torsdag 1. desember 2011

Trillefrie rundstykker

Heima hos meg er det blitt jul no. Her er noken av englane som har fått plass i vinduskarmen. Nissane passar på julepakkane og pakkeadventskalenderen frå tante eg koser meg med.


Og så mine favoritt rundstykker for øyeblikket. Iallefall i forhold til tilberedning. Kan passa godt som ein variasjon til julekakene. Dei er flate og som du ser har eg måtta skjære dei frå kvarandre. Kansje dei blir litt høgare om ein har oppi meir mjøl, men praktisk å ha pålegg på, når dei er så flate.
Du trenge 4 dl kveitemjøl, 11 dl grovbakst, 2 dl solsikkekjerne, 1 dl linfrø, 1 pk tørgjer, 1 ts salt, 1/2 l lettmelk, 1/2 liter vatn og 3 ss olje.

Bland alt det tørre, tilsett lunka veske og rør det samen med ei sleiv (skal vara laus, litt klissete deig). Hev i 45 minutt. Form rundstykker med vatn på hendene, legg dei på steikebrett med bakepapir (eg fekk 12 stk). Etterhev i 20 minutt. Steik på 200 grader i 15-20 minutt (skal vara gylne).

Smake veldig godt med kyllingskine og sukkererter eller senep, agurk og fiskekaker.

2 kommentarer:

  1. yum yum. Spar brød til meg også.

    Fine engler!

    SvarSlett
  2. Da er fleire i frysen:) og lar seg lett gjera å laga nye:)

    SvarSlett