mandag 2. april 2012

Vinhøna

Eg har lenge hatt lyst å strikka ei vinhøna, og etter at min kjære har fått god hjelp til både oppussing og vasking, var det ein fin "takk for hjelpa" gave.
Eg strikka, tova, pynta med knappa osv og kjøpte vin. Alt såg bra ut, heilt til eg åpna ein 2 liters vinkartong og såg at tuten var i eien sida (kansje den pleie å vara det?) og skjønte at dette ikkje ville gå bra, og det ser du på bilde over, den blei veldig skakk. Og med vin inni, ville det fort bli både søl og etter kvart som innholdet forsvant, ville det snart bli ei kolapsa høne.
Eg gjekk til innkjøp av watt, putta det inni høna og putta vinen inni kartongen igjenn.
Og med ett kan ein kosa seg med vin og utvide påskepynten med ei høna.

Oppskrifta har eg funne i Sandnes garn tema 23. Veit oppskrifta fins på ark og. Eg har strikka i pt2 garn. Takka være veldig dårlig utvalg av fargar og dårlig hjelp i forhold til kor masse trå eg trengte, brukte eg berre 1/3 av det eg blei anbefalt å kjøpa, så det blir meir påskepynt her framover. Men "ingen ting er for vondt, til at det ikkje er godt for noko", iallefall i dette tilfellet.

Ha ein fin påske!

1 kommentar:

  1. Hei!!
    For en kjempefin høne :) Likte godt fargekombinasjon :)
    Du får pynte ekstra til neste påske ;)

    GOD PÅSKE!!

    Klem Anette

    SvarSlett