjær ein grønn og ein rød paprika i terningar. Ta ut frøa av 2 chiliar og finhakk (eller bruk kvitløkspressa) på den. Brun 800 gr karbonadedeig og tilsett løken og la det surre. Ha i 4 ss hakka frik persille, paprikaen og chili. Bland inn 4 ss tomatpøre og 2 dl vatn. Smak til med salt og pepper. Småkok til passen har fått ein fyldig konsitens.


Blad kjøttfyllet forholdsmessig i dei ulike skålene. Fyll opp potetene, tomatene og squashen og ha ost oppå. Bak i ivnen i 15 minutt på 180 grader


Dette smaka veldig godt, men var litt "dill" og laga. Men med god hjelp av "kjøkkenassistenten" brukte me ca ein time + steiking. Potetene blei litt "tørre", og det tar ganske lant tid og bake, så kansje det blir fylte grønsaker med evt litt ris oppi kjøttfyllet neste gong me skal laga dette.

Til deser kom dei 4 slaga eg har baka på bordet (kromkaker, sirupssnippar, berits brune pinnar og kokkosmakroner). NB kokosmakroner er glutenfrie!:) I tillegg fekk litt mini toblerone og Lakrids av Johan Bulow plass på bordet. Sistnevne er ein opplevelse:)


Sjå alt det goda me fekk i julepresang frå jobben i går!:)


Vil ønska dåke alle ei fin siste helg i advent helg!

Tru da eller ei, dei 3 første kubbelysa i adventsstaken er nesten brunne ned hos meg:)

1 kommentar:

  1. Maten såg deilig ut, men eg kan tru at det var litt dill, ja.
    Og julebaksten såg også fin ut.
    Bra du har piff til å be besøk; kjekt for dei som blir bedne.

    SvarSlett